‘Trump har gjort kampen for trusfridom til eit politisk våpen’ - Stefanusalliansen
En huseier i Forest i Virginia i USA sette opp denne plakaten under valkampen i 2020.

En huseier i Forest i Virginia i USA sette opp denne plakaten under valkampen i 2020.  


Han er djupt uroleg for at kampen for trusfridom blir «kapra av krefter som brukar det som ideologisk våpen»  for kristen nasjonalisme. 

– Trusfridom er ein menneskerett for alle, ikkje eit vern for berre kristne. Men Trump-administrasjonen og andre aktørar har gjort religionsfridom til eit politisk våpen for å skaffa fordelar til eiga gruppe. Det kan gjera meir skade enn gagn, seier Dennis Petri til Magasinet Stefanus. 

Han er direktør i International Institute for Religious Freedom, med kontor i Costa Rica.  Petri seier at kristen nasjonalisme ikkje er så omfattande som mange sekulære kritikarar hevdar. 

–  Det er like fullt eit veksande problem at religionsfridom vert oppfatta som noko som er knytt til kristen nasjonalisme. Dette gjer det vanskelegare for til dømes muslimar, hinduar og jødar å stola på politisk arbeid for religionsfridom, seier Petri. 

Jesus og det frie valet 
Han håpar at «vi kan vinna tilbake omgrepet trusfridom som ein rett for alle». 

– I særleg grad må vi kristne få fram at alle må få bestemma si eiga tru. Vi trur at det å følgja Jesus er eit val som menneske berre kan ta av eigen fri vilje, seier Petri. 

President Donald Trump har oppretta ein eigen kommisjon for trusfridom i USA. Petri seier det er bra at det er folk frå ulike religionar med. 

– Eg håpar kommisjonen blir uavhengig. Men eg er uroleg for at den ikkje kjem til å verta til hjelp. 

 

Eg håpar framleis vi kan vinna tilbake omgrepet trusfridom som ein rett for alle. 

Dennis Petri 

 

«Kristne ikkje forfølgde i USA» 
Han er klar på at ein mann som Eric Metaxas, «ein høgrøysta konservativ», slett ikkje er representativ for kristne i USA. Han er redd kommisjonen blir brukt som støtte for «ein konservativ agenda som hevdar at kristne verdiar er under press». 

– Ja, det er liberale grupper som har ei rigid oppfatning av sekularisme og som meiner at det ikkje skal vera offentlege uttrykk for kristen tru. Vi skal ikkje ignorera desse, men heller ikkje overdriva kor sterke dei er. Kristne blir ikkje forfølgde i USA, seier Petri. 

Trump har i tillegg  sett ned ei arbeidsgruppe eller ein innsatsstyrke («task force») under Justisdepartementet. Gruppa skal kjempa mot «ei antikristen slagside» i USA. 

Magasinet Christianity Today har henta fram tal frå det føderale politiet FBI som viser at jødar oftast er blitt utsette for religiøs hatkriminalitet i USA. Deretter kjem muslimar. Også sikhar opplever meir hatkriminalitet enn kristne. Desse tre gruppene utgjer til saman ein mykje mindre del av folket enn kristne. 

Nasjonalistane Trump og Modi 
Petri er redd for at innsatsstyrken vil «forsterka misforståinga om utbreidd aggresjon mot kristne». 

– Ein slik påstand svekkjer dessutan søkjelyset på den verkelege forfølginga kristne vert ramma av i andre land, meiner han. Eit av landa er India. 

– Prinsipielt er det ingen stor skilnad mellom Modis hindunasjonalistiske agenda for India og Trumps kristen-nasjonalistiske agenda for USA. Men medan Modis støttetroppar er valdelege, er Trumps støttetroppar stort sett ikkje det. 

Petri ser også politiske leiarar i Latin Amerika som i «aukande grad brukar trusfridom berre for å skaffa fleire veljarar og fordelar til eiga gruppe». 

– Det skadar kampen for trusfridom, åtvarar Petri. 

 

Prinsipielt er det ingen stor skilnad mellom Modis hindunasjonalistiske agenda for India og Trumps kristen-nasjonalistiske agenda for USA

Dennis Petri


 

Patriark Kirill og president Putin styrkjer kvarandre i krigen mot Ukraina. Foto: Shutterstock

Kulturkrig og militær krig 
Han er også uroleg at polarisert strid om seksualetikk, kjønnsideologi, abort og LHBT-rettar svekkjer kampen for trusfridom som rett for alle. Petri seier at progressive dreg seg unna fordi dei assosierer trusfridom med kamp for konservative synspunkt i verdisaker. 

