Det er blitt fleire angrep frå fundamentalistiske hinduar på kristne kyrkjer i statsministerperioden til Narendra Modi.

Det er blitt fleire angrep frå fundamentalistiske hinduar på kristne kyrkjer i statsministerperioden til Narendra Modi.  


Den indiske statsministeren brukte nasjonaldagen 15. august til å sparka i gang ein lang valkamp. Narendra Modi gjer det han kan for i valet neste år å få ein ny femårsperiode.

Han hevda i talen at han har vekt opp «den sovande elefanten» India – at han har fått elefanten til å reisa seg og byrja å springa. Det er ei oppvakning vi må vera klar over.

Modi lanserte store visjonar: ei stor helsereform heime, ei rolle som økonomisk stormakt i verda og ein indar i verdsrommet innan 2022.  Modi må meir enn gjerne skapa større rettferd for fattige. At han utfordrar som økonomisk stormakt må vi bu oss på. Men Modi og partiet hans har også sett fart i den hindunasjonalistiske bevegelsen som tidvis har valsa over minoritetar.

Modi og det høgreorienterte partiet BJP kom til makta i 2014. BJP har nære band til den nasjonalistiske hindutva-rørsla. Sidan 2014 har vi sett ei mengd valdelege angrep på kristne og muslimar, utført av fanatiske hindunasjonalistiske grupper. Religion er samstundes svært viktig i India.  Muslimar er til dømes blitt lynsja til døde fordi dei et biff eller har ført kyr – heilagt dyr i India – til slaktebenken.

For hindu-nasjonalistane må ein, for å seia det enkelt, vera hindu for å vera ein god indar. Det gjer det verre og verre å vera religiøs minoritet. Opphavsmannen til hindunasjonalismen karakteriserte i si tid muslimar, kristne og kommunistar som dei største tryggingstruslane for India.

Modi lovde å verna dalitane (dei kastelause og «ureine») og dei fattige. For første gong fordømde han dei ekstremistiske valdsangrep mot minoritetar. Men kritikarane meiner at dette var altfor seint. Hadde han fordømt angrepa tidlegare og sytt for at politi og rettsapparat hadde gjort jobben sin, kunne mange liv vore sparde. Angrepa er heller ikkje over.

Berre eit par dagar før Modi talte, angreip radikale hinduar ei pinsekyrkje i Depura i Bihar i nordaust. Kyrkja vart skulda for å ha tvinga hinduar til å konvertera, skriv Asia News. «Fabrikkerte og grunnlause skuldingar», svarte presidenten i Global Council of Indian Christians. 9. august blei ei ni år gamal jente i Punjab gjengvaldteken og drepen etter at familien hadde konvertert til kristendommen, melder Hindustan Times

I juli hamna ein pastor og sonen hans, i ein by i delstaten Madhya Pradesh, på sjukehus etter eit farleg møte med 30 radikale hinduar. Kyrkja hans vart også utsett for angrep i 2017. Då vart pastoren fengsla i seks månader, skulda for tvangskonvertering.

Ei av dei mest utbreidde skuldingane mot kristne er at dei brukar makt for å få hinduar til å omvenda seg. Det blir sette ut rykte om bruk av pengar. Sju delstatar har dei siste åra vedteke lover som kriminaliserer konvertering med tvang eller lokkemiddel.

Men den internasjonale Lausanne-komiteen slår fast i ein fersk rapport om «religiøs identitet, nasjonalisme og vald i Søraust-Asia» at det sidan 60-talet berre er felt ein einaste dom etter slike lover. India har innført strenge reglar for utanlandsk finansiering og bruken av slike midlar. Dei nye delstatslovene blir ein reiskap i hendene på religiøse ekstremistar som vil skapa frykt – og ta lova i eigne hender–, enn handtering av reelle problem. Desse lovene er spreidde til naboland i Søraust-Asia.

«Trass i ein rik tradisjon og eit juridisk rammeverk som stør samvitsfridommen og retten til å praktisera, snakka ope om og forkynna religionen sin, opplever religiøse minoritetar i India at dei stadig oftare blir offer for religiøst motivert vald,» heiter det i ein rapport frå Lausanne-komiteen frå 2016.

I 2017 var toppåret i den nye bølgja av angrep på minoritetar. United Christian Forum talde opp meir enn 250 valdsangrep mot kristne. Det evangeliske kyrkjefellesskapet (EFI) summerte i rapporten for 2017 opp 351 verifiserte tilfelle av hatkriminalitet og kalla 2017 «eit traumatisk år». I rapporten «Hat og målretta vald mot kristne i India» vart det åtvara mot at kristne mistar tiltrua til styresmaktene.

Langt dei fleste tilfella av vald blir aldri melde til politiet. Anten er ofra for skremde, eller så snur politiet, ikkje minst i dei nordlege delstatane, ryggen til. At valdsmenn ofte slepp unna utan å bli straffeforfølgde, motiverer meir hatefull prat og vald frå hinduekstremistar.

Det store fleirtalet av hinduar utgjer ingen trugsmål mot kristne, muslimar eller andre minoritetar. Og det er store skilnader mellom delstatar.

Men religiøs nasjonalistisk retorikk frå toppen har inspirert hindunasjonalistiske ekstremistar til å ta seg til rette. Det trengst massivt arbeid for å styrkja eit styre basert på lov og rett og å dyrka fram ei forståing av grunnleggjande rettar. I år er det 70-års jubileum for Verdserklæringa for menneskerettar. At det diverre synest å gå feil veg for minoritetane i det største demokratiet, er ille.

India må ta på alvor rolla som det største demokratiet. Men vi treng ikkje eit religiøst inspirert fleirtalsdiktatur der andre enn hinduar blir undertrykte og risikerer verbale og fysiske angrep frå fanatiske grupper som slepp straff. I så fall blir India ein farleg elefant i fart.

FØRST PUBLISERT SOM KRONIKK I STAVANGER AFTENBLAD 21.8.2018