– Folk står frimodige i trua si. Be for oss, seier biskop Thomas i den koptisk ortodokse kyrkja. Han er biskop i El Qussia i Øvre Egypt. Nedslaktinga av dei 29 som var på klostertur, skjedde i Minya – det er nabobispedømmet til El Qussia.

– Folk står opp for trua si. Vi skal tilgje, vi er ikkje redde. Men vi ber likevel om rettferd. Folk skal vite korleis dei skal be om rettferd. Men vi risikerer likevel livet for trua vår, den er viktigare, seier biskop Thomas, partnar for Stefanusalliansen.

Eitt skot
Drapsmennene var maskerte og kledde som tryggingsoffiserar. Dei stoppa bussen og minibussen med pilegrimar og den vesle lastebilen med arbeidarar på veg til klosteret. Mange av dei døde vart drepne med eitt skot i hovudet, på kloss hald.

Drapsmennene kom i firehjulstrekkarar frå eit platå over ørkenvegen som fører til klosteret. Dei tvang folk ut av køyretøya og tvinga mennene til å framføre den islamske trusvedkjenninga. Mennene nekta, då starta drepinga. Drapsmennene brukte automatvåpen.

Magdy Malek, folkevald politikar frå Minya, seier til The New York Times at mange overlevde fordi drapsmennene stoppa drepinga og flykta då dei såg bilar nærme seg. Malek gjesta overlevande etter angrepet.

– Dei hadde ikkje tid til å drepa alle. Til slutt skaut dei tilfeldig før dei flykta, seier Malek.

Mange kristne
Dei siste store terrorangrepa har ramma kyrkjer i Kairo (11. desember), Tanta og Aleksandria (palmesøndag i år) og kristne i Nord-Sinai i vinter. Den egyptiske avisa Wataninet melder at to tredelar av alle angrep mot kristne dei siste åra har skjedd i Minya-provinsen.

I Minya er det nesten like mange kristne som muslimar, ifølgje ein rapport frå Ibn-Khaldun Centre for Development Studies (ICDS). Offisiell statistikk som, ifølgje forskaren Soliman Shafiq, har ein tendens til å underrapportere talet på kristne, held seg til 35 prosent kristne i provinsen. Den koptiske kyrkja brukar talet 40 prosent.

Koptiske kristne i Minya har frå 1800-talet vore betre stilte økonomisk og sosialt enn mange muslimar. Kristne forretningsmenn og andre bidrog til statsbygginga. Kristine har også jamnt over høgare utdanning. Fleire koptiske landsbyar i Minya-provinsen har heilt kvitta seg med den gamle skikken med omskjering av jenter. Dette har skjedd etter sterke initiativ frå den koptisk ortodokse kyrkja.

Med framveksten av politisk islam frå 1970-talet har islamistane fått fotfeste i Minya-provinsen der fattige muslimar har skaffa seg identitet gjennom politisk islam. Ifølgje forskaren Soliman Shafiq har 45 prosent av alle dei som har vore innblanda i terrorangrep, kome nettopp frå Minya.

Kritikar
Dei siste åra har det vore mange angrep på koptiske kyrkjebygg og eigedommar som høyrer til kristne nettopp i Minya. Shafiq skriv at desse angrepa skuldast ikkje berre islamistane sitt hat mot kristne, men også mangelen på statleg tryggleik og mangelen på handheving av lovverket. Biskop Makafrios i Minya har vore ein tydeleg kritikar av manglande tryggleik, skriv The New York Times.

Soliman Shafiq skriv for sin del at som ein konsekvens har nokre kristne i Minya væpna seg i sjølvforsvar, noko som ifølgje han er urovekkjande sidan det bryt med koptarane si vanlegvis fredfulle framferd. Dei som har teke opp våpen, skuldar styresmaktene for i beste fall å bry seg etter at nokon er angrepen og i verste fall vere på lag med angriparane.

President Sisi har på si side lova koptarane betre trryggleik. Han svarte på terroren palmesøndag med unntakstilstand, og etter terroren fredag sende han bombefly for å bombe IS-leirar i Libya.

Sårbare
Den blodige terroren mot klosterfararane fredag viser at kristne i Minya også no er sårbare for store terroråtak.

Wataninet melde 21. mai at islamistar som er stilte for retten for bidrag til tidlegare terroraksjonar, har vedgått at dei vil angripe kloster i Øvre Egypt. 26. mai kom altså eit massivt åtak mot barn, kvinner og menn på veg til eit av klostera.

b
Måndag morgon vart det dessutan avslørt ei lita bombe framfor ei kyrkje i Helwan-distriktet i Kairo, melder

AKTUELT

PROSJEKT

Egypt: Stefanusbarna

På «søppelfjellet» i Kairo bor det tusenvis av kristne familier som er overlatt til å leve i, og av, storbyens søppel. Inspirert av Jesu kjærlighet har Mama Maggie gjennom tre tiår bygget opp et arbeid som kalles Stefanusbarna. Stefanusalliansen støtter dette arbeidet.