Pinleg vaksine-nasjonalisme - Stefanusalliansen
Ein flyktningleir for fordrivne jesidiar  i Irak.

Ein flyktningleir for fordrivne jesidiar i Irak.  

Irak   

Eg har enno ikkje våga å fortelja venene mine i Irak at to norske politiske parti meiner at Noreg sjølv skulle teke 700 000 vaksinedosar som gjennom den internasjonale Covax-alliansen i staden vart fordelt på fattige land. 

Mange nordmenn har vore misnøgde med farten i vaksineringa. Men lat oss for ei lita stund snakka om Irak. Først 25. mars fekk Irak endeleg 336 000 dosar gjennom Covax-samarbeidet – ein månad etter planen. 

Medan vaksineringa av vaksne her i landet vil kunna vera ferdig i sommar eller litt etter sommaren, alt etter som kva vaksinar vi kan bruka, er utsiktene i Irak dystre. Ved slutten av året vil berre femteparten av folket vera vaksinert. Dersom den alt forseinka planen held. 

Påske og fred 
Like bak oss ligg påskehøgtida. For den vesle, pressa kristne minoriteten i Irak har feiringa av Jesu oppstode mykje større meining enn for mange nordmenn. I år kunne Iraks kristne feira med forsterka håp. Pave Frans gav under besøket i mars styrke til dei få kristne som er att etter amerikansk invasjon, borgarkrig og IS-bestialitet. Han kom også med ei sterk oppmoding til Iraks regjering om å gje plass for dei religiøse minoritetane og skapa fred på tvers av religionar. At den aldrande paven drog til Irak midt under pandemien, var eit kraftfullt signal, eit livsviktig handslag. 

Iraks kristne har lenge kjent seg gløymde av Vesten. Paven tok dei for ei stund ut av denne fortvilte tilstanden. Men Vesten er rask til å gløyma kven det skal vera, når noko står på spel på heimebane. Også norske politikarar, med eller utan kross om halsen, stod altså klare til ved første høve å seia at nordmenn burde fått vaksinedosar som var tiltenkte folk i fattige land. 

Då Iraks kristne kvart år ønskjer kvarandre god påske, legg dei alltid stor vekt på bøna om fred. Vi på vår side av kloden bør kvar dag be om fred og om solidaritet og nestekjærleik over landegrensene. 

Ingen landegrenser 
Her om kveld fekk eg sjølv melding frå Lørenskog kommune, der eg bur, om at det var min tur til på bli vaksinert. Det kom litt overraskande, sidan eg hadde rekna med å venta nokre veker til. Men eg kasta meg rundt og tinga time for både dose ein og dose to. 
 
Tre timar seinare om kontrabeskjeden. Meldinga var sendt ut ved ein feil. Den skulle gått til folk i mi aldersgruppe, men berre til folk med underliggjande sjukdommar. Eg må venta litt til, slik eg var innstilt på før den første tekstmeldinga kom. 

Ei side i lokalavisa fortel kor «klart uheldig» rotet var. Rot er uheldig, kanskje ikkje minst for dei som arbeider hardast med å organisera vaksineringa. Men eg klarar ikkje for eigen del å irritera meg over feilen. Like før hadde eg nemleg snakka med kontaktar som – frå eit større land i Midtausten – hjelper fattige og arbeidslause folk i Jemen med mat under den blodige borgarkrigen som har rast i seks år. 

Jemen er av FN kalla verdas verste humanitære katastrofe. Landet fekk dei aller første vaksinedosane først 31. mars. Når Jemen kan ha fått fullvaksinert folket, er i det blå. Landet har hatt koleraepidemi også. Venene mine i Libanon er heller ikkje komne langt i vaksineringa i eit land der staten er kollapsa og fleire sjukehus vart øydelagde under eksplosjonen i august i fjor. 

Virus kjenner ingen landegrenser. Då må heller ikkje solidariteten gjera det. 

PUBLISERT I SOGN AVIS 20. APRIL, EI LITT UTVIDA UTGÅVE AV INNLEGG I DAGSAVISEN 14.4. OG ROGALANDS AVIS 15.4.

 

AKTUELT

Prosjekt