Dei sit tett i tett i den store forsamlinga.

Dei sit tett i tett i den store forsamlinga.  


Gjennom historia er religiøse minoritetar ofte blitt skulda for å stå bak pest. Rykta som vart planta om at jødar stod bak Svartedauden, førte til drap på jødar.

Då koronaviruset slo inn over verda med eit pandemisk skrekkslag, dukka det i ytterleggåande miljø på nettet opp konspirasjonsteoriar om at ei skummel gruppe jødar hadde laga viruset.

I Sør-Korea blei syndebukken ei frå før uglesett nyreligiøs megakyrkje. I februar gjekk historiene nærast verda over om smitten som vart spreidd i og frå «Shincheonji Church of Jesus». Det stod saker om «dommedagskyrkje», «kult» og «sekt» også i norske aviser.

Harde skuldingar

I Sør-Korea blei Shincheonji skulda for å prøva å hindra styresmaktene i å koronatesta medlemmar. Over 1,2 millionar menneske har så langt signert eit opprop om forbod mot Shincheonji, skriv The New York Times.

Ei gruppe forskarar, journalistar og menneskerettsaktivistar har gått saka etter i saumane. Rapporten frå Cesnur (Centre for Studies on New Religions) konkluderer med at vi her har sett korleis eit storsamfunn i krise gjer ein frå før sterkt kritisert religiøs minoritet til syndebukk, basert på overdrivne og usanne påstandar.

Shincheonji har kristne røter, men ei klart avvikande lære. Protestantiske kristne i Sør-Korea kallar dei kjettarar og kult. Den nyreligiøse forsamlinga hevdar den har fått eigne openberringar og gjev sin eigen grunnleggjar, formann Lee, ei unik endetidsrolle, han skal reinsa Kristi kyrkje. Dei trur at 89-åringen sjølv skal få oppleva Tusenårsriket. Det har versert påstandar, også i norske aviser, om at formann Lee er ein sjølverklært Messias, noko eg også fekk meg til å skriva. Forskarane seier at dette ikkje stemmer.

Smitten spreidde seg

Koronasmitten kom til Sør-Korea frå Wuhan i Kina 20. januar. Tidleg om morgonen 18. februar kom Shincheonji inn i krisa. Eit kvinneleg medlem i byen Daegu testa positivt. «Pasient 31» smitta deretter andre, og fleire tusen Shincheonji-medlemmer blei smitta. På eit tidspunkt var omfanget av smitte i og frå Shincheonji ein viktig del av problemet for helsestyresmaktene i Sør-Korea. Over 60 prosent av dei smitta kom derifrå.

Når folk sit så tettpakka som på møte i Shincheonji er det svært lett å bli smitta og spreia smitte. Den aggressive medlemsverving deira – ved å oppsøkja protestantiske kyrkjer – har lenge skapt sinne. Vervingsmetoden gjorde det også lett å spreia smitten.

Ekstremt trykk
Trykket blei ekstremt. Shincheonji vart skulda for å spreia smitten, også ved å nekta å bidra til å spora den.

Rapporten går her i rette med mange påstandar. Det finst til dømes ikkje bevis for at den første smitta kvinna – som hadde vore på sjukehus 7. februar – hadde nekta å la seg testa før ho 18. februar vart påvist smitta, slik legar hevda. Ikkje vart ho smitta av eit Shinchenji-medlem frå Wuhan i Kina heller. Og den same dagen som «Pasient 31» testa positivt, stogga Shincheonji alle aktivitetane.

Shincheonji gjorde feil, og formann Lee bad knelande om orsaking. Men det må ikkje forvekslast med kriminalitet, seier rapporten. Shincheonji måtte handla under ekstremt press. Etter seks dagar utleverte dei medlemslister og oppmoda alle om å la seg testa. Kanskje kunne Shincheonji handla en då raskare, men det var ein stor jobb å få orden på lister over nær 240 000 menneske.

Ikkje juks med medlemslister
Styresmaktene bad tidleg i mars om politietterforsking av Lee og 11 andre fordi dei skulle ha skjult nokre namn. Men rapporten seier at mindre avvik i listene hadde naturlege forklaringar.

Nokre prøvde å skjula at dei høyrde til Shincheonji, heilt til styresmaktene stod på døra for å testa dei. Det er det lett å forstå, fortel rapporten, ut frå den hetsen og det trykket som er mot medlemmar av Shincheonji. Omfanget av trakassering etter korona-utbrotet dokumenterer det. Rapporten siterer også visehelseminister Kim Kang-lip på at det ikkje er bevis for at Shincheonji gav frå seg mangelfulle eller fiksa medlemslister.

 

Heller ikkje virus skal brukast som påskot for å bryta trusfridommen.

 

Tilfeldig
Religionssosiolog og professor Yang Fenggang har til South China

Morning Post slått fast at han ikkje trur det er nokon klar link mellom Shincheonji og spreiinga av viruset. Ifølgje rapporten var det tilfeldig at smitten ramma Shincheonji. Ulukka kunne like gjerne ramma ei av dei mange megakyrkjene, seier han.

Den amerikanske kommisjonen for trusfridom, USCIRF, ber regjeringa i Sør-Korea fordømma syndebukkjakta på Shincheonji.

Her eg sit langt på avstand skal eg vakta meg for å konkludera om kva som faktisk skjedde. Men truverdige stemmer meiner altså at Shincheonji grunnlaust vart skulda for å spreia viruset med vilje.

Dette er ei «kyrkje» eg aldri kunne ha vore med i. Så er det er lett å bli med på ei syndebukkjakt når den «skuldige» er nokon du sterkt mislikar. Heller ikkje virus skal brukast som påskot for å bryta trusfridommen.