IS sitt drapsmaskineri ramma jesidiane hardast, skriv Johannes Morken - her frå ein leir for internt fordrevne jesidi-flyktningar i Nord-Irak.

IS sitt drapsmaskineri ramma jesidiane hardast, skriv Johannes Morken - her frå ein leir for internt fordrevne jesidi-flyktningar i Nord-Irak.  


FØRST PUBLISERT I DAGEN 25.6. 2019

Erik Selle påstår i Dagen (24. juni) at eg dreiv valkamp då eg (17. juni) etterlyste kjelder for hans svært høge tal for drepne kristne i Midtausten. Det er merkverdig polemikk.

Ja, IS var og er ei drapsmaskin. Også kristne blei drepne. Kristne har vore utsette for folkemord – som armenarane for vel 100 år sidan.

Men eg driv verken valkamp eller tåkelegging når eg etterspør dokumentasjon. Selle er ikkje i nærleiken av å dokumentera at kvart femte minutt blir ein kristne drepen på grunn av trua si, berre i Midtausten. Det vil seia kring 100 000 i året.

Han viser til «et raskt søk på Google». Eg er tilhengjar av meir grundige søk, for å sjekka kjelder.

På flukt
For å sannsynleggjera talet sitt repeterer Selle den dramatiske nedgangen i talet på kristne i Irak og Syria. Men dei tala seier framleis ingenting om kor mange som er drepne.

Vår partnar i Libanon står midt i eit hjelpearbeid i bydelar fulle av syriske og irakiske flyktningar. Mange kom seg heldigvis unna med livet i behald.

Eg veit ikkje kor mange kristne som blei drepne av IS og andre verken i Syria eller Irak. Men tal utan dokumentasjon er til lita hjelp. Det vi veit er at det verste drapsmaskineriet ramma jesidiane. Eg er tilhengjar av meir dokumentasjon og eit rettsoppgjer.

I Afrika
Selle viser så til eit italiensk forskingssenter: «Forøvrig, ifølge CESNUR i Italia, ble en kristen drept hvert 6. minutt i 2016.»

Det CESNUR faktisk skreiv i desember 2016 var at «70 prosent av drapa på kristne i 2016 skjedde i stammekonfliktar i Afrika». CESNURs tal dokumenterer altså ikkje Selles påstand om kor mange som vert drepne for trua si i Midtausten.

CESNURs tal stemmer derimot godt med det eg viste. Ved å rekna med kristne som er drepne i krig og konfliktar, kjem somme til eit tal på kring 100 000 drepne i året – dei fleste i Afrika.

Dette talet kan framleis ikkje med eit enkelt og polemisk pennestrøk flyttast til Midtausten.

Utan kjelde
Den australske nettstaden Eternity News, som Selle også refererer til, er ingen forskingsinstitusjon. Dei skreiv 3. april i år at kvart femte minutt vert ein kristen drepen ein eller annan stad. Sidan nettavisa ikkje lenka til noko kjelde, veit eg ikkje om dei hadde plukka opp talet i eit raskt søk på Google.

Artikkelen handlar innleiingsvis om Filippinane, Frankrike, Kina, Nigeria og India – ikkje Midtausten.

Den viser også at Eternity News har lite greie på Nigeria sidan fulani-angrepa er flytta til sør i landet, frå Midtbeltet der konflikten om beiteland faktisk går føre seg.

Eternity News siterer, som eg gjorde, frå Open Doors/Åpne Dører som i «World Watch List» dokumenterer at kring 4 000 kristne kvart år vert drepne for trua si, verda under eitt. Og der hadde den australske nettavisa faktisk ei kjelde som også Selle kunne nytta.

Presset mot kristne i Afrika, Midtausten og viktige land i Asia er tragisk nok sterkt og veksande. Sunn omgang med tal er framleis viktigare enn raske søk på Google når vi skal skildra dette.

AKTUELT

Ei knust kyrkje i Irak etter IS-herjingar.

Møtet med IS-uhyret

IS-bestialiteten har skremt også mange muslimar. Vi må støtta dei som konverterer – og ikkje skulda muslimar som tek avstand frå vald, for å lyga om religionen sin.

PROSJEKT