Amerikanske Pew Research Centre har analysert demografiske endringar blant verdas viktigaste religionar. Det var 1,6 milliardar muslimar i verda i 2010 – kring 23 prosent av folketalet i verda.

Pew-forskarane har funne ut at talet på muslimar vil vekse med 73 prosent mellom 2010 og 2050, samanlikna med 35 prosent for kristne, den religionen som veks nest raskast, ifølgje ein Pew-report frå 2015.  

Verdas folketal vil i den same perioden vekse med 35 prosent. Dersom denne vekstraten held fram etter 2050, vil talet på muslimar bli større enn talet på kristne i år 2070, ifølgje rapporten.

Dette er vel og merka folk som bur i land der islam er den dominerande religionen. Tala seier oss altså berre noko om reine folketal, i den grad slike demografiske framskrivingar vil vise å halde mål. Til det er dei generelt usikre.

Mange land i Midtausten og Nord-Afrika er sterkt dominerte av islam. Det var i denne regionen islam oppstod. Men denne regionen har i dag berre 20 prosent av verdas muslimar. Eit klart fleirtal – 62 prosent – av verdas muslimar – bur i Asia og Stillehavsområdet, i land som Indonesia, India, Pakistan, Bangladesh, Iran og Tyrkia.

I 2050 vil talet på muslimar nesten vere like stort som talet på kristne.

I 2050 vil folk som ikkje høyrer til nokon religion – ateistar, agnostikarar og andre – vil utgjere ein synkande del av folket på jorda. Det dei reint demografiske tala viser er altså at ikkje-religiøse livssyn ikkje er på global frammarsj.

I 2050 vil 10 prosent av folket i Europa vere muslimar, ifølgje Pew. Det skuldast flyktningstraumar og innvandring.

Det er, ifølgje Pew, to viktige grunnar til den raske veksten for islam. Begge er reint demografiske og har altså ikkje noko med muslimsk misjonsverksemd å gjera. Den første forklaringa er at muslimar får fleire barn enn folk som høyrer til andre religionar. Muslimske kvinner får i gjennomsnitt 3,1 barn, samanlikna med 2,3 prosent for alle andre grupper samla sett.

Den andre grunnen er at gjennomsnittsalderen til verdas muslimar er klart lågast. Det inneber at fleire muslimar enn folk som høyrer til andre religionar, er i det stadiet eller er på veg til det stadiet der dei vil byrje å få barn.

Desse demografiske framskrivingane fortel oss difor heller ikkje noko om utviklinga i islam. Tala fortel oss ikkje noko om følgjene verken av islamsk ekstremisme og valdelege organisasjonar på den eine sida, og mogeleg fråfall på den andre sida frå folk som ikkje klarar å vere knytte til ein religion der inntrykket så sterkt blir skapt av dei ekstremistiske kreftene.

Ifølgje rapporten kjem kristendommen til å lide av at fleire forlet kristendiommen enn dei som kjem til. Globalt vil 40 millionar konvertere til kristendommen, medan 100 millionar truleg vil forlate kristendommen for å bli ikkje-religiøse eller høyre til andre religionar. 

 

AKTUELT

PROSJEKT

Egypt: Stefanusbarna

På «søppelfjellet» i Kairo bor det tusenvis av kristne familier som er overlatt til å leve i, og av, storbyens søppel. Inspirert av Jesu kjærlighet har Mama Maggie gjennom tre tiår bygget opp et arbeid som kalles Stefanusbarna. Stefanusalliansen støtter dette arbeidet.