Aung Myo Min på besøk hos Stefanusalliansen, her på seminar på kontoret saman med stortingsrepresentant Ola Elvestuen i Venstre.

Aung Myo Min på besøk hos Stefanusalliansen, her på seminar på kontoret saman med stortingsrepresentant Ola Elvestuen i Venstre.  


Han var flyktning i 23 år etter ei flukt for livet i 1988. No er Aung Myo Min flyktning på nytt – denne gongen som menneskerettsminister i ei skuggeregjering i eksil.

Nyleg var Stefanusalliansen vertskap for han då han hadde eit hektisk program i Oslo med møte i Stortinget og i Utanriksdepartementet og med møte med mange aktlrar i sivilsamfunnet.

Han vart også intervjua av VG og Vårt Land.

I 1988 slo hæren i Burma (Myanmar) brutalt slo ned studentdemonstrasjonane Myo Min stod sentralt i. I eksil i nabolandet Thailand starta han eit arbeid for å utdanna unge som skulle byggja sivilsamfunn. Kull etter kull kom over grensa for å få opplæring i demokrati og menneskerettar før dei drog heim. 

 I 2012, etter at det reine militærstyret var borte, kunne Myo Min flytta Equality Myanmar inn i landet, som partnar for Stefanusalliansen. 

– Håpet var at vi gjekk mot demokrati. Så kom kuppet, seier Myo Min.  

Krevjande flukt 
Den dramatiske natta til 1. februar vart Myo Min varsla av vener og gjekk under jorda. Han vart verna av vener. 

Etter ei krevjande flukt gjennom India, kom Myo Min til «eit land i Europa». 

Skuggeregjeringa kjempar for å erstatta juntaen, og den bed det internasjonale samfunnet om anerkjenning – som legitim representant for Myanmar. Noreg har ikkje gjort det. Men Utanriksdepartementet møtte Myo Min då Stefanusalliansen var vertskap for han under eit besøk i Oslo i slutten av september. 

Oppheva døgnrytme 
Frå «kontoret» leier Myo Min eit menneskerettsdepartement med ein stab på fem – alle er friviljuge. Dei skal dokumentere massive overgrep.  

Regjeringsmedlemmane sit i Asia, Europa og Amerika. Dei digitale møta skjer til alle tider av det europeiske døgnet. All sunn døgnrytme er oppheva for Myo Min som slit med helseproblem etter å ha transplantert ei nyre. 

Skuggeregjeringa går ikkje ut frå den regjeringa som vart leia av Aung Sann Suu Kyi før kuppet. Den vart derimot vald av dei parlamentsmedlemmane som ikkje blei arresterte under kuppet.

Nokre er partifolk. Andre er frå etniske folkegrupper. Myo Min er henta frå sivilsamfunnet. Han har i over 30 år vore ein leiande figur i oppbygginga av sivilsamfunnet i Myanmar.

– Kva skilnader ser du mellom situasjonen no og i 1988 då du første gong flykta for livet? 

– Den gongen var det berre studentar som demonstrerte, i 2021 er det mange frå alle generasjonar. 

– I 1988 visste vi berre at vi var mot eittpartistaten. Vi visste ikkje kva vi ville ha i staden. No vil vi ha eit demokrati, ein føderasjon mellom dei ulike statane i Myanmar. 

«Vi var hjernevaska» 

Myo Min erkjenner at «i 1988 var vi hjernevaska med at dei etniske gruppene var fiendar av staten».  

– Vi visste ikkje kvifor etniske opprørsgrupper kjempa mot staten. No forstår også unge dei etniske gruppene som har vore brutalt undertrykte av hæren i mange tiår.  

– I  1988 hadde vi ikkje kunnskap om menneskerettar som ytringsfridom og trusfridom. No kjempar vi for demokrati med menneskerettar. Vi har endra tenkjemåten i synet på kvinner, etniske folkegrupper og LHBT-personar, sier Myo Min som sjølv er homofil. 

– Vi vil ha slutt på diskrimineringa, seier Myo Min. 

Tek opp våpen 
– Skuggeregjeringa har oppfordra til væpna motstand. Kvifor? 

 – Motstanden mot kuppet var i starten fredeleg. Det militære starta valden, ved å arrestera og skyta demonstrantar og brenna landsbyar. Det er ingen tvil om kven som starta valden. Hæren i Myanmar er ein kriminell institusjon. Militærjuntaen vil bruke overdreven makt for å hemne seg. Men opprøret vil speie seg vidare. Det kan i verste fall bli ein borgarkrig. Vi ønskjer sjølvsagt ingen borgarkrig, men vi åtvarar militæret om at det no har gått så langt at folket har retten til forsvara seg med væpna motstand, seier Myo Min.

Brutal forfølging
Myo Min seier til VG at skuggeregjeringa arbeider for at dei ulike etniske gruppene som yter motstand mot militærjuntaen, skal følgja det same etiske regelverket, noko han meiner militærjuntaen ikkje gjer. 

– Den brutale forfølginga av Rohingya-minoriteten viste verda kva militøret står for. No er det gått sju månader sidan juntaen oppheva demokratiet. Folket har rett til å forsvara seg, seier Myo Min. 

AKTUELT

PROSJEKT