Demonstrasjon i London mot kidnapping av jenter i Nigeria.

Demonstrasjon i London mot kidnapping av jenter i Nigeria.  


  • HER KAN DU HØRE ARTIKKELEN SOM LYDFIL

​Den nigerianske professoren og katolske presten Obiora Ike ropar varsku om «talibanisering av Nigeria» – heimlandet sitt.

– Nigerianske kristne og moderate muslimar krev at Europa står opp for sanninga. Det internasjonale samfunnet må protestera høglydt. Dette er ikkje ei tid for stille diplomati. Det trengst sanksjonar – ikkje mot industrien vår, men mot dei som øydelegg landet. Eg utfordrar Noreg som sit i Tryggingsrådet i FN, seier Ike til Magasinet Stefanus og legg til:

– Europa hadde sjølv religionskrigar i 30 år. Det er ingen grunn til å starta ein slik i Nigeria.

Ike leier den religiøse dialogen mellom muslimar og kristne i sin eigen delstat. Men i mange delstatar renn blodet. Det mest folkerike landet i Afrika er blitt eit av dei mest terror- og valdsherja landa i verda. Dei religiøse motsetnadene er kome meir og meir til syne. 12 delstatar i nord innførde den islamske straffelova sharia for kring 20 år sidan.

Brenner kyrkjer, angrip kristne i Nigeria
Terrorrørsla Boko Haram («vestleg utdanning er synd») har lenge herja i nordaust. Boko Haram har kidnappa skulejenter, den mest kjende er kristne Leah Sharibu som har vore bortført i tre år. Dei har utført massakrar, brent ned hus og angripe kyrkjer.

 

Religiøse ekstremistar manipulerer religion til forsvar for vald og terror.
 

Obiora Ike

 

Boko Haram har drepe titusenar. Kring to millionar er drivne på flukt i eige land. Boko Haram skaffar seg pengar ved plyndring, kidnapping og løysepengar.

Boko Haram har angripe staten og muslimar som ikkje vert rekna som rett-truande. Regjeringa har ikkje makta å stoppa organisasjonen. Utbrytargruppa IS Vest-Afrika (ISWAP) er anerkjent av Den islamske staten.

Regjeringa har erkjent at Boko Haram og IS Vest-Afrika angrip kristne: «Dei har starta å angripa kristne og kristne landsbyar av ein klar grunn –  å utløysa ein religionskrig og kasta nasjonen ut i kaos», sa informasjonsminister Lai Mohammed i fjor (Christianity Today).

Beitekonflikt, våpen og død
I mange statar i Midtbeltet i Nigeria har også valden eskalert. Her rasar ein konflikt mellom ei valdeleg gruppe av gjetarfolket fulani og fastbuande bønder av andre etniske grupper. Fulani er gjerne muslimar, bøndene er ofte kristne eller tradisjonelt afrikansk religiøse.

Forteljingane om konflikten er ulike. Den britiske katolske professoren Ian Linden har skrive bøker om islam i Afrika og vore med i kristent-muslimsk fredsarbeid i nordaust. Han meiner klimaforandring, folkeflytting og kamp om knappare beiteland og marknader er problemet i Midtbeltet.

Men religion er, skriv Linden i katolske The Tablet, blitt ein sterkare «markør». Det er blitt fleire og fleire målretta væpna angrep frå fulani-militsar på kyrkjer og kristne.

Kristen landsbyhøvding i sitt øydelagde hus.

 – Islamiseringrammar kristne i Nigeria
Utslaga av terroren liknar det vi har sett frå Boko Haram i nord. Dei siste fem åra er mellom 150 og 200 kyrkjer brende eller knuste. Over 100 prestar og prestestudentar er kidnappa. Hundrevis av kristne er drepne, mange i heimane sine.

Frå Enugu i sør tek den katolske professoren Obiora Ike langt sterkare i. Han meiner at det som skjer sentralt i landet, er «landtjuveri for å islamisera meir av Nigeria».

– Dei siste åra har vi sett at fulani-militsen vil ta over land eigd av kristne eller tilhengjarar av tradisjonell afrikansk religion. Kveg er milliardindustri. I staden for å ha kveget på ranchar, vil dei heller gjeta kveget over store område og okkupera nytt land, seier Ike.

«Medskuldig» i drap
Wole Soyinka, nigeriansk nobelprisvinnar i litteratur frå 1986, seier til BBC at det at president Buhari er taus om dei «illegale handlingane» til dei valdelege gjetarane på tvers av Nigeria viser at «presidenten er medskuldig».

