Taliban-krigarar marsjerer i Kabul.

Taliban-krigarar marsjerer i Kabul.  


Frykta svært mange i Afghanistan har for Taliban skuldast ikkje minst den brutale politikken då dei styrte landet frå 1996 til 2001. Kvinner vart tvinga inn i burka og nekta utdanning. Tjuvar kunne få hendene kutta av. «Vantruande» vart avretta. 

Etter at Taliban på 11 dagar jaga det gamle regimet, feia inn i Kabul og overtok presidentpalasset, har dei sendt forsonande signal om kvinnene sin plass og om forholdet til folk som arbeidde for det gamle regimet. Kva dei faktisk kjem til å gjera i praksis, veit vi ikkje. Det må dei visa. 

Men religiøse minoritetar lever uansett i frykt. Det gjeld både sikhar og sjia-muslimar. 

Konvertittar
I Afghanistan finn vi også ein liten minoritet av kristne. Ingen veit kor mange dei er. Det einaste anerkjente kyrkjebygget er eit katolsk kapell i den italienske ambassaden. 

Fleire av Stefanusalliansens partnarar har arbeid som også inneber å hjelpa nokre frå den vesle, modige minoriteten av konvertitt-kristne. Desse møtest i djup løyndom i huskyrkjer, og veit dei kan risikera livet. 

Konvertittane har svært ofte sjia-bakgrunn, mellom anna frå folkegruppa hazaraene. Andre er tadsjikar eller usbekarar. 

Falske historier
Nær sagt ingen er frå den dominerande folkegruppa pashtunarane, frå sunni-bakgrunn. På nettet og i sosiale media er det spreidd historier om at Taliban henrettar kristne og går frå dør til dør for å drepa. Slike historier går Johannes Morken i Stefanusalliansen ut mot.

– Kristne organisasjonar med eit aktivt og langvarig arbeid mot Afghanistan, seier at dei ikkje har fått nokon rapportar om at kristne er drepne for trua si etter at Taliban overtok. Det verserer historier som ikkje er dokumenterte om avrettingar og om dør til dør-aksjonar for å drepa kristne. Dette er udokumenterte nyhende som vert spreidde med ein agenda, mellom anna å samla inn pengar. Organisasjonane får mange rapportar frå kristne som er redde, som er desperate etter forbøn og hjelp til å koma ut.  Kristne i Afghanistan har all grunn til å vera redde, men vi skal ikkje av den grunn gjera rykte om til fakta. Vi skal stå med dei, ikkje minst i forbøn. Vi veit heller ikkje om det er stille før stormen, seier redaktør Johannes Morken i Stefanusalliansen.

I frykt førebur kristne seg:

– Fleire kjelder vi har snakka med og som har kontaktar inn i til undergrunnskyrkjer i Afghanistan, fortel at kristne brenn bøker og anna kristent materiell slik at Taliban ikkje skal finna det dersom dei står på døra, seier Morken.

 

Fleire kjelder vi har snakka med og som har kontaktar inn i til undergrunnskyrkjer i Afghanistan, fortel at kristne brenn bøker og anna kristent materiell

Johannes Morken 

 

Pars Theological Centre, med base i England, utrustar leiarar frå undergrunnskyrkjer i Iran og iranske kyrkjer utanfor landet. Blant sine 540 studentar har dei for tid også tre studentar frå Afghanistan og nokre afghanske studentar utanfor landet. 
I helga melde ein av studentane seg frå Kabul. Han ringte og la igjen ein beskjed på telefonsvararen til ein av dei tilsette i Pars. Studenten ortalde at Kabul er i kaos. Fordi han er frå hazarafolket og dessutan er kristen, er han redd.

– Han ber om forbøn, seier pastor «Ron». Studenten er av hazarafolket som er ei folkegruppe som øever i redsle for Taliban med base i den dominerande folkegruppa pashtun.

– Vi vågar ikkje ta kontakt med han eller med dei andre studentane inne i Afghanistan no, fordi det kan vera farleg for dei dersom vi ringer frå England. Dei kan vera overvaka, seier pastor «Ron».

Bli med i bøn
Pars Theological Centre oppmodar til bøn for landet, for kvinnene i Afghanistan og for dei som er eller har vore studentar hos Pars.

– Be for våre studentar i Afghanistan. Be om at Gud vil skjula desse undergrunnskyrkjene for Taliban. Kristne som har konvertert frå islam, risikerer livet dersom Taliban finn dei. 

- Be Gud gje vern for familiane til studentane våre. Mange av våre afghanske studentar er urolege for tryggleiken til foreldra. 

– Be også for dei mange afghanske kvinnene som no opplever at tryggleiken deira og retten til utdanning er truga. Be om at dei må vera trygge. 

– Be om fred i Afghanistan og at Taliban skal oppleve Kristi lys. 

  LES OM KRISTNE I AFGHANISTAN PÅ WIKIPEDIA

AKTUELT