Naghan Hasan er lege og jesid. Ho har i fem år kjempa for overlevande kvinner frå IS-barbariet. Foto: Johannes Morken

Naghan Hasan er lege og jesid. Ho har i fem år kjempa for overlevande kvinner frå IS-barbariet. Foto: Johannes Morken  


Då dei aller første jesidi-kvinnene kom seg fri frå slaveriet under IS, melde Naghan Hasan seg til teneste. I fem har ho på heiltid vore lege og aktivist for dei overlevande.

3. august 2014 slo IS til mot jesidi-samfunnet i Nord-Irak. Folk flykta for livet opp til Sinjar-fjellet. Fleire tusen vert drepne. Over 6500 vart tekne til fange, kvinnene vart tekne som sexslavar som blei selde frå IS-krigar til IS-krigar.

Naghan Hasan er sjølv jesidi-kvinne. Gynekologen hadde arbeidd på fødeavdelingar på ulike sjukehus i Irak. Då dei to første jesidi-kvinnene som hadde overlevd slaveri hos IS, kom seg fri i starten av september 2014 og nådde sjukehus i den kurdiske regionen i Nord-Irak, melde Nagham Hasan seg til teneste.

Ho lytta til dei grufulle historiene og byrja hjelpe. I dei vel fem åra som er gått, har ho arbeidd for dei overlevande. Ho kallar seg jesidi-aktivist. Det har vore fem år med innsyn i eit bestialsk mørke.

Hjelp til å overleva
Ho vart med på å grunnleggja Women Survival Centre som har gitt medisinsk hjelp til overlevande. Ho har også besøkt dei og følgt dei opp.

Dinest har ho støtta eit tysk program for å ta imot over 1000 overlevande jesidi-kvinner som er tekne til Tyskland. Ho har besøkt dei og løfta historiene deira inn for den tyske regjeringa. I tillegg har ho vore involvert i eit program for foreldrelause barn. Foreldra har mista livet under IS.

Legen har no vore med på å starta Hope Makers som arbeider for utvikling for kvinner etter IS-slaveriet.

– Eg såg at kvinnene som hadde overlevd IS, ikkje berre hadde behov for medisinsk hjelp, men også sosial og økonomisk hjelp for å starta eit nytt liv.

1200 historier
Naghan Hasan har høyrt dei grufulle historiene til over 1200 kvinner.

– I fem år har eg kvar dag høyrt historier om drap og fryktelege seksuelle overgrep. Historiene er oppskakande. Det sjokkerande å høyra om ni år gamle jenter som er blitt valdtekne, torturerte og selde av IS-krigarar på over 60 år.

Somme historier gløymer ho aldri.

– Ei kvinne i 20-åra var nygift då IS-angrepet kom. IS-krigarar drap mannen hennar. Ho vart sjølv seld fleire gonger. Kvinna vart torturert, ho prøvde å rømma og vart fanga og torturert igjen. Veninna vart halshoggen rett framfor den nygifte kvinna. Då turen kom til henne, greip ein annan IS-krigar inn og hindra drapet i siste liten.

Djupe traume
Alle overlevande er traumatiserte etter tortur med slag, eld og valdtekter – og synet av drap.

– Ei firebarnsmor opplevde at då ho vakna, hadde IS forgifta og teke livet av tre av barna hennar. Slikt er ikkje til å halda ut.

3000 kvinner og barn er framleis sakna. Det har, seier legen, ikkje vore noko rettsoppgjer, ikkje noko forsøk på å stilla dei som stod for overgrepa, til ansvar. 300 000 jesidiar lever framleis i flyktningleirar. Berre nokre få tusen har freista å venda tilbake landsbyane sine. Nokre få har prøvd å venda tilbake til Sinjar by, som er øydelagt.

– Jesidiane vil berre leva i fred. Dette er ikkje det første folkemordet. Det har skjedd mange gonger før, berre fordi vi er jesidiar. IS såg oss som vantru. Vi har lenge forsikra folk om at det ikkje ville skje på nytt, men så skjedde det på nytt.

 

 

Kjenner seg framanda
– Kva har styresmaktene gjort?

– Irakiske og kurdiske styrkar med internasjonal støtte frigjorde områda våre frå IS. Det var viktig. Det einaste den irakiske regjeringa har gjort etterpå, er å opna massegraver. Den kurdiske regjeringa har oppretta eit senter for å berga jesidi-kvinner frå fangenskap og eit senter for overlevande, Woman Survival Center.

– Kva treng de?

– Vi treng internasjonale garantiar for at eit folkemord ikkje skal skje igjen. Vi ber det internasjonale samfunnet laga ein konkret og tydeleg plan for å verna dei etniske og religiøse minoritetane i Irak.

 

200 000 jesidiar lever endå i leirar i den kurdiske delen av Irak av frykt for kva som ventar dei om dei dreg heim. Foto: Pål Brenne

– Kva tenkjer jesidiane om framtida?

– Det store fleirtalet eg har snakka med, føler seg som framande. Dei er redde. Dei opplever at dei ikkje har noka framtid i Irak. Å byggja opp att samfunnet deira er vanskeleg. Korleis kan vi gje dei håp? Dei opplever at det er tryggare å bu i leirar enn å venda heim til øydelagde landsbyar der ulike militsar og andre væpna aktørar har kontrollen, seier Naghan Hasan og legg til:

– Mange jesidiar ønskjer å dra frå Irak. Særleg dei overlevande frå IS ønskjer seg bort. Tyskland, Frankrike, Australia og Canada har teke imot ein god del overlevande og familiane deira. Tyskland tok imot 1000. Der får kvinnene hjelp og menneskeverd, og barna får skulegang.

Får styrke
Men det er framleis innpå 1000 overlevande frå IS igjen i Irak.

– Vi utfordrar europeiske regjeringar til å ta imot desse. Men kvinnene som kjem til Vesten, må ikkje bli isolerte. Dei må få bu nær jesidiar som alt er busette der og få eit nettverk.

– Korleis held du ut?

– Internasjonalt får eg personleg støtte og oppmuntring. Det gjev meg styrke til å stå i dette og støtta kvinner som treng det, svarar Naghan Hasan.

FØRST PUBLISERT I MAGASINET STEFANUS 7-2019

 

Btxt Jesidileir
I Duhok sit mange jesidiar framleis i flyktningleir etter folkemordet. Foto: Pål Brenne

AKTUELT

PROSJEKT