12 000 torturerte og drepne kviler over minnet til tortursjefen
«Kamerat Duch» var tortursjef i eit regime som slo ihel alle som ikkje trudde på Makta under folkemordet i Kambodsja. Sist veke ebba livet hans ut.

Kranie etter torturerte og drepne på «dødsmarkene» i Choung Eek utanfor Phnom Penh, hovudstaden i Kambodsja.
Mellom 1,7 og 2,2 millionar kambodsjanarar mista livet ved drap, svolt eller brutalt tvangsarbeid under terrorstyret til kommunistgeriljaen Raude Khmer frå 1975 til 1979. Folket i byane vart jaga ut på landsbygda for å arbeida. Dei med utdanning vart drepne.
Det var «År null». Ei ny tidsrekning skulle starta. Eit kommunistisk «idealsamfunn» skulle byggjast – på død og tvangsarbeid.
Raude Khmer kalla statsmakta si for Angkar – «Organisasjonen». Inspirert av Angkar-kongane frå stordomstida til khmerfolket frå 1100-talet, vart Angkar gjort til guddom. Religion og pengar blei avskaffa. Folk med utdanning og andre farlege «avvik» vart drepne.
«Frigjering»
Raude Khmer-geriljaen hadde fått styrke ute i jungelen før dei rykte inn i hovudstaden Phnom Penh 17. april 1975. Styrken kom av kampen dei svartkledde krigarane hadde ført mot eit korrupt og USA-støtta generalstyre og mot amerikansk teppebombing av landet under Vietnamkrigen.
Men det som det «frigjorde» folket i Phnom Penh ikkje visste, var at eit grufullt terrorstyre alt hadde starta ute i jungelen. No var komen komen til folket i byane. Dei vart tvinga gåande ut på landsbygda for å dyrka ris.
Men risavlingane blei ikkje dobla, slik den kommunistiske skrivebordsteorien forkynte. «Alle skulle vera like», heitte det i propagandaen. Men Raude Khmer-krigarane fekk forsyna seg grovt medan folk svalt ihel eller blei slegne ihel under slagord som dette: «Dersom du ikkje arbeider hardt nok, vil Angkar gjere deg til gjødsel for rismarkene.»
Sitatet har eg frå boka «The Elimination» («Utryddinga») av Rithy Panh. Han overlevde tvangsarbeidet. Men mor, far, søstrene og resten av familien strauk med i tyranniet.
«Dersom du ikkje arbeider hardt nok, vil Angkar gjere deg til gjødsel for rismarkene.»
Fall mora i ryggen
I boka fortel Rithy Panh om ein ni år gamal gut som var fordriven til tvangsarbeid, svolt og død på landsbygda saman med mor si.
Mora vart ein dag teken i å plukka mango til barna sine, utan lov frå Angkar. Niåringen gjekk laus på mora under morgonappellen: «Du er ein fiende av folket! Du har stole mango som høyrer til Angkar. Oppførselen din er borgarleg og skamfull. Du er ein forrædar. Du må straffast av samfunnet.»
Mora tok «sjølvkritikk» for å ha svike revolusjonen. Forfattaren såg henne ikkje etterpå.
I «idealsamfunnet» var niåringar tyranniserte til å falla mødrene i ryggen. Med døden som følgje.
Sjølv hadde Rithy Panh vore med på å gravleggja mange bak ein buddhistisk pagode. Han skriv korleis han fleire tiår etterpå framleis vert heimsøkt av den dumpe lyden når eitt lik slår mot eit anna.

