Far ville drepa son som blei kristen. Pastor snakka han frå det - Stefanusalliansen
Pastor Robert Goyek tok vanskeleg samtale med muslimsk far som ville ta livet av sonen som var blitt kristen.

Pastor Robert Goyek tok vanskeleg samtale med muslimsk far som ville ta livet av sonen som var blitt kristen.  


Ein muslimsk far ville drepa sonen då han blei kristen. Pastor Robert Goyek overtydde mannen om at det var galt.

Pastor Robert Goyek er styreleiar i Procmura som Stefanusalliansen støttar. Nord i Kamerun har han opplevd ikkje berre terror, men også korleis ytterleggåande islam har radikalisert vanlege menneske. Han tek krevjande samtalar for å møta det religiøse hatet. Pastoren fortel denne historia frå Kamerun:

«Ein muslimsk ung mann, Ali, kom i kontakt med unge kristne i eit kor frå Fraternal Lutheran Church i nabobyen. Han lytta til nokre av preikene til pastoren. Etter grundige refleksjonar tok Ali avgjerda: Han ville bli ein kristen.

Då faren fekk vita at sonen var blitt kristen, bad han Ali koma tilbake til islam. Men Ali svara: ‘Eg har lytta til bodskapen om Jesus Messias. Eg er overtydd og har teke valet. Eg kan ikkje kome tilbake til den islamske trua.’

På livet laus
Faren vart sint og slo sonen så hardt at livet var i fare: ‘Du er ikkje lenger sonen vår, du mistar alle rettar i familien. Kvar vi enn finn deg, skal du vita at du vil bli drepen fordi du er ein vantru.’

Den unge mannen flykta til ein landsby langt frå familien. Pastoren drog for å møta Ali som stadfesta at han ville vera kristen, trass i truslane. Pastoren tok vare på Ali for å verna livet hans.

Ali held fram det kristne livet saman kyrkjelyden. Han er meir eller mindre trygg, men vi veit ikkje kva som kan koma til å skje.

Ein dag møtte eg faren til Ali og nokre andre frå det muslimske samfunnet. Eg snakka mykje med dei, spesielt med faren. Eg forklarte han om trusfridom, om retten til å velja religion. Eg forklarte at profeten Muhammed anerkjende Isa al-Masih, Jesus, som ein profet frå den høgste Gud. Eg sa: ‘Dersom du drep sonen din, gjer du ei brotsverk og vil bli fengsla!’

 

Etter mange samtalar bestemte faren seg: Han ville ikkje skada eller drepa den unge mannen. 

Robert Goyek

 

‘Truslar fordi vi ikkje veit’
Etter mange samtalar bestemte faren seg: Dei ville ikkje skada eller drepa den unge mannen. Men faren bad Ali om ikkje å koma heim.

Faren sa til meg: ‘Pastor, vi kjem med desse truslane fordi vi ikkje veit. Vi kan ikkje lesa Koranen, og dessutan er koranen på arabisk. Midt i eit miljø av radikalisering og islamsk ideologi frå fanatiske islamske lærarar frå Saudi-Arabia, er vi klare til å drepa den som forlèt den islamske trua.’

Faren takka meg for ein ærleg og konstruktiv debatt om muslimsk-kristne relasjonar.»

Ali valde kristen tru. Faren ville drepa han. Illustrasjon frå Magasinet Stefanus: Morten Ravnbø, basert på foto frå Shutterstock.

Livslang kamp

For pastor Robert Goyek er dette del av ein livslang kamp mot hat og islamistisk terror. Han hugsar godt tida då muslimar og kristne levde fredeleg saman i barndommens landsby.

– Hat og vald fører til frykt, øydelegging og død. Respekt og menneskeverd må stå i sentrum, uansett kven vi er, seier pastor Robert Goyek til Magasinet Stefanus.

Han bur i Garoua, regionhovudstad nord i Kamerun. Det er ikkje langt til Nigeria i vest og Tsjad i aust. I 2013 byrja den islamistiske terrorgruppa Boko Haram, som i fem år hadde spreidd frykt og død i Nigeria, med grufulle angrep også nord i Kamerun og Tsjad.

 

Trugsmåla og angrepa blir meir og meir utspekulerte og aggressive

 

Robert Goyek

 

Fredeleg sameksistens
Robert Goyek har brukt heile det vaksne livet på arbeid for fredeleg sameksistens. Om dette fortel han i eit digitalt intervju – han sit i Garoua  eg i Oslo.

Nord i Kamerun har den kyrkjelege organisasjonen Prica-Kamerun, som Goyek er president for, eit omfattande arbeid for fred mellom muslimar og kristne. Samstundes er han styreleiar for Procmura, som Stefanusalliansen støttar, med same formål i mange afrikanske land.

Goyek (69) vaks opp i ein fattig landsby nord i Kamerun. Dert fanst inga fødselsregistrering. Då Robert gjekk på barneskulen frå 1963 til 1969, sytte rektor for fødselsattestar. Der står det at han er fødd «cirka 1956».

Faren var analfabet. Då han vaks opp, fanst det ingen skule heller. Dei fleste i landsbyen var animistar, medan nokre var kristne og andre var muslimar.

– Den gongen kunne vi i ein og same familie oppleva at nokre barn valde islam og andre kristen tru. Men alle levde i gjensidig respekt, utan konflikt om trua. I dette religiøse mangfaldet vaks eg opp, fortel han.

