Emanuel Youkhana følgjer pandemien og krisa for Iraks minoritetar fra basen sin i Duhuk, nord i den kurdiske regionen i Irak.

Emanuel Youkhana følgjer pandemien og krisa for Iraks minoritetar fra basen sin i Duhuk, nord i den kurdiske regionen i Irak.  


Alle kristne blir under koronakrisa kalla til å vera trufaste under ein unntakstilstand, kommenterer Youkhana. Alle spør seg: Kva gjer vi når vi ikkje kan møtast?

– Vi har akkurat no eit vindauga. Nettopp i denne tida kan kristne i Vest lettare forstå korleis kyrkja har hatt og har det under forfølging. Kristne blir fengsla og blir martyrar fordi dei møtest, seier Youkhana. Han leier hjelpeorganisasjonen Capni, partner for Stefanusalliansen i Nord-Irak.

– Europa og Vestens kristne lever i det eg her frå Irak vil kalla ein luksuskristendom. Mange opplever til vanleg gledesida i kristendomen gjennom høgtidene. I ei tid der kristne verda over ikkje kan samlast, er appellen min: Hugs på kristne som til vanleg ikkje kan samlast trygt. Be for dei forfølgde. Hjelp oss som kjempar for minoritetar.

Påske i unntakstilstand
Også i Irak var påska heilt annleis. Det var forbode å samlast, av helsegrunnar. Gudstenestene blei gjennomførte av prestar og overførte på nettet til kyrkjefolket som sat heime. I Erbil, hovudstaden i den kurdiske regionen i nord, var det portforbod på grunn av 200 smitta. Også på Ninivesletta var det portforbod, sjølv om det er svært få smitta og ingen døde i byar som Bartella og Qarakosh. Youkhana håpar at dei låge smittetala stemmer.

I Duhok, der Capni og Youkhana held til, er det berre 15 smitta, ingen er døde og tre er blitt friske. Frå fleire kyrkjer drog prestar difor heim til folk for å dela ut nattverden etter at gudstenestene var overførte på nettet. I hovudstaden Bagdad sette ein kaldeisk prest seg på sykkelen palmesøndag for å dela ut olivengreiner etter gudstenesta.

Iraks politiske krise
Koronakrisa i Irak kom etter at landet i fleire månader hadde vore prega av heftige gateprotestar mot den korrupte regjeringa i eit land der makt blir fordelt etter religiøse skiljeliner. Gateprotestane tok inntil vidare slutt på grunn av viruset. Men folk har varsla at dei vert tekne oppatt så snart det blir råd, og med fornya styrke, fordi krisa har vist at regjeringa endå ein gong har svikta dei fattigaste.

Økonomisk er det full krise. 90 prosent av Iraks inntekter er frå oljen – og oljeprisen har falle som ein stein. I eit halvt år har landet streva med å få på plass ei ny regjering. Det er usikkert kva som kjem etter at ei ny regjering er på plass.

– Irak er klemt mellom USA og Iran. Vi treng framleis amerikanske styrkar i kampen mot IS. Men dei sterke Iran-støtta militsane i Irak krev at USA trekkjer seg ut. Dette er ein umogeleg balansegang. Heile framtida for Irak er eit ope spørsmål. Formelt er vi eit uavhengig land. Men realiteten er at Iraks lagnad kan bli den same som Libyas og Jemens, fryktar Youkhana.

 

Tusenvis av jesidiar bur i flyktningleirar i Nord-Irak. Framtida til jesidiane og dei kristne i Irak er endå meir uviss på grunn av koronakrisa. Foto: Pål Brenne

Kristne og jesidiar offer
Youkhana skulle vore i Noreg like etter påske for å snakka om framtida for minoritetane i Irak. Turen måtte avlysast på grunn av koronakrisa. I staden sit han på kontoret i Duhuk i Nord-Irak og gjennomfører intervjuet med Magasinet Stefanus på Skype.

