Vi har ei plikt til å prøva å forstå kva som øydelegg Jemen.

Vi har ei plikt til å prøva å forstå kva som øydelegg Jemen.  


Hør artikkelen som lydfil

Jemen er eit fattig land med sterk folkevekst, snart uttømde naturressursar og ei svært strategisk plassering sør på Den arabiske halvøya. Den som kontrollerer Jemen, kontrollerer innseglinga til Raudehavet og Suezkanalen. Det har naboen Saudi-Arabia forstått: På den andre kysten sin, i Persiabukta, er Saudi-Arabia avhengig av Hormuz-stredet der erkefienden Iran har kontroll.

Klanane styrer
Medan andre land i Midtausten har hatt ein sterk statsmakt, finst den knapt i Jemen. Her er det klanane som styrer. Cecilie Hellestveit får dette godt fram i boka «Ulykkelige Arabia. Verden etter Jemen» (Spartacus, 2021).

Då Sør- og Nord-Jemen i 1990 vart samla etter press utanfrå, skaka det klansamfunnet i Jemen. I nord hadde klanar, med namn etter Hussein al Houthi, hatt makt i tusen år. No retta dei våpna mot den nye regjeringa, utgått frå hasdid-klanane. Dei første er sjia-muslimar, dei siste er sunni – men motsetnadene skuldast ikkje først og fremst det.

Diktatoren Saleh måtte gå av under Den arabiske våren i 2011. Den avsette Saleh allierte seg med misnøgde houthiar og retta våpna mot regjeringa leia av Abed Rabbo Mansour Hadi. Dei kuppa tilbake hovudstaden Sanaa og mykje meir til. Då Saleh vart drepen i 2017, stod houthi-bevegelsen berre att med Iran som støtte.

Saudiske bombetokt
Saudi-Arabia samla ein sunni-muslimsk allianse til støtte for Hadi, som var internasjonalt anerkjent som herskar – og bomba Jemen i filler. Med FN-mandat har dei også handheva sanksjonar for å strupa houthiane.

Men Jemen fløymer over av våpen og smuglarruter. Sanksjonane har ikkje stogga houthiane. I praksis er sanksjonane blitt brukte til pressa andre klanar til å snu ryggen til houthiane, fordi dei ikkje skaffar mat til folket. Men houthiane har svart med same mynt. Slik er svolt blitt dødeleg våpen.

Hellestveit slår fast at Tryggingsrådet, som er blitt uroleg, ufriviljug sjølv la til rette for dette.

 

Slik er svolt blitt dødeleg våpen.

 

 

Cecilie Hellestveit, her fotografert etter at ho skreiv bok om krigen i Syria, har no skrive engasjert og forståeleg om Jemen. Foto: Johannes Morken

Jemen og oss
I Jemen har IS og Al-Qaida fått fotfeste. Halvparten av terroristane som angreip USA 11. september 2001, kom frå Jemen – dei angreip ikkje minst på grunn av USAs rolle på Den arabiske halvøya, som støttespelar for Saudi-Arabia. Charlie Hebdo-terroristane kom frå Jemen.

Jemen vedkjem oss. Ikkje berre gøymer Jemen ein mann som drap ei ung norsk kvinne i London. Oljefondet har tent pengar i Jemen. Norske reiarar har hatt store interesser, men rota seg inn i Jemen utan å forstå landet. Etter å ha lese Hellestveit forstår eg meir – også kvifor konflikten er så uløyseleg. Men eit folk som er herja av klanar og av ytre aktørar som er meir opptatt av makt enn menneske, fortener fred.

FØRST PUBLISERT I MAGASINET STEFANUS 3-2021

AKTUELT

Sekker med ris og kanner med olje holder liv i sultne.

Mat og tro i krigens redsler

Midt i verdens verste humanitære katastrofe kommer mennesker til kristen tro i Jemen. Fra et annet land i Midtøsten får noen hundre av dem åndelig støtte – og hjelp til ikke å sulte i hjel. 

PROSJEKT