Han blei kristen. Familien rekna han som død og laga gravferd - Stefanusalliansen
Yasser Eric satsa på trua på Han som døydde på krossen og stod opp igjen.

Yasser Eric satsa på trua på Han som døydde på krossen og stod opp igjen.  


Då Yasser Eric vart kristen, heldt familien gravferd for å erklæra han død. Ved si eiga, symbolske grav høyrde Yasser Eric ei røyst. Jesu røyst.

Yasser Eric vaks opp i ein mektig og ekstrem muslimsk familie i Sudan. Så møtte han Jesus då to kristne frå Egypt bad for ein gut som mirakuløst vart frisk. Yasser Erics far erklærte sonen død. 35 år seinare er den utstøytte Yasser Eric anglikansk biskop for konvertittar frå muslimsk bakgrunn.

– Åra etter at eg byrja tru på Kristus, har vore fylte med smerte, tap og frykt—men også med ei djup og urokkeleg oppleving av Guds nærvær. Jesus har synt seg gong på gong som mitt lys, mitt vern og min styrke, seier Eric til Magasinet Stefanus.

Namnet Yasser Eric tok han då han vart utstøytt og fekk forbod mot å bruka det muslimske familienamnet.
 

Radikal og mektig
Yasser Eric vart i 1972 fødd inn i ein radikal og mektig muslimsk familie i Sudan. Bestefaren, Hassan al-Turabi, var med på å grunnleggja Det muslimske brorskapet og stod sentralt då sharia vart innført i Sudan.

Faren sende sonen på koranskule. Han tok også 12-åringen med til eit fengsel i Khartoum fredag 18. januar 1985. Då blei tenkjaren Mahmoud Mohamed Taha (72) hengt. Taha hadde protestert mot innføringa av dødsstraff for fråfall frå islam og vart sjølv dømt til døden.

No måtte 12-åringen sjå den fråfalne bli hengt.

– Far sa til meg at dette vil skje alle som sviktar islam, fortel Yasser Eric.

Han vaks opp med hat mot både kristne og jødar. «Kristen» var eit svært negativt ord, knytt til Vesten og kolonialismen, forklarar han.

Hatet kom tydeleg til uttrykk då Yasser Eric som 15-åring fekk ein kristen gut frå Sør-Sudan i klassen.

– Eg sa til venene mine at vi måtte drepa kristne Zekarjah, som ikkje hadde sjanse til å forsvara seg då vi angreip han. Han svevde mellom liv og død då vi slutta å slå. Eg gjekk frå overfallet som ein stolt muslim, seier Eric.

 

Eg ville helst be om at det måtte koma ein eld frå himmelen over dei to. Så kom dei med kjærleik.

Yasser Eric

 

Onkel vart fengsla
Ein av onklane hans, også han ein svært konservativ muslim, blei kristen i 1989. Han vart fengsla, mista jobben, vart utstøytt og truga på livet. Kona hans skilde seg frå han, og borna vart tekne frå han.

– Eg kjem aldri til å gløyma rettssaka, fortel Yasser Eric i dag.

– Då dommaren sa til onkelen min at dersom han døydde som kristen, ville han hamna i helvete, svarte onkelen min: «Eg er ikkje redd for helvete, og eg vil ikkje til paradis slik du skildrar det. Eg vil dit Jesus er. Det er der eg høyrer heime.»

– Å høyra ein onkel snakka med slikt mot, rørte meg djupt. Eg tenkte at anten har han funne sanninga, eller så har han mista forstanden. Men inst inne visste eg nok at trua i det fryktlause vitnemålet var ekte.

Yasser Eric seier at det som hende med onkelen, vart viktig for hans eiga åndelege reise. Ein dag i 1990 sat Yasser Eric ved ei seng på eit sjukehus fordi ein ung fetter var så sjuk at legane trudde han kom til å døy. To koptiske kristne misjonærar kom for å be for guten.

– Eg trekte handa vekk då eg såg tatoverte kors på handledda deira. Eg ville ikkje ha dei der. Men eg ville heller ikkje fornærma dei framande, eg sa at dei kunne be og deretter gå.

Men det gjorde sterkt inntrykk på Yasser Eric å høyra dei be.

– Dei bad til Gud slik eg snakkar til deg no. Dei bad dessutan som om det var deira eige barn. Eg ville helst be om at det måtte koma ein eld frå himmelen over dei to. Så kom dei med kjærleik.

I det dei sa amen, opna guten augo for første gong på fire veker.

– Eg tenkte at dersom desse trur på Gud, måtte eg finna ut kven eg trudde på.

Yasser Eric stod ved si eiga symbolske grav. Det var ingen andre der. Så høyrde han ei røysta han er sikker på var Jesu røyst.

Gud er kjærleik
Yasser Eric samtalte med dei to mennene til tidleg morgon. Han fekk høyra at det største mirakelet ikkje var at guten blei frisk, men at Gud kan endra hjarta til menneske, fordi Gud er kjærleik.

