Fengselscella til Hans Nielsen Hauge i Rådhusgata 7 i Oslo.

Fengselscella til Hans Nielsen Hauge i Rådhusgata 7 i Oslo.  


  • MELD DEG PÅ NYHETSBREV OM TROSFRIHET FRA STEFANUSALLIANSEN HER
     

For vel 200 år sidan utfordra den vandrande predikanten Hans Nielsen Hauge statsreligionen. Han nekta å bøya seg for at all forkynning skulle godkjennast av presten. Så kom det vanheilage tospannet – presten med lensmannen på slep – til samlingane til Hauge. Han hamna nokre veker i arresten –  ti gonger på sju år før 1804. Folket skulle tru slik stats- og kyrkjemakta ville at dei skulle tru.

Ekstremist-trussel
I 1804 hadde biskop Peder Hansen i Kristiansand fått nok. I eit harmdirrande brev til Det Danske Kanselli åtvara han mot Hauges «fanatiske lære». Biskopen refsa «svermeren» og emissærane hans. Dei skapte «mistillit mot Statens øverste autoriteter og særlig lærerstanden» – det var prestane biskopen var uroleg for. Faren var uhyrleg, for det ser «ut som Hauge har valgt å ligne muhammedaneren Abdul Vechab».

Abdul Vechab heitte eigentleg Muhammad ibn Abd al-Wahhab. Han grunnla wahabismen, den strenge og «reinsa» forma for islam som vart  og er statsreligionen i Saudi Arabia. Frode Ulvund har i Historisk Tidsskrift vist at dei skremsla som sultanen i Istanbul stod bak mot wahabismen, stod i avisene på tida Hauge verka.

Biskopen brukte altså det farlegaste dømet på religiøs fanatisme han visste om for med hjelp av makt å verna religionsmonopolet. Tek vi biskopens samanlikning inn i vår tid, likna altså Hauge på mannen som vart ideologisk grunnleggjar av terrorrørsla IS.

Tvang til dåp og nattverd
Oskar Skarsaune, professor i kyrkjehistorie, har i boka «Etterlyst: Bergprekenens Jesus» henta fram att samanlikninga. I boka set Skarsaune fingeren på dei ømmaste punkta i vestleg og norsk kyrkjearv – bygging av kyrkjer med makt og tvang. Boka fortener meir debatt enn ho så langt har utløyst, både om kva ei sann kyrkje er og om vilkåra for trusfridom.

Kristendommen har gjennom historia gitt mange gode impulsar til samfunnet – i undervisning, vitskap og helsestell. Men døma på maktbruk, tvang og undertrykking er diverre mange. Det skulle vore annleis.

Forteljingane i Det nye testamentet handlar om ein kristen minoritet som kjempar for fridom til å praktisera trua si. Styresmaktene skulle, les vi i Rom 13, handheva lov og orden, ikkje ei bestemt tru.

Islam
Det er annleis i Koranen som er skriven med det som premiss at islam beherskar samfunnet og sharia er lova alle skal følgja. Det er på eitt vis som i Israel i Det gamle testamentet. Der var Israels folkefellesskap og trusfellesskap samanfallande, og dei juridiske ordningane gjaldt heile folket. Men medan judaismens lov gjeld jødane, er islams politiske ambisjon universell. I muslimske land er minoritetar andre eller tredjerangs borgarar. Gledeleg nok har vi mange og tydelege muslimske stemmer i Noreg som står opp for trusfridom, ytringsfridom og demokrati.

IS har med sitt blodige valdsregime faktisk tvinga lærde på bana for å tolka viktige vers i Koranen motsett av IS. Vi ventar nervøst på om dette og diskusjonen om borgarrettar faktisk vil endra islam og lovverket i muslimske land.

Jødisk-kristen arv
I Det nye testamentet er adressaten for det første bodet det enkelte mennesket, ikkje folket. Trusfridommen og ytringsfridommen er i vår kultur grunnlagt i gudstrua og den plassen som den jødisk-kristne arven gjev mennesket som skapt i Guds bilete og som forvaltar over Guds skaparverk.

Denne krafta har diverre slite tungt i møte med maktstrukturane. Vi må likevel ikkje mista viktige nyansar av syne.  I Romarriket, der kristendommen oppstod, måtte undersåttane ofra til keisaren. Den første trusfridommen kom med Konstantin i 312, den første kristne keisaren. Dette er også ein del av arven.

Men så gjekk det gale igjen nokre tiår etter Konstantin. Kyrkja klarte ikkje å motstå freistinga som ligg makt og undertrykking. Det skulle vara lenge. Den dansk-norske kongen og prestestyret hans – som bygde kyrkje med makt – øydela helsa til Hans Nielsen Hauge i ei fengselscelle mellom 1804 og 1811 og med to års slaveri frå 1813.

Iransk prestestyre
Det er ikkje heilt det same dei held på med i dagens Iran. Men noko liknar. Sentrale leiarar for raskt veksande huskyrkjer er nyleg dømde til 10 og 15 år i fengsel. Den mest kjende skal også sona to års indre eksil. Regimet fryktar huskyrkjerørsla som ikkje bøyer seg for den shia-islamske statsreligionen.

Det iranske prestestyret er sjølvsagt hardare enn den dansknorske kongemakta var. Iran trugar potensielt kvar einaste omvende muslim og leiarane deira med arrestasjon, avhøyr, fengsling og psykologisk mishandling. Overvakinga er langt meir omfattande og avansert. Men Kongens embetsmenn måtte senda rapportar om Hans Nielsen Hauge som «spinner sitt nett over Norges rike», ifølgje biskopen. Det dansk-norske prestestyret gjorde det dei kunne.

Riv ned krossar
Kina brukar i dag frykt for ekstremismen som orsaking for å ta statleg kontroll over all religionsutøving. Krossteikn blir rivne ned av godkjende kyrkjebygg. Regimet både stengjer og sprengjer kyrkjer som ikkje vil vera statskontrollerte. Mange er arresterte.

Den russiske kriminaliseringa av misjon i 2016 kom i ei pakke med lover som skulle verna landet mot terrorisme. I prinsippet kan alle religiøse ytringar som ikkje er godkjende, straffast.

Putins lovverk rammar minoritetar som den statslojale ortodokse kyrkja ser på «som ugras», for å låna orda til Trond Bakkevig. I Noreg gjekk det 41 år frå biskop Peder Hansens varsku mot «svermeren» Hans Hauge, til det norske «ugraset» endeleg fekk starta frikyrkjer. Dissenterlova av 1845 sikra det første rommet for kristne utanfor statskyrkja. Andre minoritetar måtte venta. Kva Noreg gjorde med jødane er eit stort tema – først i 1851 blei den skammelege jødeparagrafen i Grunnlova oppheva.

Overgrep
Fornorskingspolitikken mot samar og kvenar viste til fulle korleis makta vart brukt for å tvinga minoritetar til å gje opp tru, språk og kultur. Først nyleg har Stortinget oppnemnt ein sannings- og forsoningskommisjon for å ta tak i desse overgrepa.

Vi har all grunn til å kjempa for trusfridom og rettane til minoritetar i Kina, Russland, Iran, Myanmar, Pakistan og andre land. Å feia skikkeleg for eiga dør kan gje oss skjerpa blikk og større truverde.

 

DETTE ER EIN TEKST BASERT PÅ EIN KRONIKK SOM FØRST BLEI PUBLISERT I DAGEN 21.11.2018.

Støtt kampen for trosfriheten

Enkeltgivere, grupper og menigheter utgjør ryggraden i vårt arbeid for trosfriheten.

Gi en gave

AKTUELT