Hans Olav Syversen brenn for trusfridommen.

Hans Olav Syversen brenn for trusfridommen.  


Syversen er skremt over religiøs nasjonalisme i India og over at verstinglandet Saudi-Arabia slepp billeg unna som vestleg alliert. Og Syversen er svært kritisk til at det her i landet er kome forslag som han meiner rammar jødisk trusliv.

Hans Olav Syversen sit i finanskomiteen på Stortinget. Men ved sida av den jobben, har han den siste tida sett ord på eit veksande engasjement for trusfridom og forfølgde.

Nyleg møtte Syversen til dømes gruppe kristne og muslimar frå India.

– Der slår det regjerande hindunasjonalistiske partiet saman nasjonalisme og hinduisme på ein måte som får negative følgjer for ulike minoritetar. Dette er eit skremmande utviklingstrekk, seier Syversen. Han har stilt spørsmål til utanriksminister Børge Brende om denne alvorlege situasjonen vert teken opp i utspørjinga av India i FNs menneskerettsråd.

– Å ta det opp i eit slikt forum gjer at India forstår at dette er på radaren, seier Syversen.

Han varslar at KrF alt i revidert nasjonalbudsjett, som vert behandla i Stortinget no, vil føreslå auka bistand til utsette minoritetar. Regjeringa har varsla auka innsats i ei stortingsmelding om framtidig utviklingspolitikk.

Sende nytestamente

Som tiåring fekk Hans Olav Syversen det første møtet med forfølgde kristne og Misjon Bak Jernteppet, dagens Stefanusalliansen. Det må ha vore rundt 1976.

– Vi var på barneleir og fekk besøk frå MBJ. Gjesten hadde med seg små nytestamente, eg har aldri kjent så tynt papir. Vi fekk som oppgåve å skrive namn og adresse på konvoluttar og putte nytestamenta i, dei skulle sendast til Sovjet. Det vart vel sådd eit lite frø den gongen, seier Syversen som også minnest at omsorg for forfølgde kristne var med i konfirmasjonsundervisninga i Østre Frikirke i Oslo.

Flukt frå Irak

Syversen reiste ein interpellasjonsdebatt i Stortinget i mars. Det var brei semje om styrka innsats for forfølgde.

– Du tok mellom anna opp spørsmålet om norsk støtte til eit sjølvstyreområde for kristne og andre minoritetar på Ninive-sletta i Nord-Irak. Men dette svarte Brende ikkje på. Vil KrF følgja opp dette?

– Ja. Denne saka vert kjempa fram mellom anna av grupper i USA. Men vi må innsjå at det er mange tannhjul som stikk inn i kvarandre i Irak no. Det er vanskeleg å vita kva som er mogeleg no og kva som brått vert umogeleg. At utanriksministeren ikkje nemnde dette kan skuldast at han ikkje vil låsa seg, eller at dette er ei løysing han ikkje har trua på. Dei kristne i Irak sjølve står i eit dilemma om dei skal flykta eller om dei skal bli. Det er vanskeleg for oss å gje ei oppskrift. 

Forstår dei som flyktar

– Mohammad Sammak, ein muslimsk leiar frå Libanon, var i møte hos Oslo biskop nyleg. Der sa han at han oppmodar kristne om å bli i Irak, og han bad land i Vesten om ikkje integrere dei kristne slik at dei kan venda tilbake – fordi Midtausten treng dei kristne. Kva seier du til det?

– Det er altfor absolutt. Vi kan sjølvsagt håpa på eit kristent nærvær i Midtausten. Det vil vere tragisk om kristendommens vogge blir tømt for kristne. Men dette kan ikkje vere for ein kvar pris for dei det gjeld. Eg kan ikkje seie at kristne som risikerer liv og helse, har eit ansvar for kristent nærvær i Irak, ei forplikting som ikkje andre har. Eg forstår at folk har flykta frå Irak.

– I interpellasjonsdebatten i Stortinget var du også uroleg for manglande trusfridom i flyktningleirar. Kan du utdjupa det?

 – Det er ille at menneske som flyktar frå forfølging i sitt eige heimland, så blir utsette for forfølging også i det systemet som skal verna dei – ein flyktningleir. I ein resolusjon frå landsmøtet ber vi om at forfølgde minoritetar får del i utveljinga av kvoteflyktningar. Men dette er vanskeleg.

Kristne kvoteflyktningar
– Den ungarske statsministeren vart sterkt kritisert for at han berre ville ta mot kristne flyktningar frå Syria. Skal vi følgje etter?

– Noreg har slett ikkje vore der den ungarske statsministeren er. Det vi i KrF seier er at når ei sårbar gruppe i utgangspunktet vert ekstra sårbare i ein flyktningleir, må det telje med ved uttak av kvoteflyktningar. Det var forresten Bård Vegar Solhjell frå SV som først tok dette opp i interpellasjonsdebatten i Stortinget.

– I Egypt har president Sisi innført unntakstilstand etter påsketerroren. Tener det dei kristne at regimet strammar maktgrepet endå meir?

