Ei kyrkje i Narnepadu-landsbyen i delstaten Andhra Pradesh vart øydelagt 9. januar 2019.

Ei kyrkje i Narnepadu-landsbyen i delstaten Andhra Pradesh vart øydelagt 9. januar 2019.  


Rapporten «We are Indians too» kjem frå Open Doors og summerer opp den sterke veksten i angrip på minoritetar i India frå 2014 til 2018. Omfanget av rapporterte angrep dei tre første månadane i 2018 var større enn alle dei rapporterte angrepa i 2014. 

I 2014 kom det hindunasjonalistiske partiet BJP på ny til makta i India, og det fyrte opp ekstreme hindunasjonalistar som angrip minoritetar både muslimar, kristne og kastelause dalitar.. Ein hindunasjonalist meiner enkelt forklart at for å vera ein god indar, må du vera hindu. Dei ekstreme utgåvene av denne ideologien grip til hat og vald mot minoritetar.

Forbyr å skifte tro
I tillegg er det i åtte delstatar desse åra innført lover som praksis forbyr hinduar å konvertera til anna tru. Kastesystemet vert også brukt for å skapa eit giftig klima for religiøse minoritetar, ifølgje rapporten.

Angrip indiske kristne
Ein annan rapport viser at utviklinga skaut urovekkjande ny fart i 2019. Dei to første månadane i år blei det rapportert 77 hatrefulle episodar retta mot kristne, mot 49 i same periode i fjor.

Denne rapporten kjem frå ein kommisjon for trusfridom i The Evangelical Fellowship of India (EFI). Den sterke veksten inkluderer mordet på to kristne – i delstaten Odisha og i delstaten  Chhattisgarh – i februar.

Drap på indiske kristne
– Vi har grunn til å tro at begge menn, som var i 40-årene, vart drepne på grunn av trua si, seier rev. Vijayesh Lal, generalsekretær for EFI, til Morning Star News.

– Vi har registrert saker der kristne har vore utsette for sosial boikott og blitt kasta ut av landsbyane sine, og i nokre få tilfelle har folk måtta flykta for å redda livet, seier han.

Av dei 77 angrepa fann 16 stad i Tamil Nadu-staten, 12 i Uttar Pradesh, seks i Maharashtra og fem i Chhattisgarh. Fire andre delstatar hadde fire saker kvar, overraskande nok også Kerala som er den klart beste delstaten for kristne i India.

Det verste året
Til samanlikning vart det rapportert og dokumentert 50 tilfelle i januar og februar i 2017. 2017 vart sett under eitt det verste året for indiske kristne på lang tid.

I eit av dei rapporterte angrepa i Uttar Pradesh forstyrra kvinnelege politibetjentar den 13. januar en  ei søndagsgudsteneste og arresterte fire kvinner og to menn. Blant dei arresterte var ei kvinne som leia gudstenesta. På politistasjonen gjekk ei politikvinne til fysisk angrep på den kvinnelege pastoren, Sindhu Bharti, som blei medvitslaus.

Faren blei banka opp
Indiske Priscila Robert veit godt kva det er å vera indisk kristen under angrep. Ho har sett faren, som er pastor, bli banka opp.

Priscila som for tida bur i Noreg, følgjer utviklinga i India med uro. Ho er redd at tala berre er toppen av eit isfjell og at mange saker ikkje vert rapporterte, av frykt.

Faren er pinsepastor i storbyen Mombai. I 2001 kom ytterleggåande hinduar frå nabolaget inn i gudstenesta som vart halden i eit klasserom på ein skule. Priscila var 12 år. Inntrengjarane tok tak i faren og klandra han fordi det var for mykje lyd i gudstenesta. Dei byrja å banka han opp. Andre menn i gudstenesta kom til og fekk berga han vekk. Beskjeden frå inntrengjarane var klar: «Det er ikkje lov å ha gudsteneste her.»

Etter eit par veker utan gudsteneste blei gudstenestene flytta til ein annan skule der fleire kyrkjelydar hadde samlingane sine. Det var tryggare.

Indisk valg
Angrepet skjedde medan det hindunasjonalistiske partiet BJP hadde makta sist. Etter å ha tapt valet for Kongresspartiet i 2014, kom BJP tilbake til makta i India i 2014. Då vart det ny vekst i angrep på kristne. Angrepa kjem frå ekstreme hindunasjonalistar, altså dei som meiner at for å vera ein god indar, må du vera hindu.

 

Valet til ny nasjonalforsamlinga i India vert avvikla i desse dagar. Priscila håpar at BJP mistar makta i valet som skal avviklast i India fram til mai.