Ed Brown (t.v.) blei presentert for representantskapet av styreleiar Gunnar Dehli. Brown startar som generalsekretær 1. august.

Ed Brown (t.v.) blei presentert for representantskapet av styreleiar Gunnar Dehli. Brown startar som generalsekretær 1. august.  


– Vi er glad for å kunne presentera den nye generalsekretæren for repreentantskapet. Og vi er glad for at den nye generalsekretæren kan «vera på» frå dag éin. Han kjenner organisasjonen, sa styreleiar Gunnar Dehli.

Stefanusalliansen fekk også oppdaterte vedtekter som erstattar statuttane frå 1983. Dei nye vedtektene er mellom anna tydelegare på rollefordelinga mellom ledda i organisasjonen. Vedtektene har også fått ei språkleg oppdatering av formålet.

Attval

Karin Riska blei attvald som leiar og Reidulf Stige som nestleiar i representantskapet. Hans Olav Syversen, tidlegare parlamentarisk leiar for KrF, og førskulelærar Borghild Hukkelberg er nye medlemmar av representantskapet. Oddbjørg Aasen Bjørdal, Marie Fostervold  og Henning Vik, som hadde  avslutta ein treårsperiode,, vart attvalde.

Eli Minde som har vore med i representantskapet i ni år og difor ikkje kunne veljast fleire gonger, blei varmt takka for innsatsen.

Jorunn Hallaråker (37), politisk rådgjevar i KrFs stortingsgruppe, blei vald som nytt styremedlem. Ragnar Sagdahl (47) vart vald til ei ny periode på tre år.

Resten av styret og representantskapet  stod ikkje på val.

Styret består fra 1. juni av desse: Gunnar Dehli, Jan Gossner, Jorunn hallaråker, Bente Pladsen, Ragnar Sagdahl og Johannes Morken (vald av dei tilsette). 1. varamedlem: Trond Pladsen, 2. varamedlem: Ingun Yri Øystese. Styret konstituerer seg i første styremøte.

Stefanusalliansen hadde i 2017 eit underskot på kring 3,3 millionar kroner. Dette blei dekt med avsette midlar. I ein periode har styret ønst å redusere fondsavsetjingar ved å ha drift med underskot. Organisasjonen er samstundes inn i ein prosess for å gå utan årlege underskot.

  • Du kan lesa dei nye vedtektene her
  • Du kan sjå alle medlemmane av styret og representantskapet her
  • Les styrets orientering om verksemda i 2017, rekneskapen og revisjonsberetninga her

(Artikkelen held fram under biletet)

Frå venste: Konstituert generalsekretær Hilde Skaar Vollebæk, styreleiar Gunnar Dehli og leiar i representantskapet, Karin Riska.

Formålet
Her kan du lesa det språkleg oppdaterte formålet for arbeidet til Stefanusalliansen
«1. Under mottoet «sammen for de forfulgte» hjelper og støtter Stefanusalliansen mennesker som undertrykkes for sin tro, med særlig vekt på kristne i land der trosfriheten krenkes.

2. Stefanusalliansen ser kampen for trosfrihet for alle som et kristent ansvar. Vi arbeider for økt respekt for og etterlevelse av retten til å ha en tro, skifte tro og utøve sin tro.

3. Ut fra Bibelens misjonsbefaling bidrar Stefanusalliansen til å formidle evangeliet i ord og handling i land der trosfriheten begrenses.

4. Stefanusalliansen setter trosfrihet på dagsorden. Vi utfordrer og mobiliserer myndigheter og sivilsamfunn til engasjement og handling.

5. Stefanusalliansen utfordrer og inspirerer enkeltmennesker, menigheter og grupper til forbønn, støtte og aktivisme for de som undertrykkes for sin tro.

6. Stefanusalliansen skaper fellesskap mellom kristne i Norge og kristne som forfølges og diskrimineres, til enhet og gjensidig berikelse av troslivet.»

 

Eli Minde (t.v.) blei takka for ni engasjerte år i representantskapet. Ditte Marie Fostervold vart vald til nye tre år.

AKTUELT