‘Det einaste håpet vi kanskje har, er at du fortel historia vår’
Stephan Masih (t.v.), broren Francis og nevøane Daoud og Hamraz lever trongt på 20 kvadratmeter som flyktningar ingen vil ha.
I over tre år sat bipolare Stephan Masih i pakistansk fengsel på grunnlause skuldingar om blasfemi. Like lenge har han vore på flukt i Thailand.
– Vi flykta for å berga livet, fortel broren Francis (50). Magasinet Stefanus møter delar av ein skadeskoten familie som papirlause flyktningar i Thailands hovudstad.
Stephan, Francis og to søner av Francis – Hamraz og og Daoud – deler eit rom med ei seng, ei madrass, eit kjøleskåp, nokre kasserollar og kanner med vatn og litt mat.
Fram til sist haust måtte Hamraz (22) og Daud (18) sova rett på flisgolvet. Sist haust skaffa huseigaren dei to ei madrass.
Dei kom til Thailand på turistvisum. Etter at dei 60 dagane var gått, har dei ikkje hatt gyldige papir. Stephan held senga det meste av tida, svekka av sjukdom, traume og medisinar. Dei einaste gongane den psykisk sjuke er ute av rommet, er når han reiser til det einaste Bangkok-sjukehuset som behandlar papirlause.
«Vi er redde»
Rådet frå legen om at han må ut i frisk luft og sosial aktivitet, i eit trygt miljø, vågar dei ikkje å følgja.
– Vi er redde. Stadig høyrer vi om flyktningar som blir arresterte og sende til immigrasjonssenter. Stephan spør om han framleis er i fengsel, fortel Hamraz.
Nokre av offera for den pakistanske blasfemilova er psykisk sjuke som risikerer å bli drepne.
Tidleg i 2019 bad Francis muslimske naboar halda seg unna huset deira. Naboane hadde lenge gått opp på Masih-familiens hustak for å fly duer, og dei tok andre med.
– Dei bråka og forstyrra oss. Eg bad dei fleire gonger om å slutta. Naboen vart sint og spurde kvifor ein kristen våga å klaga.
Samla valdeleg mobb
Naboen samla ein mobb som banka opp Stephan fordi dei påstod at han hadde fornærma profeten Muhammed ein dag Stephan arbeidde i hagen. Dei ropte at «døden er straffa for blasfemi». Dei sette fyr på huset.
Broren Francis var borte på arbeid. Sønene hans var på skulen. Kona til Francis, mora og søstera til Francis og Stephan sprang for livet. Politiet fengsla Stephan og let mobben gå. Han blødde frå nase og hovud og høyrer svært dårleg på eitt øyra.
– Eg vart slått av andre fangar då dei fekk vita kvifor eg var der, seier Stephan sjølv som akkurat då Magasinet Stefanus er på besøk, er vaken nok til å seia noko om saka si.
I halvannan månad etter angrepet visste familien ikkje kvar den arresterte var. Ein kristen organisasjon skaffa advokat. Då fekk familien vita kvar Stephan var fengsla. Advokaten kravde at Stephans helse vart undersøkt.
Det einaste håpet vi har, kan vera at du fortel historia vår.
Francis Masih
Ekstremisttrusselen stod fast
Psykiatrar konkluderte etter 12 månader at mannen er bipolar. Etter 3,5 år i fengsel – utan dom – slapp Stephan ut mot kausjon som broren garanterte for. Stephans liv var truga i fengselet.
– Muslimske ekstremistar sa at sjølv om dommaren hadde sett Stephan fri, stod deira eigen dødsdom fast. Advokaten rådde oss til å ta Stephan ut av landet, fortel Francis.
Sønene lærer faren engelsk slik at han kanskje kan ta arbeid. Dei unge får av og til arbeida på ein restaurant som hyrer flyktningar. Hamraz ønskjer å bli lege. Det er heilt i det blå.
– Vi overlever på ei eske mat frå ei kyrkje. Vi får den ein gong i månaden, men den varer berre i to veker.
Ein kyrkjeleg organisasjon gjev dei tilsvarande kring 1250 kroner i månaden, dei slit med å dekkja det mest naudsynte.
Eg orkar ikkje vera her meir i dette rommet
Stephan Masih
«Vi er desperate»
Dei hadde ikkje nok pengar til at heile familien kunne flykta. Kona til Francis, dottera på 21 og den yngste sonen på 16 gøymer seg i Pakistan.
– Dottera mi spør om vi møtest igjen. Kona har fått høgt blodtrykk, seier Francis. Han gøymer eit tårevått andlet i hendene.
– Vi er urolege for familien kvar einaste dag, seier Francis.
– Eg orkar ikkje vera her meir i dette rommet, seier Stephan Masih.
Dei har flykta frå livsfare og er flyktningar ingen vil ta imot.
– Eg ber alle kristne og alle som bryr seg om menneskerettar, om å hjelpa oss. Vi treng desperat eit trygt land å reisa til, der vi kan byggja opp nye liv og der Stephan kan få medisinsk hjelp. Det einaste håpet vi har, kan vera at du fortel historia vår, seier Francis.