Ei torturseng i tortursenteret i Phnom Penh.
Konfronterte tortursjefen
Ein av dei brutale tenarane for denne revolusjonen var Kaing Guek Eav, kalla «kamerat Duch». Han var leiaren for tortursenteret Tuol Sleng i hovudstaden Phnom Penh. Fengselet som hadde vore ein skule, fekk kodenamnet S-21. Hit kom lastebil på lastebil med mistenkte forrædarar. Lagnaden deira var klar alt før dei kom. Her skulle dei pinast. Berre 12 menneske kom levande frå S-21.
I cellene ser vi over 40 år gamle blodmerke. Offera stirer ned frå veggane. Utstilt torturutstyr fortel om skrekken. Tuol Sleng var «ingenting anna enn tortur og død», skriv Rithy Panh.
Minst 17 000 vart her inne torturerte og pinte til dei hadde «tilstått». Då venta ein ny lastebil som tok dei til «Dødsmarkene» i Choueng Ek, ei mils veg sør for byen. På ein gamal gravplass i ein skog oppretta Raude Khmer ein av kring 20 0000 «drapsmarker».
Her ute på Choung Eek er hovudskallar utstilte, og her er det djupe hol etter massegraver. Her er treet der Raude Khmer-folk drap barn ved å slenga dei mot stammen. «Frigjerarane» ville gardera seg mot at avkom skulle hemna torturerte og drepne foreldre.
Høg musikk frå høgtalarar oppe i eit tre skulle overdøyva skrika frå dei torturerte og døyande.
«Frigjerarane» ville gardera seg mot at avkom skulle hemna torturerte og drepne foreldre.
Prøvde å lura seg unna
Rithy Panh, som er ein kjend filmskapar, skreiv boka «The Elimination» etter å ha intervjua og filma «kamerat Duch» i fengselet, medan tortursjefen venta på rettssak og straff.
«Kamerat Duch» konverterte etter folkemordet til kristendommen og arbeidde i nokre år i ein evangelisk hjelpeorganisasjon. Han løynde seg, under nytt namn.
Men i 1999 klarte ikkje «kamerat Duch» å la vera å introdusera seg for ein irsk journalist i ein landsby vest i landet. Journalisten hadde i årevis, viste det seg, hatt biletet av tortursjefen i lomma. Då tortursjefen blei avslørt, melde «kamerat Duch» seg og blei stilt til ansvar.
I 2010 vart han av eit FN-støtta krigsforbrytartribunal dømt til 35 års fengsel, med utsikt til å måtta sona berre i 19 år. Etter anke vart dommen i 2012 omgjort til livsvarig fengsel.
I rettssaka vedgjekk «kamerat Duch» ansvaret for meir enn 12.700 dødsfall i torturriket sitt. «Duch» bad om orsaking, men han avviste at han sjølv var delaktig i drapa. Kommandanten hevda også at han berre følgde ordre, som ein som var langt nede i hierarkiet i Raude Khmer.

I Choung Eek vart barn av drepne ved å bli slengde mot dette treet. Dei skulle aldri få vitna om kva som hende med foreldra deira,
Tortur, drap og latter
I boka «The Elimination» blir tortursjefen konfrontert. Der framstiller «kamerat Duch» seg som eit terrorisert offer for eit system der alternativet var at han sjølv vart drepen. «Ville du klart deg betre?» spør «kamerat Duch». Rithy Panh skriv at tortursjefen prøvde «å snakka forfattaren over til sitt lag».
«Døden er med meg natt og dag», seier den fengsla kommandanten i boka. «Døden er med meg også, men vi er ikkje på same lag», svarar Rithy Panh som sjølv var berre ei hårsbreidd frå døden på landsbygda: «Torturisten og drapsmannen kan leggja ned macheten. Offeret er aldri fritt.»
Då forfattaren viste «kamerat Duch» eit bilete der kommandanten snakka i ein mikrofon, utbraut den fengsla: «Sjå på andletet mitt. Det er ikkje eit trist andlet, det er andletet til ein som ivrig forklarar essensen i språket sitt. Eit språk for drap.»
«Duch» lo fleire gonger under intervjua. Han lo då han fortalde at han ikkje visste at fangar fekk elektrosjokk medan dei låg fastspente på metallsenger i tortursenteret som han sjølv var sjef for.
Mellom latteren var «Duch» klar: «Mr. Rithy, Raude Khmer handla berre om utrydding. Menneskerettar fanst ikkje.»
I torturfengselet hans i Phnom Penh vart levande menneske tappa tomme for blod til Raude Khmer-krigarane.
Han lo då han fortalde at han ikkje visste at fangar fekk elektrosjokk medan dei låg fastspente på metallsenger i tortursenteret som han sjølv var sjef for.
Døden og minnet
«Kamerat Duch» vart sjølv innhenta av fortida. Sist veke ebba livet til den lungesjuke tortursjefen ut på eit sjukehus.
«Kamerat Duch» vedkjende seg heldigvis skuld og ansvar for at over 12 000 brutalt drepne frå folkemordet kviler tungt over minnet hans.
Teksten er skriven etter eit besøk i tortursenteret Tuol Sleng og på «dødsmarka» Choueng Ek utanfor Phnom Penh i 2019. Først publisert i Vårt Land 8. september 2020.