Fader Yusuf på klosteret Mar Mattai: «Vesten bryr seg ikkje om oss.»

Fader Yusuf på klosteret Mar Mattai: «Vesten bryr seg ikkje om oss.»  


I ei fjellside over Ninive-sletta i Irak har Mar Mattai-klosteret klora seg fast sidan det vart grunnlagt i år 361. Dette er eit av dei eldste som framleis er i bruk. Klosteret var grunnlagt av Sankt (Mar) Mattai (Matteus). Han hadde kring 30 år tidlegare flykta frå romersk forfølging av kristne i eit område som i dag ligg aust i Tyrkia.

Klosteret har klart seg anten mongolar, muslimar eller engelskmenn har herska på Ninive-sletta. Dette er ei slette med lang bibelsk historie – profeten Nahum, som spådde Ninives fall, er gravlagt i ein landsby ikkje langt unna. Ninive låg nær dagens Mosul, den største bten i Nord-Irak. Ninivesletta er i dag eit kjerneområde for kristen busetnad i landet.

Men snart kan det snart vera slutt.

(Saka held fram under videoen)

 

 

Broren drepen
Fader Yusuf kom som munk frå Mosul til klosteret Mar Mattai tidleg i 2006. I mai same året blei broren skoten ned og drepen av islamistiske terroristar i heimbyen. Heile familien flykta til Kurdistan, eit sjølvstyrt kurdisk område i Nord-Irak.

Drap på kristne i 2006 og 2007 både i Mosul og Bagdad førte til at mange kristne drog frå landet. I 2007 og 2008 bygde Mar Matti-klosteret tre nye landsbyar for kristne som hadde flykta, like nedanfor klosteret.

Mar Mattai ligg i fjellsida over Ninive-sletta og har vore der sidan år 361.

Barbariet i Mosul
Det er kveld på Mar Mattai. Frå klosteret oppe i fjellsida ser vi mot sørvest lysa frå Mosul, langs elva Tigris, knapt tre mil unna. Bydelen vest for Tigris er øydelagt og har knapt eit einaste lys.

I juni 2014 klarte 300 svartkledde IS-krigarar å overta Mosul med grufull vald og ekstremistiske trugsmål. Titusenar av irakiske soldatar flykta og etterlet seg våpen som IS overtok – og let sunnimuslimar, sjiamuslimar og kristne klara seg åleine mot terrorregimet.

Kristne fekk valet mellom å flykta, blir drepne eller konvertera til islam. Kvar einaste kristne drog frå alt dei hadde . Til Mar Mattai kom 60 kristne familiar. Også mange muslimar og yezidiar flykta frå barbariet.

I august invaderte IS-terroristar byar og landsbyar på Ninive-sletta. Dei kristne som ikkje kom seg ut av landet, fekk vern i den sjølvstyrte kurdiske regionen, som flyktningar i eige land – i hus eller flyktningleiarar.

Dei einaste som stod imot IS-brutaliteten denne blodige sommaren, var peshmerga-styrkane til den kurdiske sjølvstyreregjeringa. På vegen rett nedanfor Mar Mattai-klosteret, like ved dei nye kloster-landsbyane, prøvde IS-krigarar fleire gonger å nedkjempa dei kurdiske styrkane. Hadde IS klart det, ville den nokså nye og asfalterte vegen opp dalsida til Mar Matti-klosteret ligge vid open for nådelause IS-krigarar.

 

Eg var klar til å bli drepen dersom IS kom.

Fader Yusuf

 

Martyr
Nokre få munkar var tilbake saman med éin familie.

– Vi kunne sjå IS-angrepa nede på vegen, dei kom ofte når det var dårleg ver, seier fader Yusuf. Han er ein i dag av dei fem munkane som held til på Mar Mattai saman med biskopen for klosteret og dei næraste landsbyane.

– Eg var klar til å bli drepen dersom IS kom, seier fader Yusuf og legg til:

– Heilt frå vi var små har eg vore misunneleg på storebroren min. Han var som den førstefødde favoritten i familien. Og då han blei martyr, ville også eg gjerne bli det. Det største for kristne er å bli martyrar, slik apostlane blei det.

Bøn og hjelp
I kyrkja på klosteret startar dagen alltid med ein halvtimes morgonbønn, med tekstar særleg frå salmane. Bønerytmen går gjennom dagen, slik den har gjort gjennom hundreåra. Til klosteret kjem menneske som vil be, søkja råd eller få hjelp.

I hylla på kontoret til fader Yusuf står eit apparat for å måla blodtrykket. Munken har utdanning som mekanisk ingeniør og arbeidde i yngre dagar også ei tid på eit apotek. Med langt til legar tek munkane imot menneske som treng helsehjelp. Til klosteret søkjer menneske også som ber Gud om eit mirakel.

– Mirakel skjer, seier fader Yusuf.

Gjennom hundreåra har bønene lydd på Mar Mattai.

