Kristne i Irak: Barn i den kristne landsbyen Tel Skuf i Nord-Irak - er det ei framtid for dei?

Kristne i Irak: Barn i den kristne landsbyen Tel Skuf i Nord-Irak - er det ei framtid for dei?  


Han er fortvilt og sint over at kristne i Irak er blitt svikta av Vesten og utvandra irakiske kristne. Emanuel Youkhana tryglar om hjelp. – Iraks kristne trengst for å skapa håp og byggja bruer. 

 I 2000 år har den kristne kyrkja vore i Irak, sidan apostlane si tid. 

– Eg kjenner sorg og smerte over at vi står i fare for å mista det kristne nærværet, seier Emanuel Youkhana til Magasinet Stefanus. 

I koronatida får denne tydelege partnaren til Stefanusalliansen ikkje reisa til Noreg – og vi ikkje til Irak. Difor møtest vi på ei videolenke. I Nord-Irak leier Youkhana eit omfattande kyrkjeleg hjelpearbeid gjennom organisasjonen Capni. 

– Det er vondt å tenkja på storbyen Mosul, hovudstaden for forfedrane våre og heimbyen til profeten Jona. Mosul har ikkje høyrt kyrkjeklokkene ringa inn til jul sidan 2013, seier Youkhana. I juni 2014 overtok IS Mosul. 

 

Det er vondt å tenkja på storbyen Mosul (...) byen har ikkje høyrt kyrkjeklokkene ringa inn til jul sidan 2013. 

Emanuel Youkhana 

 

Må unngå å kopiera Tyrkia 
Youkhana minner om at i Istanbul i Tyrkia vart Hagia Sofia i sommar gjort til moské.  

–  Vi vil ikkje at det same skal skje med kyrkjene våre. Men det hastar med handling. 

Youkhana med det høgtståande kyrkjelege embetet erkemandritt, seier at «vi som trur, ikkje må undervurdera krafta i bøn».  

– Be for kristne, be for alle som vert forfølgde over heile verda og be om fred. Bruk dessutan media og sosiale media til å fortelja folk at kristendomen har røtene sine i Det heilage landet, Palestina, Syria og Irak. Dersom dette området berre blir eit museum for kristentrua, er det eit tap – for heile menneskeslekta. 

Capni held til i Dohuk, den nordlegaste byen i den sjølvstyrte kurdiske regionen. Hjelpearbeidet skjer på Ninivesletta som grensar opp mot den kurdiske regionen, ei slette som har namnet sitt frå oldtidsbyen Ninive – kjend frå Bibelen. 

Kristne i Irak:Emanuel Youkhana. Foto: Pål Brenne, Stefanusalliansen

Utvandring skaut fart 
På 90-talet var det framleis langt over ein million kristne i Irak. Så kom den amerikanske invasjonen i 2003. Saddam Hussein vart styrta. Det sunni-muslimske regimet vart bytta ut.  

– Eit heilt land kollapsa. Alle tok makta i eigne hender, det blei borgarkrig. Det nye sjia-regimet gjorde ingenting for å skapa forståing med sunniane. Den sekteriske konflikten som har gått gjennom hundreåra, blomstra opp, seier Youkhana.  

Minoritetane kom i blodig klemme. Kristne kjende seg angripne og truga, og utvandringa skaut fart. I 2014 kom så IS som drap og jaga både kristne og jesidiar på ny flukt – ut av landet og internt. 

Manglande rettsoppgjer
Youkhana er fortvilt over passive vestlege regjeringar og over manglande rettsoppgjer i Irak. 

– Regjeringa i Irak må pressast til å verna minoritetane. Irak må vedta lover som kan sikra borgarrettar for kristne og jesidiar. Skulepensumet er islamsk og fortel ingenting om kristne, sjølv om kristne kom hit lenge før islam. Folk som blir valde til parlamentet og regjeringa, får makt utan å ha kunnskap om kristne og jesidiske naboar. 

Han seier kor viktig det er å byggja eit verdig liv etter IS. 

– Utan arbeidsplassar, inga framtid, seier Youkhana. Ei undersøking Capni har gjort, viser at unge kristne vil reisa dersom det ikkje blir arbeidsplassar. 

 

Regjeringa i Irak må pressast til å verna minoritetane.

Emanuel Youkhana
 

Utvandra kristne svikta 
Youkhana er lei seg også fordi storparten av dei kristne som utvandra, har svikta dei som blei igjen.  

– I staden for å hjelpa kristne til å bli verande i Irak, hjelper dei utvandra folk til å koma etter. Somme hjelper familiemedlemmer til å bli. Men det er inga kollektiv hjelp frå dei utvandra til den vesle kristne minoriteten slik at dei kan bli verande. Mange som drog, har ressursar. Men dei aller fleste investerer ikkje i arbeidsplassar i Irak eller i politisk lobbyisme for ei framtid i Irak. 

Fortvilt over kristen strid 
Youkhana er også fortvilt over kor splitta den kristne minoriteten sjølv er. Det er 10 politiske parti og ein serie militsar.  

– Splittinga er ikkje lett å forstå utanfor Irak. Men Irak er det einaste landet i Midtausten utan eit felles kyrkjeleg råd. Her har vi berre hatt eit råd for kyrkjeleiarane. Den største kyrkja, den kaldeiske, har trekt seg frå rådet. Kyrkja ville leia fast, dei andre ville ha leiarvervet på omgang. 

– Det er ikkje eit sunt klima mellom kyrkjene. Dei utvekslar gratulasjonar til jul og påske, men snakkar ikkje om felles strategi og behovet for ei felles stemme. Den kaldeiske kyrkja opptrer dessutan dessverre meir som eit politisk parti enn ei samlande kraft, seier Youkhana. 

Sjia-press mot kristne
Den kristne minoriteten er også under press frå sjia-muslimar. Minoriteten shabak prøver å styrkja seg i tradisjonelt kristne byar på Ninivesletta. I Bartella kjempar dei for å byggja hus med pengestøtte frå Iran. Verksemder eigd av kristne, møter urettferdig sjia-konkurranse. 

– Regjeringa har ein plan mot dette, men gjennomfører den ikkje. 

 

Vi kan vera hjelpelause, men aldri håplause.

Emanuel Youkhana
 

«Vi kristne trengst for håpet»
– Du skriv i ein rapport at kristne møter ein «eksistensiell trussel». Er det håp? 

– Vi kan vera hjelpelause, men aldri håplause. «Håp» er likevel ikkje eit vakkert ord i ei bispepreike. Håp må skapast materielt. Dersom skulepensum blir endra, kan neste generasjon i Irak få eit positivt bilete av dei kristne naboane sine. Får vi hjelp til å etablera arbeidsplassar og betre helseteneste i Karakosh, er det håp. 

– Kva er di helsing til jul? 

 – Det er bodskapen om Han som kom med fred. Jesusbarnet blei fødd i fattigdom, langt frå heime, slik mange barn blir i dagens Irak. Barnet blei flyktning før Han vende heim og skapte nytt fellesskap mellom oss og Gud. Vi kristne trengst her i Irak for å skapa håp og byggja bruer, i ei tid der dei fleste byggjer murar seg i mellom. 

FØRST PUBLISERT I MAGASINET STEFANUS 7-2020

Hjelp kristne til å bli boende i Irak

Støtt arbeidet for å sikre borgerrettigheter og arbeidsplasser for kristne i Irak. Merk gaven: Irak

Gi en gave

AKTUELT

PROSJEKT