Tilbake i askehaugen etter IS
Irakisk erkebiskop tryglar verda om garantiar slik at kristne kan bli buande i Irak. – Vi kan ikkje stole på nokon i Irak.

12-åringen Noeh tilbake i sitt ødelagte hjem.
Medan irakiske styrkar no prøver å kaste IS ut av Mosul og store skarar sivile flyktar frå byen, prøver enkelte kristne å vende tilbake til landsbyane like ved.
Ikkje langt frå Mosul, i landsbyen Karamles, har 12 år gamle Noeh vendt tilbake. Dei flykta i 2014 då IS overtok Mosul og landsbyane og gjorde det dei kunne for å fjerne alt kristent nærvær i området. Noeh fann alt i huset heilt utbrent. Berre veggane og taket overlevde flammane, fortel World Watch Monitor.
IS trekte seg ut av landsbyen i 2016 då dei irakiske styrkane kom. IS øydela det meste dei drog frå. Ved sida av huset til Noeh og familien er 445 andre hus utbrende. Endå verre gjekk det med 97 andre hus som blei heilt øydelagde.
Det er ein deprimerande tur gjennom det utbrende huset. Noeh finn restane av senga. Metallramma vart bøygd av flammane. Noeh finn marmorsteinane sine som han leika med. Det er det einaste optimistiske funnet i askehaugane.
I eit anna rom finn han restane av PC-en. Han finn ei bok som høyrde til faren.
I tre år har Noeh og familien budd i byen Erbil, ni mil frå Mosul, dit mange kristne flykta frå Mosul og landsbyane rundt sommaren 2014.
Men det store fleirtalet av kristne har forlete landet. Av 1,6 million kristne i Irak på 1990-talet, er berre 250.000 igjen.
Ein av dei som også forlet Mosul og drog til Erbil sommaren 2014, hovudstaden i dei kurdiske områda i Irak, var den syrisk-ortodokse erkebiskopen Nicodemus Daoud. Han og presteskapet var dei siste kristne i dette kyrkjefellesskapet som drog.
I eit intervju med magasinet Stefanus seier erkebiskopen, på telefon frå Erbil, at utan internasjonale garantiar kan dei kristne ikkje bli verande i Irak. Han vil ha garantiar for ei form for sjølvstyrt kristent område.
– For oss er Irak heilagt land, våre fedrars land, vi er det opphavlege folket her, seier erkebiskopen.
Han er viss på at den irakiske hæren vil makte å kaste IS ut av Mosul.
– Problemet er IS-mentaliteten i byar og landsbyar. Dei som hjalp IS med å få kontrollen der vi budde, vil vere der framleis. Vi er redde for å dra til tilbake til Mosul og landsbyane. Vi ber verda presse på. FN må gje oss garantiar.
I dei kurdiske områda er det laga kristne militsar. Ifølgje erkebiskopen er det til lita hjelp sidan dei ikkje får lov, verken av den irakiske hæren eller dei kurdiske styrkane, til å gå inn i landsbyane dei kristne forlet.
– Vi stolar ikkje på regjeringshæren, mellom anna fordi 65.000 soldatar flykta då 300 IS-krigarar inntok Mosul i juni 2014, seier Nicodemus.
Han var i Noreg i november 2015, invitert av Stefanusalliansen. Erkebiskopen fortalde då at han kjende seg svikta av naboane. Folk han hadde vakse opp med og levd fredeleg med, angav dei kristne og hjalp IS med å plyndre kyrkjer og hus. Det gjorde sitt til at kristne blei flyktningar, i eller utanfor sitt eige land. No kan han ikkje lenger stole på nokon i Irak.
– Difor ber vi verda hjelpe oss, seier erkebiskopen i dag.