Soyinka seier at han er redd for borgarkrig. Han ber presidenten seia tydeleg til dei som står bak gjetar-valden, at dei skal driva business som forretningsfolk.

– Skogen min og jorda mi minkar. Presidenten må vera heilt klar på at dei ikkje skal driva forretning ved å drepa, voldta eller torturera, eller ved å okkupera land som ikkje høyrer dei til, seier Soyinka.

Wole Soynka protesterer mot terror og vald og legg ansvaret på regjeringa. Foto: Shutterstock

«Midtbeltet er blitt eit teater for angrep»
– President Buhari let politi og hæren dekkja over det som skjer, fordi det støttar deira eigen agenda om å islamisera Nigeria, seier Ike og legg til:

– Politi og hæren er sterke nok til å stoppa fulani-militsen, men gjer det ikkje. Det er forbode å bera våpen i Nigeria. Men fulani-terroristane har våpen. Statane i Midtbeltet er blitt eit teater for islamske angrep.

Fulani-militsen har kunna bytta ut machetar med det russiske automatgeværet AK-47. Våpna kom ikkje minst frå Libya. Då Gadaffi vart styrta med europeisk hjelp i 2011, hamna store mengder våpen i hendene på Boko Haram, ISWAP, fulani-militsen og andre. Våpen flyt fritt gjennom ørkenen i nord.

Frå Saudi-Arabia, Qatar og Emiratane kjem pengar som finansierer moskear.

– Det er moskear over alt, også der det ikkje finst muslimar som bed, seier Ike. Desse landa finansierer også våpen, meiner han.

– Fortel meg korleis ein gut utan klede og sko og heim, ber våpen som kostar innpå 20 000 dollar. Kven har gitt han pengane?

Obiora Ike.

«Snur ryggen til islamiseringa av Nigeria»
Ike er glad for vestlege protestar mot Kinas undertrykking av uigurane i Kina og undertrykkinga av rohingya-folket i Myanmar.

–  Men vi er sjokkerte når vestlege land som står for fundamentale rettar, snur ryggen til valden og talibaniseringa i Nigeria. Kvifor seier ingen noko om kristne som vert undertrykte i Nigeria? Kvifor kjøper venene vår i Vesten tøv om at dette berre er kamp om kontrollen over beiteland?

Fulani er, minner Ike om, ikkje ei einsarta gruppe: By-fulani har ikkje kveg og bur saman med andre i fred. Blant kveg-fulani er det mange som lever fredeleg med alle. Men så har det oppstått det Ike kallar ei terrorgruppe.

– Fulani-terroristane drep. Dei gjev alle fulani eit dårleg rykte, diverre. Alle fulani er slett ikkje dårlege. Fulani-militsen brukar også tidvis vald mot andre fulani, for å pressa dei til å bli med. Men hovudmålet er kristne i Midtbeltet og delvis i sør, seier Ike.

Han seier at det finst tilfelle av valdeleg kristent sjølvforsvar.

– Men det er eit marginalt fenomen. Dei fleste angrepa på kristne skjer midt på natta. Om morgonen er angriparane borte, ingen veit kvar dei er. Bøndene har ikkje AK-47-gevær. Dei valdtek ikkje konene til fulani-mennene, noko som motsett er blitt normalen i terrorisme mot kristne landsbyar.

 

Presidenten må vera klar på at fulani-gjetarane ikkje skal driva forretning ved å drepa, voldta eller torturera.

Wole Soyinka, nobelprisvinnar

 

Overlevde drapsforsøk
Obiora Ike vart fødd medan britane var koloniherrar (fram til 1960). Han har vore med på 50 års oppbygging av landet sidan den tre år lange blodige Biafra-krigen tok slutt i 1970.

– Foreldra mine er kristne. Men eg vart fødd i eit fritt muslimsk nabolag. Dei fleste venene mine er muslimar. Men religiøse ekstremistar manipulerer ein religion til forsvar for vald og terror, seier Ike og held fram:

– Muslimar har rett til fremja trua si, men ikkje til å tvinga andre til å tru eller til å bruka kveg og våpen til å øydeleggja folks liv, fridom og lagnad.

I oktober 2002 overlevde Ike så vidt eit drapsforsøk. I november 2012 vart kyrkja der han var prest, storma om natta. Altaret, religiøse bilete og anna inventar vart knust i  det første tilfellet av slik terror sør i Nigeria.

