Hindunasjonalisme i Nepal inneber at for å vera ein god nepalesar må du vera hindu. Tilsvarande i India: For å vera ein god indar, må du vera hindu. Når denne ideologien vert sterkare, vert minoritetar angripne.

Lova som i Nepal kriminaliserer konvertering, passerte parlamentet 8. august. Menneskerettsforsvarar har protestert og bedt presidenten om ikkje å signere lova. Men det gjorde han, melder Christian Solidarity Worldwide. Lova skal tidlegast tre i kraft 17. august neste år.

Dette er endå ei i rekka av lover som kriminaliserer konvertering eller set så strenge grenser at det blir eit inngrep i trusfridommen.

Seks delstatar i India har innført liknande lover. I India ser vi sterkt veksande vald mot kristne. (Sjå oversikt i biblioteket til den amerikanske kongressen.)

Innvald av FN
Paragraf 18 i FNs menneskerettsfråsegn gjer det til ein menneskerett å ha ei tru, leve ut ei tru og skifte tru. Lova som kriminaliserer konvertering i Nepal, vart signert den same dagen som FNs generalforsamling valde Nepal som eitt av 15 medlemsland i FNs menneskerettsråd. Perioden på tre år startar 1. januar.

Nepals grunnlov slår fast at Sanatana Dharma (hinduistisk tru) vil bli verna av staten. Artikkel 26:3 i Grunnlova set så sterke restriksjonar for konvertering og for fri uttrykk for trua. Den nye straffelova som kriminaliserer konvertering er ein del av ei lovpakke som er sett opp etter Grunnlova.

Hastverk
BP Khanal i Janajagaran Party Nepal er svært kritisk. Han fortel at lovforslaget blei levert inn 15. oktober 2014, av justiministeren som også er medlem av sentralkomiteen i Nepali Congress Party. Forslaget blei raskt distribuert i Parlamentet og diskutert i plenum 2. og 3. november. 9. november 2014 blei forslaget sendt til ein parlamentskomite. Framleis var vi i 2014. Den nye Grunnlova blei erklært først 20. september 2015. 12. februar 2016 kom komiteforslaget om lova som kriminaliserer konvertering.

– Vanlegvis vil ei lov komme etter at Grunnlova er klar. Men i motsetnad til andre lover, kom dette lovforslaget før Grunnlova var ferdig diskutert. Og ingen treng lura på kvifor paragraf 26:3 i Grunnlova kriminaliserer alle forsøk på konvertering, seier Khanal til Magasinet Stefanus.

Her er engelsk tekst på paragraf 26:3 i grunnlova: «While exercising the right as provided for by this Article, no person shall act or make others act in a manner which is contrary to public health, decency and morality, or behave or act or make others act to disturb public law and order situation, or convert a person of one religion to another religion, or disturb the religion of other people. Such an act shall be punishable by law.»

Inntil fem års fengsel kan vera straffa. Her handlar det både om forstyrre offentleg ro og orden og forstyrre andres religion og helse.

Diskriminerande
Sidan lova ikkje trer i kraft før tidlegast i august neste år, står det att å sjå korleis den slår fullt ut i praksis.

– Men det gir grunn til uro at lova sjølv er diskriminerande, seier Khanal.

Han meiner at viktige formuleringar er både vidtrekkjande og vage. Også det å vere involvert i konvertering under opphald utanlands, vil bli ramma. Og om nokon prøver å få andre til å skifte tru, vil slike forsøk kunna meldast seks månader etter at nokon fekk vita om det. Tidsfristane i lova gjeld altså ikkje frå når konverteringsforøsket skjedde, men frå den som melde frå til politiet, fekk vita om forsøket på å ombende nokon.

Hindunasjonalisme
– Hindunasjonalistane i Nepal blir sterkare. Dei er intolerante mot trus- og livssynsfridom, mest retta mot kristne. Den nyelege samanslåinga av Nepali Congress og Rastriya Prajatantra Party Nepal er blitt ein trussel mot kristne i Nepal, seier Khanal. Hindunasjonalisme inneber at for å vera ein god nepalesar, må du vera hindu.

Han åtvarar mot at både massemedia og byråkratiet alltid tek standpunkt mot dei kristne. – Det uroar at desse alltid vil finna måtar å undertrykkja kyrkja, og no har dei fått lova til å hjelpa seg, seier Khanal.

I tillegg til Nepals eigne hindunasjonalistar kjem hindunasjonaliske krefter frå India.

Fordommar
Utanlandsk misjonsverksemd har skote i veret etter jordskjelvet i Nepal. Dei kristne blir skulda for å høyra til ein utanlandsk religion, og misjonærar blir skulda for å bruka pengar på å gjera folk kristne – gjennom å bruka pengar på hjelpetiltak. Khanal seier at misjonærane sjølve er lite involvert i evangelisering og misjonering - dei driv sosialt og humanitært arbeid. Evangelisering er høgt prioritert av dei lokale kyrkjene.

– Men det er uråd å stoppe dei som har fordommar, seier Khanal.

Christian Solidarity Worldwide er også djupt uroleg over lova. Dei fryktar både fleire enkeltsaker og nye inngrep mot trusfridommen. I juni 2016 blei åtte nepalesiske kristne skulda for å vilja konvertere barn etter at dei hadde delt ut ei bok om Jesus.

– Lærdommen frå India er at lover som kriminaliserer konvertering, ikkje berre innskrenkar fridommen for enkeltindivid til å velja religion, men at lovene også gjer at heile religiøse samfunn risikerer angrep og vald, heiter det frå CSW.

 Liknar blasfemilov

Christian Solidarity Worldwide skriv at paragrafen som kriminaliserer å skade andres religiøse kjensler, liknar blasfemilova i Pakistan som forbyr å snakke nedetjande om Koranen eller Muhammed.

I ein rapport frå Lausannebevegelsen i fjor heiter det at spreiinga av lover som forbyr eller set strenge grenser for konvertering, er ein trussel mot religionsfridommen for minoritetar.

– Trass i ein rik tradisjon og eit juridisk rammeverk som stør samvitsfridommen og retten til å praktisere, snakke ope om og forkynne religionen sin, opplever religiøse minoritetar i India at dei stadig oftare blir offer for religiøst motivert vald, skreiv Lausannebevegelsen.