Fleire titusen kristne og langt færre jesidiar har vendt heim til landsbyar og byar som dei vart jaga frå av IS i 2014. Capni-prosjekta for å byggja opp att heimar og hjelpa folk med arbeid (som Stefanusalliansen støttar), er sette på vent på grunn av koronakrisa. Capni bidreg med vernemasker og med det som kan utførast via nettet – som kurs og rådgjeving.

Mange familiar fekk tidlegare støtte frå slekt og familiar i utlandet. No er det full stopp i bankoverføringar. Dei friviljuge irakiske organisasjonane som har støtta jesidiane og kristne, får no truleg endå mindre å rutta med.

– Koronakrisa rammar minoritetane aller hardast, slik alle kriser gjer. Framtida for dei er endå meir uviss, konstaterer Youkhana.

Minoritetane var langt nede på prioriteringslista til regjeringa i Irak før koronakrisa, og kjem endå lengre ned no. I tillegg føler folk seg utrygge i område som ofte er styrte av militsar.

– Vi treng ein europeisk intervensjon for Irak – ein politisk. Alt økonomisk samarbeid må skje på vilkår av respekt for menneskerettar. Eg håpar at Noreg, Tyskland og USA hjelper oss med støtte til minoritetane. Håp må skapast på bakken – arbeid, økonomi og utdanning.

Gjev ikkje opp håpet

– Kvar finn du sjølv håpet?

–  Eg finn håp i at vi høyrer til ein Far som ofra sin eigen son for oss. I vår kyrkje er den første søndagen etter påske Den nye søndagen. Eg finn håp i dette, at vi kan få ein ny start og eit nytt liv. Eg finn også håp i dei første orda Jesus sa då han viste seg for disiplane: «Fred vere med dykk.» Eg ber om fred. Og eg ber: Ikkje gløym oss!

FØRST PUBLISERT I MAGASINET 3-2020. INTERVJUET GJORT 25. MARS.
 

Emanuel Youkhana – uroleg for vedvarande politisk og økonomisk krise. Foto: Pål Brenne

‘Iraks politiske krise er ikke løst, spenningene er dype’
 

Oppdatering 20. mai. På epost forteller Emanuel Youkhana:
 

– Situasjonen med Covid 19 er stabil her i Duhok. Ni smittetilfeller ble funnet de to siste ukene. I Erbil, hovedstaden i den kurdiske regionen, er situasjonen den samme. I andre deler av Irak er det imidlertid en alvorlig smittetrussel på grunn av at folk ikke følger rådene om sosial distanse. Det er bestemt å avslutte skoleåret.

– På det økonomiske planet vil situasjonen bli enda verre med oljeprisens kollaps. Regjeringens evne til å betale lønn er et spørsmål. Dette problemet er verst i Kurdistan da regjeringen i Bagdad sluttet å betale lønningene for offentlig sektor i Kurdistan.

– På politisk nivå er dannelsen av den nye irakiske regjeringen fortsatt ikke fullført. Det mangler fortsatt syv ministre som skal nomineres, av 22. Det er ikke klart hvordan dette vil gå på grunn av de dype konfliktene mellom de sjiamuslimske, kurdiske og sunnimuslimske blokkene av partier.

– Den amerikansk-iranske spenningen gjenspeiles fremdeles på bakken med raketter som er rettet mot amerikanske baser.

– Folket er ikke overbevist ennå om at kravene fra de store demonstrasjonene som var i gatene fra oktober til koronakrisen, er oppfylt. Det er planer om å gjenoppta demonstrasjonene etter at den muslimsk id-festen er over, under id vil det være fullstendig portforbud over hele Irak.

 

Støtt dem som kjemper for et nytt Irak

Stefanusalliansen har en rekke prosjekter for en ny fremtid i Irak. Merk gaven: Irak

Gi en gave

AKTUELT

PROSJEKT