Svikta
Men når tek bønene og mirakla på Mar Matti slutt? Det veit ingen. Men fader Yusuf er djupt pessimistisk. Han kjenner seg svikta av Vesten.

– Eg trur ikkje det er internasjonal vilje til å verna oss. Det gjeld alle minoritetane. Forsøket på folkemord mot yezidiane blir berre fortalt som ei historie. Det vil koma nye forfølgingar. Vi trur ikkje IS er borte, mange terroristar har etter at dei vart nedkjempa, gøymt seg blant dei sivile og ventar på å organisera seg til nye angrep, annleis enn sist, men likevel farleg. Og sidan vi kristne ikkje forsvarar oss med vald, er alternativet å flykta.

Har reist
Gjennom hundreåra er klosteret halde oppe av at kristne har gjeve donasjonar. Men no er svært mange flykta frå landet. Og både dei som flykta og dei som er tilbake, mista alt dei hadde då IS dreiv si omfattande etniske reinsing. No er det i staden kyrkjefolket som treng hjelp.

– I tre år fekk vi inga hjelp utanfrå. Alt kvilte på kyrkja, seier fader Yusuf.

– Vi prøver å hjelpa folk. Men handlingsrommet vårt er lite. Vi gjer det beste vi kan for å byggja opp att eit liv for dei som er på flukt i eige land eller har prøvd å reisa heim til husa dei vart jaga i frå, seier fader Yusuf.

 

Eg seier at innan fem år, ikkje ti, vil Irak vera heilt tømt for kristne, dersom det ikkje blir ei løysing som gjev oss tryggleik.

Fader Yusuf

 

Framtid utanlands
Det er store syrisk-ortodokse samfunn i Holland, Sverige, USA, Canada, Australia. Mange av dei som er att, vil helst dra dit for å skapa ei framtid for barna sine.

– Dei fleste klandrar foreldra sine fordi dei ikkje drog frå Irak tidlegare. Dei er sjølve redde for at deira barn i neste omgang skal klandra dei. Mange ser inga framtid, dei har sett forfølging etter forfølging. Kvar skal dette enda, spør fader Yusuf.

– Blir du her til siste kristne dreg?

– Det veit eg ikkje. Eg er ikkje fri. Dersom kyrkja ber meg dra ein annan stad, må eg lyda. Sidan talet på kristne frå Irak stig i andre land, treng dei prestar der.

– Kor mange kristne er att i Irak om ti år?

– Eg seier at innan fem år, ikkje ti, vil Irak vera heilt tømt for kristne, dersom det ikkje blir ei løysing som gjev oss tryggleik. Då vil ingen bli verande her. Vi treng ein internasjonal garanti frå FN for vårt nærvær som kristne og andre minoritetar, fordi vi ikkje lenger stolar på nokon. Vi treng hjelp, og det hastar.

FØRST PUBLISERT I MAGASINET STEFANUS 3-2018. MAGASINET ER GRATIS, KJEM SJU GONGER I ÅRET. BLI ABONNENT HER.

 

FAKTA

Irak

Folketal: 35 millionar.
Hovedstad: Bagdad.
Oppretta etter første verdskrigen, under britisk styre, sjølvstendig i 1932.
Religion: Islam.

Kurdistan
Sjølvstyrt region i Nord-Irak
Hovudstad: Erbil
Omfattar to tredelar av områda med kurdisk fleirtal.
Avtale om sjølvstyre i 1970, aldri sett ut i livet.
Kurdisk sjølvstyre frå 1992, etter Golfkrigen.
Fire kurdisk-dominerte område vest og sørvest for Kurdistan har uavklart status.
Kring 100 kristne landsbyar ligg i Kurdistan. I dei «omstridde områda» ligg fleire kristne byar, som Qaraqosh, Bartella, Tel Skuf og Tel Keppe.

Ninive
Ruinby i Irak, like ved dagens Mosul.
Ein av dei viktigaste byane i oldtida i Midtausten.
I 1. Mosebok byggjer Noas barnebarn Nimrod her.
Profeten Jona blei sendt til Ninive for å profetera byens undergang dersom ikkje byen omvende seg. Folket angra, Gud sparte byen.
Angernen heldt ikkje. Profeten Nahum, som ligg gravlagt i Alqosh, vart send for å profetere undergang på ny. No vart byen øydelagt.
I Matt 12,41 snakkar Jesus om Ninive

 

AKTUELT

Fader Samir i den kaldeisk-katolske kyrkja i landsbyen Enishke i den kurdiske regionen i Irak viser fram eit bilete laga av ein avdød kunstnar. Kristne er på veg mot sitt Golgata, slangen er IS og andre ekstremistgrupper, elva er Tigris som gir håp.

Djup mistillit etter IS-barbariet

Desperasjonen er til å ta og føla på blant kyrkjeleierar i Irak. Det er dessutan djup mistillit til muslimar etter IS-barbariet. Bryr vi oss ikkje når Irak snart kan vera tømt for kristne?

PROSJEKT