– Det var første gongen eg høyrde Gud og kjærleik i same setning. Då vi høyrde bøneropet med morgongry, spurte dei om eg trudde på Jesus. Eg svarta ja og bad: «Dersom du er verkeleg, ber eg deg koma inn i livet mitt.»

Men då Yasser Eric fortalde familien at han var blitt kristen, vart han avvist.

– All kontakt vart broten. Far og bestefar erklærte meg død. Dei laga ei kiste og heldt ei symbolsk gravferd for meg.

Han vart dessutan avhøyrt av politiet og sat i fengsel fleire gonger i 1994 og 1995.

– Særleg skremmande var det då eg vart halden i ei underjordisk celle i sju veker, utan lys og avskoren frå all kontakt med andre. Mørket sette meg på harde prøvar. Men midt i lidinga opplevde eg at bibelorda vart levande: «Herren er mitt lys og mi borg.» Eg kjende Jesu nærvær. Han gav trøyst, fred og styrke då eg var fråteken alt anna.

 

Far og bestefar erklærte meg død. Dei laga ei kiste og heldt ei symbolsk gravferd for meg.

 

Jesu røyst på grava
Etter at Eric vart sleppt fri, forstod han at ikkje berre han var i stor fare. Også alle han hadde kontakt med levde i stor fare, særleg dei som hadde konvertert.

– Vi vart overvaka. Då tok eg den smertelege avgjerda om å reisa frå landet, slik onkelen min hadde gjort tilbake i 1990. Men før eg sette meg på flyet, reiste eg ein siste tur til landsbyen min. Familien kunne eg ikkje oppsøkja. Men i mørket gjekk eg til «grava» mi. Ingen var der, likevel kjende eg ei hand på skuldra, og eg høyrde ei røyst: «Grava di er tom. Det er grava mi også.» Eg tenkte at dette måtte vera Jesu røyst.

Yasser Eric studerte teologi i Kenya og i Tyskland og vart luthersk prest. Etter at han for 20 år sidan hadde undervist ein stad i Egypt, kom ein sør-sudansk pastor fram. Pastoren felte tårer over møtet.

– Det var Zekarjah, guten vi hadde prøvt å drepa. Eg såg arra på kroppen hans. Det var ei frykteleg stund. Eg følte skuld og skam og klarte ikkje ein gong å be han om tilgjeving. Zekarjah fortalde at sidan eg hadde hata han, hadde han i alle desse år bede for meg. Eg innsåg at for å elska nokon som hatar, treng vi Jesus, seier Eric og avsluttar:

– I dei mørkaste stundene møtte både eg og onkelen min eit lys som verda ikkje kunne sløkke. Eg er djupt takksam for at Herren bar meg —og for at han gav meg håpet berre trua på Kristus kan gi.

FØRST PUBLISERT I MAGASINET STEFANUS 7-2025

 

På Midtausten kjem menneske med muslimsk bakgrunn til kristen tru. Biskop Yasser Eric åtvarar mange mot å opptre slik at dei straks blir forfølgde. Foto: Shutterstock

Åtvarar mot å glorifisera martyriet

På reiser i Afrika og Midtausten møter biskop Yasser Eric mange kristne som vert forfølgde. Men han avviser at alle konvertittar som blir forfølgde, blir det på grunn av trua på Jesus.

– Konvertittar som legg ut om kor ille islam er, vert forfølgde av den grunn. Dersom ein muslim spør om du trur på Muhammed og du svarar nei, vil du bli forfølgd fordi du fornærmar Muhammed, ikkje fordi du trur på Kristus. Eg snakka også sjølv i starten svært negativt om Muhammed, islam og muslimar. Men eg kom til at dersom vi fornærmar islam, blir vi ikkje forfølgde for Kristus.

Yasser Eric forklarar at han prøver å hjelpa konvertittar til å redusera risikoen for forfølging.

– Jesus har sagt at forfølginga vil koma. Men vi skal ikkje eskalera den.

Han meiner dette skil det kristne martyriet frå martyriet i islam:

– Som kristne blir vi  ikkje frelste av noko vi gjer, vi blir frelste berre i Jesu blod. Jesus endra livet mitt. Difor skal vi ikkje glorifisera martyriet. Eg er viljug til å gå i fengsel for Kristus, men ikkje for å ha sagt noko fornærmande om Muhammed.

– Barna mine veit at kvar tur eg gjer i Midtausten, kan vera den siste. Eg let vera å reisa når risikoen er for stor. Kvar gong eg kjem heim, omfamnar eg barna mine. Eg er viljug til å risikera livet for Kristus, men berre dersom det ikkje er nokon annan veg, seier Yasser Eric.


.

Yasser Eric

  • Fødd i Sudan i svært konservativ musloimsk familie

  • Blei kristen. Rømde landet

  • 10. mars 2024: vigsla til biskop i den anglikanske i katedralen i Kigali i Rwanda.

  • Biskop i den globale anglikanske kyrkja for konvertittar med muslimsk bakgrunn.

  • Ansvar for konvertittar i 80 land frå Vest-Afrika til Midtausten, frå Sentral-Asia til Indonesia.

  • Base i Korntal i Tyskland.