Jesidiane i Irak blei utsette for folkemord av IS.

Jesidiane i Irak blei utsette for folkemord av IS.  


Rudi Kessels underlege påstand om religionsfridomen som eit «absurd teater» (25.9.), har fått eit grundig og sakleg svar av Gro Nystuen (29.9.) 

Rudi Kessel bør løfta blikket frå Røykarkyrkja i Nederland: Korleis vil han forsvara den merkverdige påstanden i møte religiøse minoritetar som blir stempla som «ureine» av bestialske IS-krigarar? 

Religionsfridomen skal ikkje trumfa alle andre menneskerettar, slik vi såg tendensar til hos den tidlegare amerikanske administrasjonen. Den skal kunna vika, men berre dersom det «er nødvendig for å beskytte den offentlige sikkerheten, helse eller moral, eller andres grunnleggende rettigheter og friheter», som det heiter i FN-Konvensjonen for sivile og politiske rettar. 

Den motsette tendensen er endå tydelegare i land som vil underleggja religionsfridomen full politisk og religiøs kontroll. Vi kan godt snakka meir om Kina. Då treng vi meir spalteplass. 

På sida av saka 
Kessel vel for sin del å raljera. Men som Nystuen gjer godt greie for: dei absurde framstøytane vinn ikkje fram i kampen om statsstøtte. Så biletet av eit grønt spaghetti-dørslag har fint lite å gjera med kjernen i religionsfridomen. 

Vi kan heller ikkje oppheva eigedomsretten fordi grensekranglar og felling av tre utløyser «absurde teater» både i byråkrati og domstolar. Ytringsfridommen utløyser også støtt teater av høgst ulike sortar, også underlege kronikkar. Men den står sjølvsagt fast. 

Når det kjem til steinkasting i Jerusalem: Vi løyser ingenting ved å fjerna religionsfridommen. Det trengst både dialog, politikk og juss for å løysa konfliktar. Trusfridommen skal dessutan aldri brukast til å truga eller skada andre, heller ikkje med stein. 

 

Faksimile frå Vårt Land.

Kessel slår heldigvis ring om samvitsfridomen. Men det er like greitt at han ikkje eingong prøver å underleggja denne menneskeretten det same kravet til eintydig definisjon som han meiner religionsfridomen ikkje oppfyller. 

Tre sider av same sak 
Den som tek seg tid til å lesa Konvensjonen om sivile og politiske rettar (1966) vil derimot sjå at trusfridomen, samvitsfridomen og tankefridomen er tre sider av same paragraf – nummer 18: «Enhver skal ha rett til tankefrihet, samvittighetsfrihet og religionsfrihet. Denne rett skal omfatte frihet til å bekjenne seg til eller anta en religion eller tro etter eget valg, og frihet til alene eller sammen med andre, offentlige eller private, å utøve sin religion eller tro.....» 

Paragrafen står seg godt. 

Dei som utforma Menneskerettsfråsegna i 1948, var dessutan smerteleg klar over at Europa hadde sett eit industrielt folkemord av ein etnisk og religiøs minoritet. 

Det var dessutan ikkje berre som organisatorisk fellesskap jødane vart utestengde i Grunnlova i 1814 og på nytt utestengde av Quisling i 1942 – før «Donau» segla 26. november, med ventande gasskammer i Auschwitz. 
 

For altfor mange er religionsfridommen ein kamp på liv og død. Det gjeld menn som vert fengsla for trua si og kvinner som blir valdtekne av same grunn. 

 

Viktig menneskerett 
Tankane mine går også til jesidiane som vart utsette for folkemord på Sinjar-fjellet i Irak i 2014. Det skjedde ikkje fordi jesidiane hadde brukt forsamlingsfridomen. Terroren vart utløyst fordi jesidiane har ei tru som IS stemplar som «urein». Dei skulle utryddast. 

Kristne vart også truga på livet og jaga frå Mosul og Ninivesletta nord i Irak. Landet skulle reinsast. Kalifatet skulle byggjast – av og for «dei reine». 

I Egypt har IS gått dødeleg til verks mot kristne. Men det verste terrorangrepet (med over 300 dødsoffer) ramma av fredelege sufi-muslimar. 

I India vil ekstreme hindunasjonalistar at landet berre skal vera for hinduar. Det rammar muslimar og kristne i form av hat og vald. 

Ropar etter vår støtte 
Religionsfridomen er ikkje «eit absurd teater». For altfor mange er den ein kamp på liv og død. Det gjeld menn som vert fengsla for trua si og kvinner som blir valdtekne av same grunn. 

Difor reknar eg med at dei to partia som sit i Hurdal for å forhandla fram ei ny regjering, vil verna trus- og livssynsfridomen i Noreg og i verda elles. Hardt pressa religiøse minoritetar i mange land ropar etter vår støtte. 

FØRST PUBLISERT I VÅRT LAND 1.10.2021

AKTUELT

Ein flyktningleir for fordrivne jesidiar  i Irak.

Pinleg vaksine-nasjonalisme

Eg er flau over norske politikarar som vil at vaksinedosar som har gått til fattige land, heller skulle blitt brukte i Noreg.

PROSJEKT