– Regjeringen må se angrepet som utslag av voksende fundamentalisme, sier Emanuel Youkhana.
Kristne på flukt etter ny kurdisk-irakisk strid
Ikkje før var dei første kristne familiane i Irak komne tilbake til heimane dei vart fordrivne frå av IS i 2014, før den kurdisk-irakiske konflikten skapte ny frykt - og ny flukt.

Kyrkje i Teleskuf i Nord-Irak.
Skulle det bli ein større valdeleg konflikt mellom dei kurdiske styrkane i Nord-Irak og den irakiske hæren, trur ekspertar at dei siste kristne i Irak vil forlata landet for godt, melder World Watch Monitor.
I byen Teleskuf på Ninive-sletta nord i Irak har kristne måtta flykta igjen på grunn av kampane mellom dei kurdiske peshmerga-styrkane og den irakiske hæren, melder Christian Solidarity Worldwide 26. oktober. Teleskuf ligg vel 20 kilometer nord for Mosul. Dit hadde dei vendt heime etter tre år på flukt frå IS. Dei var godt i gang med gjenoppbygginga. Men no er dei tilbake på flukt.
Lokale kjelder opplyser til CSW at kurdiske epshmerga-styrkar rykka inn i Teleskuf 24. oktober i eit forsøk på å stoppa frammarsjen til den irakiske hæren, støtta av ein shiamuslimsk milits med namnet Folkets mobiliseringshær.
Tvinga
Hundrevis av kristne familiar vart tvinga til å flykta Teleskuf og Aiqush, ein annan av dei kristne landsbyane på Ninive-sletta. Mange sivile skal ha blitt skadde. Striden er eit framhald av striden som oppstod etter den kurdiske folkerøystinga 25. oktober – om kurdisk sjølvstende. Dei som flykta denne gongen, hadde for nokre månader sidan vendt heime og bygd opp att landsbyen etter at IS tok kontrollen og fordreiv innbyggjarane sommaren 2014. Dei er altså på flukt igjen, inne i Irak.
Dei kurdiske styrkane har under krigen og kaoset i Irak dei siste åra teke kontroll over landsbyar og byar utanfor det sjølvstyrte kurdiske området etablert etter den amerikanske invasjonen i 2003. Den største av byane som kurdarane tok kontrollen over i kasoet då IS herja, var Kirkuk. Men det gjeld også nokre landsbyar lengre nord . Når IS no er meir eller mindre nedkjempa, er kristne i ein del byar og landsbyar hamna i knipe mellom den irakiske hæren på frammarsj og dei kurdiske styrkane og ei statshungrig kurdisk sjølvstyreregjering.
Flytta heim
Nokre tusen kristne har dei siste månadane reist heim til dei landsbyane og byane dei måtte forlata i all hast då IS-styrkane kom i 2014. Landsbyane og byane ligg på Ninive-sletta i Nord-Irak. Den største kristne byen Karaqosh ligg tre-fire mil aust for den store byen Mosul der IS-styrkane blei fordrivne tidlegare i haust. Karamles er ein av byane kristne har vendt tilbake til.
Det store fleirtalet av irakiske kristne har forlete landet. Men det er framleis 200 000 – 250 000 igjen. Mange har dei siste tre åra søkt vern i dei sjølvstyrte kurdiske områda nord i Irak med Erbil som hovudstad. Der har dei vore trygge, og desse områda har vore rolegare enn mange andre delar av Irak.
Så kom altså folkerøystinga i dei kurdiske områda 25. september. Dei kurdiske styresmaktene let også innbyggjarane i byen Kiruk eit stykke sør for Erbil vera med i ei folkerøysting om kravet om ein sjølvstendig stat.
Oljerikdom i Kirkuk
Kirkuk er ein by dei kurdiske leiarane har gjort krav på, dels av historiske grunnar og fordi dei kurdiske peshmergastyrkane overtok denne byen før IS kom dit i 2014. Men dei irakiske styrkane jaga altså peshmerga-styrkane ut av Kirkuk som ligg midt i viktige oljereservar og difor er ekstra viktig i kampen om kontrollen over Nord-Irak.
Folkerøystinga og kampane om Kirkuk har skapt frykt for at freden som kom med nedkjempinga av IS, ikkje vil vara. Stephen Rasche, juridisk rådgjevar for den katolske erkebiskopen i den kurdiske hovudstaden Erbil, seier til World Watch Monitor at dersom kampane held fram, vil dei kristne i Nord-Irak leggja på flukt.
– Dersom det verkeleg bryt ut kampar på Ninive-sletta, vil det tyda slutten for dei kristne her. Dei vil ikkje venta. Dei vil forlata området og neppe venda tilbake, seier Rasche.
Delt i to
Rasche seier at dei kristne på Ninive-sletta er delt i to, mellom dei kurdiske peshmerga-styrkane på den eine sida, og dei irakiske styrkane til Bagdad-regjeringa på den andre.
– Kristne er på begge sider, seier Rasche.
Den katolske presten Salar Kajo, representant for ein katolsk hjelpeorganisasjon (Aid to the Church in Need), åtvarar også:
– Dersom det blir full krig igjen i Irak, er eg redd dei kristne ikkje vil overleva.
Øydeleggja
Hjelpeorganisasjonen er redd for at irakisk-kurdisk vald kan øydeleggja arbeidet som har hjelpt nokre tusen kristne flyktningar heim. Fader Kajo seier at sidan landsbyane og byane med kristen majoritet ligg i omstridde område, har verken den irakiske regjeringa eller dei kurdiske styresmaktene teke hand om velferda for dei kristne som har vendt heim til øydelagde byar og landsbyar.
Kajo deltok under lanseringa av rapporten «Persecuted and forgotten». Han seier at kurdarane vil ta land som kristne bur på for å erklæra ein stat. Den irakiske regjeringa bryr seg ikkje, seier han, om velferda til dei kristne i desse områda. «Dei seier at den irakiske regjeringa ikkje veit om dei kristne vil følgja den kurdiske regjeringa eller regjeringa i Bagdad», ifølgje Kajo.
Fleire byar
Ein av dei landsbyane den irakiske hæren har overteke er Bashiqa, nordaust for Mosul, melder World Watch Monitor. (Kartillustrasjonen over Ninive-sletta er laga av World Watch Monitor). Dei kurdiske styrkane trekte seg ut, og like etterpå inntok irakiske styrkar denne byen. Kring 200 kristne familiar hadde vendt tilbake til Bashiqa. Fader Poulus seier til World Watch Monitor at han er glad for at det var dei irakiske regjeringsstyrkane som tok kontrollen over byen og ikkje Folkets mobiliseringshær, ein organisasjon danna av den irakiske hæren - med først og fremst shia-muslimar – for å nedkjempa IS. Fader Poulus seier at dei som har vendt heim, heller vil vera der enn å vera på intern flukt. Ein annan prest, fader Yacoub frå Bartella, seier at «ingenting verre kan henda dei kristne enn IS».
Barns helvete
Nonna Annie Demerjian, med base i den syriske byen Aleppo, gir ei oppskakande skildring av kor grufulle følgjer livet under IS har for barn i Syria og Irak. Ho snakkar om ein tapt generasjon.
– Krig er den einaste vegen barna veit om. Dei er førte inn i eit kaos og er ufrivillig blitt aktørar i eit helvete dei ikkje skapte, seier ho, ifølgje World Watch Monitor.