Blei kristen
Robert Goyek konverterte til kristen tru som eit resultat av arbeidet til ein norsk misjonær, sendt ut av Lutheran Brethren International Mission i 1932. Ei luthersk kyrkje blei etablert for musgum-samfunna i Kamerun og Tsjad. Robert vart aktiv i kyrkja, blant anna i eit kor, og vart døypt i 1970.

– Eg sette pris på programmet «Tilnærming til islam» som misjonærane hadde laga for fredeleg sameksistens, seier han.

Robert blei tidleg klar over at han ville bli pastor og arbeida med dialog og sameksistens.

– Islam var den gongen moderat og tolerant i regionen vår. Det skapte eit klima av gjensidig respekt mellom kristne og muslimar. Dette har prega reisa mi og livsoppdraget mitt.

 

Mange unge blir utsette for seksuell vald, tvangsekteskap og tvangskonvertering

Robert Goyek

 

Lokal fredskomite i arbeid. Foto: Prica Kamerun

Då terroren kom
Frå 2009 hadde Boko Harams terror fått blodig fotfeste i nordlege delar av Nigeria. For 12 år sidan kom terroren også Kamerun. Boko Haram har angripe hæren og landsbyar og sprengt marknader, kyrkjer og moskear og etterlate seg frykt og død.

– Mange barn er blitt foreldrelause. Mange mistar skulegang. Heile samfunn knakar både sosialt og økonomisk, seier Goyek og legg til:

– Svært alarmerande er det at skuleelevar, både jenter og gutar, vert kidnappa og bortførte. Mange endar i slaveri, utsette for seksuell vald, tvangsekteskap og tvangskonvertering.

Mange nigerianarar har flykta til Kamerun. Kyrkjene mobiliserer for å hjelpa. Goyek fortel om fortvilte naudrop frå kristne i Nigeria og Kamerun. Dei ber kristne utanfor regionen og det internasjonale samfunnet om inngripen for å sikra grunnleggjande menneskerettar og fred.

– Situasjonen blir stadig verre. Trugsmåla og angrepa blir meir og meir utspekulerte og aggressive. Opptrappinga skuldast mellom anna at ekstremistgruppene klarar å rekruttera barn som soldatar. Barna vert indoktrinerte og radikaliserte med ekstremistisk ideologi. Vald vert rettferdiggjort med løfte om himmelsk løn, fortel Goyek.

Livslangt kall
Under intervjuet rapporterer Goyek om endå eit angrep, i Chari, heilt i nord. Over 20 soldatar blei drepne av Boko Haram. Dei var på post mot jihadist-angrepa. Her angrip Boko Haram regelmessig og svært valdeleg. I dette området har organisasjonen hans, Prica-Kamerun, i fleire år hatt ein ein fredskomité.

Robert Goyek seier at han har eit livslangt oppdrag.
– Trugsmål, terrorangrep og vald skadar heile Sahel-regionen og Kamerun, Nigeria og Tsjad spesielt. Eg vil sjå samfunn blomstra, ikkje bli øydelagde av hat, vald og død. Menneske må leva i fred på tvers av religiøse, etniske og sosiale skilje.

Jesu ord motiverer
– Kvar finn du motivasjonen?

– Eg finn kraft og inspirasjon i Matteus 5,9: «Sæle er dei som skaper fred, for dei skal kallast Guds barn». Rom 12,15 lærer oss dessutan at «så langt det avheng av dykk, ver i fred med alle».

 

Eg finn kraft i Jesu ord: ‘Sæle er dei som skaper fred, for dei skal kallast Guds barn’

 

– Har du gode døme på positive resultat?

– Vi har fredskomitéar i alle distrikt der ekstremist-angrep skjer. I 12 år har vi bevisstgjort mange på kor viktig fredelege relasjonar mellom menneske av ulik tru er. Dei få midlane vi og andre har fått frå Europa, er brukte godt. Vi ber europeiske regjeringar auka bistandsmidlane proporsjonalt med valdsangrepa og gje midlar også til kristne organisasjonar, som oss i Prica-Kamerun. Vi driv eit omfattande arbeid for fred akkurat der terroren rammar.

– Kva kan kristne og kyrkjer gjera?

– Dei kan støtta oss praktisk, økonomisk, moralsk og åndeleg. De kan utveksla informasjon, til dømes med oss. Arbeidet for religiøs sameksistens, toleranse og respekt for menneskeverdet er svært viktig i Afrika. Vi må møta ekstremismen som øydelegg samfunn.

 

Procmura

• Kristen organisasjon for fred mellom kristne og muslimar.
• Hovudkontor Nairobi, Kenya.
• Arbeid i kring 20 land i Afrika.
• Stefanusalliansen støttar arbeid i Kamerun, Nigeria, Tanzania og Kenya.
• Les meir om Procmura

 

Slik arbeider Procmura og Prica-Kamerun

• Seminar for kristne og muslimske leiarar om fredeleg sameksistens.

• Opplæring i konfliktløysing og førebygging av ekstremisme.

• Hjelp til kvinner og unge flyktningar for å få levebrød.

• Hjelp til menneske som blir forfølgde for trua si.

• Talerøyr for fred, toleranse og religionsfridom.

 

FØRST PUBLISERT I MAGASINET STEFANUS 3-2025

AKTUELT

Et kurs i trosfrihet for kirkeledere er gjennomført i Egypt.

Skryter av kurs i trosfrihet

 Digitale læringsressurser om trosfrihet, utviklet av et nordisk nettverk der Stefanusalliansen er med, får skryt i en fersk evalueringsrapport.

Prosjekt