Theodora ville heller bli nonne enn å bli «lenka fast» i landsbyen.

Theodora ville heller bli nonne enn å bli «lenka fast» i landsbyen.  


Theodora var 17 år då ho drog til Anafora, retreat- og undervisningsstaden biskop Thomas har bygt opp, for å gå på kurs som skal hjelpa jenter til å sjå den verdien dei har som jenter.

I den fattige landsbyen heime i Øvre Egypt (i sør) er jenter tradisjonelt sett ned på. Dei har ikkje fått ta særleg utdanning og har måtta godta å bli gift med ein mann foreldra har peika ut.

Biskop Thomas som driv Anafora mellom Kairo og Aleksandria nord i Egypt, har bispedømet sitt i Øvre Egypt, altså sør i Egypt. I bispedømet ser han på nært hald dei gamle førestellingane som held kvinner nede. Det var der Theodora fekk høyra om jentekurs på Anafora.

Lærte å seia nei
For å løfta kvinner til likeverd med mannen har biskop Thomas sett i gang kurs for unge kvinner. Den unge Theodora hadde ein tanke om å bli nonne.

– Eg hadde høyrt at jenter her på Anafora får læra om seg sjølve og om sin eigen verdi og læra å seia nei. I kulturen i Øvre Egypt var det slik at foreldra bestemte alt og jentene skulle seia ja. Her på Anafora lærte eg å seia nei, fortel Theodora.

Vi møter henne som hardtarbeidande og gjestmild nonne på Anafora. Her har ho vore sidan 2007. Rundt oss senkar kveldsmørket seg. Lys blir tende inne og ute mellom dei mange bygga. Til hausten er det 20 år sidan biskop Thomas starta opp i det som den gongen var ørken.

17-åringen Theodora måtte kjempa. Foreldra kom den lange vegen frå landsbyen og henta henne tilbake. Dei var sinte.

Gråtande blei eg med heim, seier Theodora.

– Korleis kom du deg tilbake hit? Stakk du av heimanfrå?

–  Nei. Eg var heime saman med foreldra mine i 15 dagar. Eg bad til Gud om at dei måtte opna augo, og folk her på Anafora bad. Så snakka eg med foreldra mine. På dag 15 kom dei og sa at dei såg eg var sterk og at det var dette eg ville. Då fekk eg dra hit igjen. No kjem dei på besøk ein gong i året og er svært glade.

«Det største»
På Anafora er Theodora i dag mellom anna ansvarleg for økologisk dyrking av mat – staden driv føregangsarbeid i økologisk matproduksjon. Ho har også ansvar for kursa for fattige gutar som får ein ny sjanse til skulegang, etter at dei har droppa ut for å hjelpa familiane til å få inntekt.

Men jentene har tradisjonelt hatt det langt verre enn gutar, med endå dårlegare utsikter til utdanning. Altfor ofte kjem forteljingar om overgrep.

– Kursa her på Anafora er svært viktige, seier Theodora.

Etter å ha vore på Anafora ei tid, bestemte Theodora seg for at det var her ho ville bli nonne.

– Kva er det største som har skjedd deg her?

– Det var då biskop Thomas, etter at eg var blitt ordinert, kom og spurde om eg ikkje skulle studera på universitetet. Eg tenkte: «Eg? Kva?» 

Ho gjekk fire år på universitet og studerte økonomi.

– Kvifor var spørsmålet om universitetsutdanning det største?

– Fordi det forandra heile tankegangen min. Eg fekk eit nytt syn på meg sjølv og menneske rundt meg.

Fekk velja mann
Theodora har fem søstrer og to brør.

– Kva har ditt val ført til for familien?

– Dei to yngre søstrene mine som ikkje var gift den gongen eg drog hit, fekk lov å velja kven dei ville gifta seg med, og den eine har også teke høgare utdanning. Dei er svært takknemlege for at dei sjølve fekk velja. På grunn av Anafora er kulturen i ferd med å bli endra der eg kjem frå, seier Theodora.

 

Mange jenter i fattige landsbyar føler at dei ikkje har nokon verdi.

Theodora

 

 

Theodora tenner lys i kveldsmørket på retreatstaden Anafora.

«Jenter er dumme»
På Anafora er det Sara Hanna som leier kursa for unge jenter.

– Mange jenter i fattige landsbyar føler at dei ikkje har nokon verdi, mange får høyra foreldra seia at jenter er «dumme». Vi lærer dei kor viktig det er å vera kvinne, kor viktig det er å tru på seg sjølv og korleis dei skal få uttrykkja seg og når dei skal seia ja og når dei skal seia nei, seier Sara Hanna.

– Kursa varer i ei veke til ti dagar. Somme som kjem kan verken lesa eller skriva. Alle vert oppmoda til å ta utdanning, legg ho til.

Urett og overgrep
Biskop Thomas er tydeleg i boka «I kjærlighetens sirkel», som Eyvind Skeie har skrive: Dersom ei kvinne ikkje får opplæring i handverk eller noko anna, er sjansane små for eit sjølvstendig liv. Ho vil bli heilt avhengig av familien.

Kvinnene risikerer også krenkingar og urett, kanskje også overgrep og vald, fortel biskop Thomas.

 – Lik rett for begge kjønn er difor ei hovudsak på Anafora. Dette er ei sentral oppgåve for ein biskop og andre kyrkjeleiarar.

Unge kvinner som har vore på kurs på Anafora, blir følgde opp i kyrkjene heime i Øvre Egypt.

– Kvinnene må bli fortalde at dei sjølve har eigedomsretten til eige liv og eigen kropp. Dei må bli høyrde og tekne på alvor i samtalar og diskusjonar. I Egypt er det ikkje tvil om at mange kvinner lever som underdanige i eit tilvære som tek frå dei menneskeverdet, seier biskop Thomas.

FØRST PUBLISERT I MAGASINET STEFANUS 2-2019

 

Støtt arbeidet på Anafora

Du kan støtte biskop Thomas sitt arbeid for å løfte koptiske jenter opp fra gamle forestillinger. Merk gaven: Anafora

Gi en gave

AKTUELT

I denne landsbyen hi Minya-provinsen er kyrkja hardt skadd i eit angrep.

Slik mista landsby i Egypt kyrkja si

I landsbyar i Egypt er muslimske mobbar i stand til å tvinga tryggingsstyrkane til å stengja kristne kyrkjer. Egypts kristne kjempar for lik rett til å ha gudshus.

PROSJEKT

Egypt: Stefanusbarna

På «søppelfjellet» i Kairo bor det tusenvis av kristne familier som er overlatt til å leve i, og av, storbyens søppel. Inspirert av Jesu kjærlighet har Mama Maggie gjennom tre tiår bygget opp et arbeid som kalles Stefanusbarna. Stefanusalliansen støtter dette arbeidet.