Religion og fred
Obiora Ike seier at «islam er også ein religion for fred».

– Men islam er diverre også det som Boko Haram, fulani-terroristane og IS i Vest-Afrika hevdar at islam er. Moderate islam har ikkje klart å trekkja lina og seia at «dei er ikkje ein del av oss».

– Du leier den muslimsk-kristne dialogen i Enugu. Kva er responsen frå dialog-partnarane?

– Dialog er ein avtale mellom muslimar og kristne om å snakka saman, ikkje om dogme, men om den felles lagnaden vår. Vi går til den same marknaden, pustar den same lufta. Vi snakkar om ebola, om vern om forretningane våre og om fotballkampar. Vi utvekslar gåver til høgtidene. Vi har gode erfaringar. Når fulani-militsen har kidnappa nokon, ringer vi venene våre. Nokre saker er blitt løyste.

 

Vi er sjokkerte når vestlege land som står for fundamentale rettar, snur ryggen til.

Obiora Ike

 

«Smugla inn»
I 1986 vart Nigeria meldt inn i Organisasjonen av islamske land.

– Nigeria er eit viktig land, også for den muslimske verda og vart smugla inn, utan debatt. Men Nigeria er ikkje eit muslimsk land, seier Ike og legg til:

– USA har fanatikarar som trur på Trump, same kva Trump gjer. Nigeria har folk som blindt følgjer president Muhammed Buhari. Men leiarskap er å trekkja lina, slik at folk respekterer styre etter lova.

Ike seier at regjeringa i delstaten hans har muslimske representantar sjølv om 99 prosent av folket er kristne.

– Kvifor ikkje ha det same i nord? Gløym det. Kristne får ikkje arbeid eller byggja kyrkjer der.

Ei kristen jente driven på flukt internt i Nigeria. Foto: CSW

Utbreidd fattigdom
Nigeria vart ein gong kalla Afrikas matfat. Dei store oljeinntektene landet har fått dei siste tiåra, hamnar på svært få hender. Korrupsjonen er utbreidd.

I nord lever kring 80 prosent under fattigdomsgrensa, mot 27 prosent i sør. 15 millionar barn og unge går ikkje på skulen – 80 prosent av desse bur i nord, og 80-85 prosent er jenter. Boko Haram kjempar mot utdanning og spelar på fattigdom og mistru til staten. Boko Haram har forverra krisa i ein heil region med terror over landegrensene.

– Den einaste opplæringa millionar får, er frå ein mullah som forklarar Koranen under eit tre. Den som ikkje går på skulen, veit ikkje noko om verda og får ikkje jobb. Men dei kan bli rekrutterte av Boko Haram til å sprengja ei bombe eller skyta nokon, for som Boko Haram seier, ikkje å hamna i helvete, seier Ike og legg til:

– Det er tid for å stå opp for sanninga om det som skjer i Nigeria.

Obiora Ike
Menneskerettsaktivist. Professor i etikk og tverrkulturelle studiar ved Godfrey Okoye University i Enugu sør i Nigeria.
Fekk i 2020 tysk Stefanus Prize for innsats for forfølgde kristne. Utdelt i hovudkvarteret for Kirkenes Verdensråd i Genève.
Har starta 20 friviljuge organisasjonar, som Catholic Institute for Development, Justice and Peace.

Nigeria – folk og politikk
Folketal: 214 millionar.
36 delstatar.
Stor oljeprodusent.
 200 etniske grupper. Tre store: Hausa, joruba og ibo.
Biafrakrigen 1967-70: Iboar i søraust erklærte Biafra sjølvstendig. Innlemma igjen.
28 år med kupp og diktatur.
Frå 1999: Formelt demokrati.
 

Nigeria – religion og land
49,3 prosent kristne, 48,8 prosent muslimar, 1,4 prosent folketru (Pew Institute).
Sør: hovudsakleg kristent, muslimar i sørvest.
Midtbeltet: Meir blanda, dei fleste stader klar overvekt av kristne.
I nord: Muslimsk, lommar av kristne.
Arbeidsløyse: 25 prosent.
Ørkenspreiing, klimaforverring og folketalsvekst skjerpar konfliktar.

 

FØRST PUBLISERT I MAGASINET 2-2021. BESTILL GRATIS ABONNEMENT

AKTUELT