Det siste Matthew fra Ghana og de 20 mennene fra Egypt gjorde, var å bekjenne navnet Jesus.
Dømde til døden for terror mot tre kyrkjer i Egypt
Ein egyptisk militærdomstol har dømt 17 IS-krigarar til døden for angrep mot tre koptiske kyrkjer, i 2016 og 2017. Samstundes er det spent mange stader om godkjenning av kyrkjer.

Denne kyrkja i Tanta i Egypt blei angripen av IS palmesundag 2017.
Palmesundag 2017 angreip IS to kyrkjer i Egypt – i Aleksandria og Tanta – med minst 45 drepne. Etter desse aksjonane innførte Egypt unntakstilstand som seinare er blitt forlenga. Den er no forlenga ytterlegare i tre månader inn i 2019, melder telegrambyrået Reuters.
Regimet i Egypt har ført krig mot IS-grupper både i Sinai og andre stader i Egypt. 11. oktober kom ei melding om at ein militærdomstol hadde dømt 17 militante islamistar til døden for å ha vore involvert i angrep på kristne.
Dei vart dømde for angrepa på St Markus-katedralen i desember 2016. Minst 25 vart drepne. Nokre av dei tiltalte vart også dømde for å ha vore med på angrepa på kyrkjene i Tanta og Alexandria palmesøndag 2017 med minst 45 drepne.
Domstolen i Aleksandria dømde ytterlegare 19 tiltalte til livsvarig fengsel og ni andre til fengsel i 15 år, melder telegrambyrået Associated Press.
Dei var tiltalte både for angrep mot kyrkjer og mot tryggingsstyrkane. IS har ført «dobbel krig» i Egypt dei siste par års. Dødsdommen kom etter godkjenning frå Egypts øvste religiøse autoritet, Stormuftien. Dommen kan ankast.
– Det er ingen tvil om at dei skuldige må stå til ansvar for dei grufulle brotsverka sine. Men massedødsdommar etter urettferdige rettssaker er ikkje rettferd og vil ikkje hindra vidare sekteriske angrep, seier Najia Bouanim i Amnesty International i ei fråsegn.
Amnesty seier Egypt har ei sjokkerande historie i urettferdige rettssaker med massedødsdommar etter tilståingar oressa fram under tortur. Amnesty krev at dei dømde får nye rettssaker i sivile domstolar.
Muslimar protesterer mot kyrkjebygg
I endå ein landsby sør i Egypt protesterer muslimske krefter mot at kristne vil gjera eit bønehus om til eit kyrkjebygg.
Det spente forholdet er oppstått i landsbyen Dimshaw i Minya-provinsen i det sørlege Egypt, melder Arab West Report. Minya er den provinsen der det oftast oppstår spenningar og der flest kyrkjer er angripne av lokale muslimske ekstremistar.
Det har vore svært, svært vanskeleg for kristne å få byggja kyrkjer i Egypt. Hausten 2016 fekk Egypt ei ny lov som skal gjera det lettare. Kyrkjer skal få same statusen som moskear. Guvernøren i kvar provins kan godkjenna nye kyrkjer.
Mange stader ber kristne utan kyrkje i eit vanleg hus. Det får dei stort sett ingen problem med. Men så snart dei ønskjer å få godkjent husa som kyrkjer eller byggja kyrkjer med tårn og kross, vert det motstand fordi muslimske krefter protesterer mot eit slike bygg som vil prega landsbyen.
Stengde kyrkjer
I slutten av august blei 8 koptiske gudshus stengde etter muslimske protestar. Dei protesterte mot at bygga formelt skulle godkjennast som kyrkjer, melder World Watch Monitor.
Over heile Egypt er det fleire tusen bygg som uformelt vert rekna som kyrkjer. I januar i år sa Egypts byggedepartementet at kristne skal få lov til å møtast i slike ikkje godkjende kyrkjer medan godkjenningsprosessen skjer.
Men berre i Luxor åleine har åtte kyrkjer måtta stengja i haust medan dei ventar på godkjenning, opplyser Gamil Ayed, ein kristen advokat, til World Watch Monitor.
– Vi har ikkje høyrt om nokon moskear som er stengde, og vi har ikkje høyrt at bøn der må stoppa fordi den er utan løyve. Er dette rettferd? Kva er likskap? Kvar er religionsfridommen? Kvar er lova? Kvar er dei statlege institusjonane? seier advokaten.
Den politiske analytikaren Karim Kamal sa i januar at problemet med kyrkjer utan godkjenning ligg verken hos staten, guvernørane, innanriksdepartementet eller byggedepartementet.
– Det verkelege problemet er dei ultra-konservative islamistane i nokre landsbyar i provinsane i Øvre Egypt som fyrer opp spenningar kring små ikkje-godkjende kyrkjer for å pressa tryggingstenestene til å stengja kyrkjene for å hindra sekterisk uro, sa Kamal til AbramOnline.
Av dei mange tusen kyrkjene som har søkt om godkjenning i Egypt etter 2016, er det berre nokre titals – maks eit par hundre – som er godkjende.
Problema i Esna og Armant starta då biskop Abba Yoaquim sende inn søknad om godkjenning av kyrkjene. 22. august måtte to kyrkjer stengja medan koptarane feira ein av dei religiøse høgtidsdagane.
Dette er lokale spenningar der ekstremistar pressar eller angrip kyrkjer. Mange kyrkjer er angripne dei siste åra, mange er brende ned.
Regimet til president Sisi blir også skulda for å undertrykkja menneskerettane.