– Koptiske leiarar har sagt at president Sisi er betre enn Mohammad Mursi, frå Det muslimske brorskapet, var. At dei koptiske leiarane har sagt dette, har skapt reaksjonar i islamistiske miljø, seier Syversen og legg til:

– Men eg er ikkje i tvil om at IS er smarte. Dei vil lage uro internt i Egypt. Dei går difor målretta etter koptiske kristne. Det sender ein beskjed til dei kristne om at slik går det med dei. IS vil også vise at regimet er sårbart, og IS sender med sin blodige valdsbruk indirekte beskjed til koptarane om at Sisi likevel ikkje kan verna dei.

Nedkjempa IS
Syversen held fram: – Kva vi kan gjere er det ikkje lett å gje eit svar på. Vi må nedkjempa IS der dei er, IS står for ein umenneskeleg ideologi. Dessutan må vi i dialog med regimet i Egypt oppmode til å verne minoritetar. Regimet har prøvd å verne den koptiske minoriteten, men ikkje klart det fullt ut. Full kontroll som hindrar terror er det dessutan vanskeleg å ha, det ser vi frå mange land. Det grunnleggjande problemet i Egypt er fattigdom, sviktande økonomi og høg arbeidsløyse.

– Kva seier du om det kyrkjelege engasjementet her heime for forfølgde kristne?

– Eg er glad for å sjå eit veksande kyrkjeleg engasjement. Både preses Helga Haugland Byfuglien og Mellomkyrkjeleg Råd har løfta innsatsen for følgde kristne tydelegare det siste halve året. Det er positivt.

Pakistans blasfemilov
– I Pakistan og andre land blir blasfemilovgjeving brukt mot utsette minoritetar. Kristne Asia Bibi har ein dødsdom for påstått blasfemi hengande over seg. Andre vert frikjende, men må leve på hemmeleg stad med drapstrugsmål frå ekstremistar i årevis. Forbod for muslimar mot å skifte tru er også eit sterkt verkemiddel. Korleis kan vi frå vesten påverke ein slik situasjon?

– Utanriksministeren og vi som parlamentarikarar kan prøva å påverke regjeringa. Men vi veit samstundes at dersom det verkeleg skal bli endring i eit land som Pakistan, må dei religiøse leiarane der gå føre og vise veg. Difor er det viktigare kva kyrkjeleiarar og andre religiøse leiarar seier til muslimske leiarar i Pakistan, enn kva ein finanspolitikar som meg seier. Vi kan seie mykje om Islamsk Råd Norge. Men dei har i alle fall uttalt at det skal vere lov å skifte tru. Problemet i til dømes Pakistan er at islamsk identitet er så sterkt knytt til styresett at brot med dette raskt blir sett på som landssvik. Det er viktig å tenkje ut ein strategi for få pakistanske religiøse leiarar til å endre syn.

Slepp billeg
– Kva tenkjer du om at Saudi-Arabia slepp unna med så mykje som vestleg alliert?

– Dette er realpolitikkens problem. At landet har fått plass både i FNs menneskerettsråd og FNs kvinneforum er lite pene sider ved realpolitikken. Ein norsk utanriksminister skal ivareta norske interesser. Men utover det må vi også ha ein verdibasert utanrikspolitikk. I nokre tilfelle må det verdibaserte telje mest.

– Vi får altså ikkje vita kva Noreg røysta då Saudi-Arabia kom inn i FNs Kvinneforum. Kva seier du til det?

– Eg skulle gjerne sett at vi fekk vite det. Utanriksministeren viser til eit system i FN for å ikkje fortelje dette. Men det systemet kan ein endra for seg sjølv. I Sverige må regjeringa gjere greie for seg i Riksdagen. I Belgia blir det sagt at behandlinga gjekk så raskt at den ikkje kom til politisk klarering. I vår digitale tidsalder er det rart at ikkje politisk klarering let seg ordne i ei sak som dette.

Jødisk trusliv
– Korleis står trusfridommen her i landet?

– For oss er trusfridom og forsamlingsfridom så sjølvsagt at det er fjernt for oss at andre ikkje har slik fridom. Men så kjem det altså forslag om forbod mot omskjering av gutar. Dette er eit signal til den vesle jødiske minoriteten om at det ikkje er rom for å utøve deira trusliv her i landet.

– Internasjonalt sett – kva vert du oppløfta over?

– Eg vert oppløfta av enkeltmenneske sin tru på at det nyttar å kjempa. I møte med folk frå forfølgde og diskriminerte minoritetar blir eg slått av den styrken dei viser. Dei ofrar utdanning, yrkesliv og forretningskarrierar fordi ei viktigare sak står på spel. Og nokre gonger skjer det store endringar, som då jernteppet fall. Enkeltmenneske sin innsats hadde noko å seie, saman med mange andre faktorar, som pave Johannes Paul II sin innsats. Det viser også at den noverande paven har ei viktig rolle å spele til dømes i arbeidet for endringar til det betre ikkje minst i Midtausten og andre land. Han kan ikkje skuldast for å ha ein interessepolitisk agenda. Elles blir eg oppløfta av kristendommens vekst i Kina, seier Hans Olav Syversen.