Medan denne kulturkrigen blir utkjempa i USA og andre land, er forsvar for «tradisjonelle familieverdiar» blitt tryggingspolitikk i Russland. President Putin og patriark Kirill brukar utviklinga i Vest for å legitimera den blodige krigen mot Ukraina. Kva følgjer har dette for kampen for trusfridom? 

– Putin seier av og til ting som er sanne, utan at vi støttar handlingane hans. Forsvar for tradisjonelle familieverdiar er ingen gyldig grunn for militære intervensjonar, seier Petri og held fram: 

– At radikale sekularistar i Vest ønskjer å forby religion i det offentlege rommet og at LHBT-aktivistar kallar konservative ytringar i det offentlege for hatprat, er eit reelt problem. Putin ser dette. Men eg trur altså ikkje dette er ein stor trussel, rett og slett fordi desse gruppene ikkje er så sterke som mange trur, og fordi konservative kristne har klart å forsvara seg.

 

Trusfridommen er i global tilbakegang. Forsøk på å stoppa trenden med enkle løysingar har feila. 


Dennis Petri 

Bistandskutt rammar forfølgde 
Petri seier at Trumps harde kutt i internasjonal bistand også rammar forfølgde og fordrivne religiøse minoritetar.

– Program for jesidiane i Irak – som overlevde folkemordet til IS –  vart råka av Trumps kutt i bistand. Hadde religionsfridom vore ein verkeleg prioritet for Trump, ville slike program vore verna og ikkje blitt øydelagde av kutt som er grunngitt med kamp mot sløsing av offentlege midlar. 

 

Program for jesidiane i Irak – som overlevde folkemordet til IS –  vart råka av Trumps kutt i bistand.

Dennis Petri

 

Stille diplomati 
Petri meiner Trumps diplomati ofte handlar om høgprofilerte intervensjonar som kampanjen for å få frigitt den amerikanske pastor Andrew Brunson  i 2018. 

Brunsonsom hadde budd og arbeidd i Tyrkia i 23 år, vart arrestert i 2016 og tiltalt for spionasje og band til terror. Advokaten påviste at skuldingane var grunnlause, og viktige «vitne» trekte seg då saka kom til domstolen. Trump gjekk personleg tungt inn i presset mot Tyrkia. Brunson blei sett fri i oktober 2018. 

– Frigjevinga vart feira som ein siger for trusfridommen. Men Trumps aggressive kampanje kan ha provosert fram forverra restriksjonar for kristne og andre minoritetar i Tyrkia. Presset var audmjukande for Tyrkia. Konsekvensane var i alle fall ille. I det stille byrja president Erdogan å deportera misjonærar. Sidan 2019 er minst 170 deporterte, saman med mange familiemedlemmer, seier Petri. 

– Brunson risikerte 35 år i fengsel. Kunne saka vore handtert annleis? 

– Eg trur meir stille diplomati ville vore betre. Offentleg kritikk av regjeringar i menneskerettssaker har sin plass, men religionsfridom blir ikkje sikra gjennom å mobba utanlandske regjeringar. Mange amerikanske regjeringar, inkludert Trumps første, har verdsett kortsiktige sigrar som å få sett fri fangar. I mellomtida har religionsfridommen erodert gjennom systemisk diskriminering, nasjonalistiske rørsler og autoritære regjeringar som undertrykkjer minoritetar og deira tru og livssyn, seier Petri. 

 

Trumps aggressive kampanje kan ha provosert fram forverra restriksjonar for kristne og andre minoritetar i Tyrkia. 

Dennis Petri 

 

Dennis Petri håpar å få slutt på politisk misbruk av kampen for trusfridom. Foto: Johannes Morken

Ser få resultat av innsats
Han etterlyser klokt diplomati og politikk som adresserer dei verkelege årsakene til at religiøse minoritetar vert undertrykte og forfølgde. 

USA vedtok i 1998 ei eiga lov om kamp for internasjonal trusfridom. Pengebruken har auka. 

 – Trass i auka politisk og diplomatisk innsats under både demokratiske og republikanske presidentar, er trusfridommen i global tilbakegang.  Forsøk på å stoppa tilbakegangen med enkle løysingar har feila. Ein grunn kan vera at religionsfridom ofte blir handtert som eit ideologisk spørsmål.  

Petri, som sjølv arbeidd med trusfridom og sosioøkonomisk utvikling, slår fast at trusfridom bør vera ein integrert del av internasjonal utviklingshjelp, ikkje berre noko ein «kryssar av på ei sjekkliste». 

– Når det humanitære arbeidet til trusbaserte organisasjonar blir hindra, er det like mykje eit brot på trusfridommen som når folk ikkje har tilgang til ein bibel eller eit teologisk seminar, seier Petri. 

FØRST PUBLISERT I MAGASINET STEFANUS 5-2025