Huskyrkje i Kina.

Huskyrkje i Kina.  


Vårt Land 16. april spår Elisabeth Tveito Johnsen at når norske kyrkjelydar vil bli meir digitale etter koronakrisa, vil bodskapen bli prega av liberale verdiar som gir «likes» på Facebook. Det er nok for tidleg å dra konklusjonar. Lat oss mellom to kyrkjelege høgtider tenkja over kva unntakstilstanden inviterer oss til både å vera og å formidla som kristne.

For kristne verda over kom det som eit sjokk at dei brått stod utan eit kyrkjebygg å invitera til. At kinesiske kristne både i januar og februar levde under portforbod og koronastengde byar, gjekk ikkje opp for oss.

Så small det
I bloggen ChinaSource fortel Brent Fulton om eit lokalt kyrkjeleg møte ein stad i USA. Dei såg eit nettintervju med ein pastor frå Wuhan, den kinesiske storbyen som var episenteret for koronaviruset. Wuhan-pastoren fortalde om portforbodet og om gudstenester, forbøn og undervisning på internett, i sosiale medium og ulike appar. Kreativt jakta dei på måtar å nå ut med evangeliet på. Wuhan-pastoren spurte: «Kva om di kyrkje brått måtte bli nettbasert?» Møtefolket i USA byrja straks å be – for truande i Kina.

Men så small det altså like etter, i land etter land. Læringskurva også for mange norske kyrkjefolk var bratt, sjølv om fleire var betre budde enn andre. Over natta måtte norske prestar og andre gjera det same som Kinas kristne hadde gjort i månader. Mykje godt kom ut av dette digitalt i faste- og påsketida, mykje må enno lærast. Om få veker er det pinse i krisetilstand.

Vestens kristne ikkje i førarsetet
Kristne og kyrkjer verda over sit i same båt. Telefonen er viktig, men dei digitale kanalane er dei einaste til å nå breitt ut. Og det har vi globalt felles så det gjer vondt: alle kjenner uro. Sjølv vi som har milliardar å kvila på, er vi ikkje fritekne. Difor er dette ei tid for å kjenna ekstra på fellesskapet med kristne som til vanleg har langt tøffare vilkår enn våre.

Kinesiske kristne veit ikkje berre kva det er å ha gudstenester på nettet. Dei veit kva uro er – under hardt politisk press og trusselen frå eit virus. Vi har lett for å tenkja at kinesiske kyrkjer treng vår hjelp. Men no har vi ingen grunn til å kjenna oss i førarsetet. Kan vi ta til oss frimod og ekte kinesisk glede over Bibelen? Kan dette få prega det norske kyrkjelydar sender ut på internett?

No er vi også i huskyrkjer
Digitalt formidla gudstenester har samla familiar i mange heimar. Det er ein verdi for familien. Men i mange land må kristne til dagleg leva i huskyrkjer, enten fordi dei ikkje har noko kyrkjebygg, eller fordi dei ikkje har lov til eit offentleg trusliv. Brått har vi fått ein sjanse til å erfara litt av dette.

Stefanusalliansen har eit opplegg som vi kallar: «Lag hemmeleg gudsteneste.» Barnegrupper og familiar får hjelp til å leva seg inn i kristenlivet i til dømes kinesiske eller iranske huskyrkjer. Pastorar og prestar kan gjerne minna om livet for truande i land som Iran og Kina når dei brukar YouTube og Facebook til å formidla kristen tru til lokale «huskyrkjer».

Tid for klage
Somme kristne leitar for tida gjennom Det gamle testamentet for å finna døme på at pest er Guds straff, og dei vil så gjerne forkynna dette. Men heller enn å jaga etter raske guddommelege svar når pesten herjar, er dette kanskje ei tid for å henta fram den bibelske tradisjonen for klage. Klage er når folk ropar «Kvifor?» og ikkje får noko svar, skriv teologen N. T. Wright i ein artikkel i magasinet Time. Klage er når vi løftar oss frå den sjølvsentrerte uroa vår til å sjå på lidinga i verda. Det er ille å sjå pandemiens herjingar i Italia og New York, men endå verre å tenkja på kor brutalt den kan slå til i ein flyktningleir.

Og dersom det skulle vera slik at liding er straff, kva skal vi då seia til Pakistans underkua kristne eller kristne i Kinas forfølgde kyrkjer?

Lat oss heller løfta fram den bibelske klagen. Her kan vi gripa til Salmane. «Ver meg nådig, Herre, for eg er kraftlaus. Læk meg, Herre, kroppen skjelv av redsle, mi sjel er gripen av frykt. Herre, kor lenge?» heiter det i Salme 6. «Vil du gløyma meg for alltid?» heiter det i Salme 13.

Einskap i Kristus
Klage er ikkje berre ein måte å få ut sinne og frustrasjon på. N. T. Wright minner oss også på at Den heilage ande klagar saman med oss. Sjølv i isolasjon kan vi bli små skrin der Guds nærvær og kjærleik kan få bu. Ut frå dette kan det dukka opp nye måtar å elska på, ny vitskapleg kunnskap, nytt håp og kanskje til og med ny visdom for leiarar.

Pandemien viser oss på ein handgripeleg måte kor tett verda er kopla saman, skriv Brent Fulton. Virus kryssar grenser like fort som varer og menneske. Det faktum at heile verda no er truga, er ein unik sjanse til ikkje å bli verande i isolasjon, men til å visa at vi som kristne er eitt. Det bør norske «huskyrkjer» bli minna på mellom anna når det vert kalla til ofring på Vipps.

Å nå ut langt ut på Facebook er viktig. Men «likes» kan vera like flyktig som vind. Som kristne skal vi ikkje jaga verken etter vind eller guddommelege svar på pesten. Vi skal søkja kjærleik og einskap i Kristus.

FØRST PUBLISERT SOM KRONIKK I VÅRT LAND 23.4.2020

AKTUELT

PROSJEKT