Hærens opprørsstyrkar slår til mot demonstrantar i Yangon.

Hærens opprørsstyrkar slår til mot demonstrantar i Yangon.  


Den brutaliteten som hæren i Myanmar har vist etter kuppet 1. februar, skakar oss. Vi i Stefanusalliansen får opprørande meldingar. Alle våre vener og partnarar er direkte ramma.

To som har vore venene våre i årevis, sender oss foto av opprørsstyrkar og tåregass i gatene utanfor vindaugo i storbyen Yangon. Sjølve har dei to sikra gøymestad for mange titals menneske som hæren er på jakt etter. Fleire ønskjer vern.

Dei som gøymer seg, er folk som deltek i landsomfattande sivil ulydnad for å lamma statsapparatet som hæren brukar for å knusa motstand. Av omsyn til dei som gøymer seg, kan vi ikkje fortelja identiteten til venene våre.

Snikskyttarar drep
Venene våre er fortvilte. Over raid og arrestasjonar, også av familiemedlemmar. Dei er opprørte over snikskyttarar som rettar våpen mot sivile for drepa, også barn. Dei har sjølve hatt nære slektningar inne til avhøyr. Dei er opprørte over at millionar er truga av svolt.

Venene våre står sjølve midt oppe i eit arbeid for å sikra 1000 familiar mat. I mange distrikt i Yangon og andre byar er det svært vanskeleg å koma til, på grunn av unntakstilstand, massive kontrollar og hærens jerngrep. Men venene våre har måtar å nå fram på.

Desse venene seier at dei aldri har sett slik brutalitet i landet. Dei brukar ord som «åndeleg krigføring» fordi dei er overtydde om at nokre få, ytterleggåande buddhistiske munkar gir støtte til hæren og tryggingsstyrkane i valdsbruken.

Ytterleggåande buddhistiske munkar har lenge støtta hæren i angrep på dei hovudsakleg muslimske rohingyane, ei hatefull form for religiøs nasjonalisme der minoritetar ikkje har plass.

No er nærast eit heilt folk under angrep. Folk er på flukt frå byane, mange dreg ut i jungelen. Andre søkjer mot og over grensene mot Thailand og India.

Stopp bombetokt
Venene våre ber om fleire sanksjonar mot generalane. Dei er fortvilte over at Kina og Russland framleis sel våpen som generalane kan bruka mot sitt eige folk. Dei støttar kravet om at Tryggingsrådet skal vedta ei flyforbodssone som kan stogga bombetokta over to delstatar med minoritetsfolk – Karen og Kachin.

I Karen-staten sit ein annan eg har regelmessig videokontakt med. Nickey Diamond er ein einaste Myanmar-borgaren i menneskerettsorganisasjonen Fortify Rights. I seks år har han spelt ei viktig rolle i å avdekkja hærens overgrep mot rohingya-folket. Han var med på å skaffa nye fakta om den etniske reisninga som hæren stod for i 2017 for å bli kvitt fleire hundre tusen rohingyaer.

Etter kuppet gjekk han, kona og to små barn i dekning i Yangon, fordi han er eit kjent andlet blant aktivistane for menneskerettar. Men venene hans i hæren varsla Diamond om at dei måtte koma seg unna, hæren leita gjennom nabolaget etter folk dei var på jakt etter. Familien flykta til grenseelva mot Thailand.

Bombetoktene i Karen-staten skjer heilt i nord. Flyvåpenet vil ramma den væpna etniske gruppe blant karen-folket. Diamond, familien og andre har grave bomberom der dei held til, mange mil lengre sør. Men kvar gong hæren sender dronane sine over dei, søkjer familien og andre ly i holer eller bomberom.
 

Kvar gong hæren sender dronane sine over dei, søkjer familien og andre ly i holer eller bomberom.
 

Humanitær krise skal skremma
Diamond er klar på kva han meiner generalane driv med: Dei angrip sivile for å skremma folk frå å støtta opprørsgruppa i Karen-staten. Han meiner generalane vil skapa ei humanitær krise som vil gjera folk opptekne av å overleva og ikkje bry seg om politikk.

Tusenvis av unge som starta som fredelege demonstrantar, har dei siste vekene søkt våpentrening hos væpna grupper i etnisk kontrollerte område. «Dei unge har ikkje noko val, sidan hæren svarte på fredelege demonstrasjonar med å skyta og drepa», seier Diamond.

Menneskerettsaktivisten som har hatt norsk stipend for å skaffa kunnskap til kampen for demokrati, har vore mot vald. Men no har han skifta syn. «Hæren har kryssa ei line ved å skyta mot sivile, for å drepa. Vi har rett til å forsvara oss», seier Diamond i eit videointervju frå grenseelva mot nabolandet.

Frå gøymestad til motstand
I Yangon sit veneparet vårt med si fortviling. Nokre titals av dei folka som fekk gøymestad hos desse, hadde bakgrunn frå hæren og politiet. Etter ei tid valde dei å forlata gøymestaden for å gå saman med etniske væpna grupper for å forsvara folket med våpen.

 

«Generasjon Z opplever at dei difor sjølve må stå opp mot diktatorane. Det gir meining. Så vi må støtta dei i bøn.»

 

Venene våre seier at tusenvis av unge demonstrantar heller ikkje ser at dei har noko anna val enn å gripa til våpen mot diktaturet, sidan FN og stormaktene ikkje ville gripa inn. «Generasjon Z opplever at dei difor sjølve må stå opp mot diktatorane. Det gir meining. Så vi må støtta dei i bøn.»

Til oss har dei ein sterk appell: «Be for oss. Be om at dette må ta slutt. Fort. Denne situasjonen er ikkje til å bera. Be om tilgang på mat og vatn. Be om at det ikkje blir meir spille av blod og fleire drap.» Dei legg til:

 «Mange har mista håpet. Vi som trur på Gud, har lovnader og håp.»

FØRST PUBLISERT I VÅRT LAND 12.5.2021

AKTUELT

PROSJEKT