Forsvarar kvinner mot valdelege menn under pandemien - Stefanusalliansen
Kvinner i Egypt blir sett under hardt press frå familien til å kle seg slik tradisjonen eller trua seier.

Kvinner i Egypt blir sett under hardt press frå familien til å kle seg slik tradisjonen eller trua seier.  

Egypt   

FN-rapportar fortel om meir familievald når verdas menn blir gåande arbeidslause heime – og åtvarar mot eit kraftig tilbakeslag i kampen mot kjønnsbasert vald. 

Ein av partnarane til Stefanusalliansen i Egypt har alt publisert ein video på Facebook om vald mot kvinner og jenter – første steg i eit nytt prosjekt. 

Vald mot jenter og kvinner 
– Mange jenter og kvinner i Egypt er utsette for fysiske og verbale overgrep frå foreldre og brør, på gata og i arbeidslivet. Det er vanskeleg å få tal frå Egypt under pandemien. Men FN-rapportar frå andre land gjer at vi tek tak, seier «Zonia» og legg til: 

– Når menn blir utan arbeid og heller ikkje kan gå ut for å røyka pipe med venene, blir dei sitjande heime. Dette går ut over kvinner og barn, også i form av aggresjon og vald. 

Magasinet Stefanus intervjua henne sist i nr 2-2020 om eit kurs i trusfridom – for prestar, pastorar, ungdomsleiarar og mediefolk i Egypt. Ikkje før var kurset over og prestane og pastorane skulle arrangera samlingar i kyrkjene sine, så blei Egypt stengt ned. 

Men «Zonia» og kollegaene hos Stefanusalliansens partnar i Egypt gjev ikkje opp, heller ikkje i oppfølginga av kurset i trusfridom. Og no kjem altså eit nytt prosjekt. Den første filmen om vald har fått nærare 70 000 visningar. 

– Vi merkar tørst etter informasjon. Fleire valdsutsette kvinner har meldt seg etter at dei såg filmen. Vi vil hjelpa kvinner og jenter som opplever overgrep. Og vi vil gjera vårt for å redusera faren for nye overgrep, seier «Zonia». Av tryggingsgrunnar fortel vi ikkje namnet på organisasjonen eller det eigentlege namnet til  «Zonia». 

Visa kvinner rettane deira 
Det skal bli fleire filmar som skal gjera kvinnene og jentene klar over rettane sine. Mange jenter veit ikkje veit når fysiske og verbale utfall faktisk blir vald og overgrep.  

Organisasjonen planlegg ei spørjeundersøking via sosiale media for å få vita meir om vald mot kvinner og jenter for at hjelpa skal bli meir målretta. Juridisk, psykologisk og psykiatrisk hjelp blir gjort klar. Så langt har organisasjonen mangla finansiering. Stefanusalliansen går inn frå nyttår.  

– Vi vil også trena nokre kvinner som har vore offer for vald og som er sterke nok til å fortelja. Dei skal hjelpa andre i liknande situasjonar, seier «Zonia» og legg til: 

– Pandemien går ikkje over med det første. Vi må bruka situasjonen for å betra liva for kvinner og jenter i Egypt. 

Prestar sitt ansvar 
Også kristne familiar er, seier ho, prega av den muslimske kulturen som les Koranen slik at menn kan bruka vald dersom kvinnene ikkje er lydige. Men kristne miljø har også sine eigne patriarkalske tradisjonar der kvinner blir undertrykte. 

– Kvinner som søkjer til kyrkjer etter overgrep, har diverre opplevd prestar som seier at dei skal tilgje utan at mennene blir stilte til ansvar, seier «Zonia». 

Ho rosar ein mann som biskop Thomas for det han har gjort for å løfta kvinner i bispedømet sitt og gjennom arbeidet på Anafora. Prestane og pastorane som vart trena i trusfridom gjennom fjoråret, fekk også læra om rettane til kvinner og jenter. 

– Dei støttar kvinner i sine kyrkjelydar. Vi har ikkje pengar til å læra opp nye pastorar og prestar, utover sosiale media. Men kanskje kan vi på lengre sikt nå fleire leiarar i kyrkjene slik at dei kan støtta kvinner – og læra menn av med vald, seier «Zonia». 

FØRST PUBLISERT I MAGASINET STEFANUS 7-2020

 

AKTUELT

Prosjekt

Egypt: Stefanusbarna

På «søppelfjellet» i Kairo bor det tusenvis av kristne familier som er overlatt til å leve i, og av, storbyens søppel. Inspirert av Jesu kjærlighet har Mama Maggie gjennom tre tiår bygget opp et arbeid som kalles Stefanusbarna. Stefanusalliansen støtter dette arbeidet.