Tryglar om hjelp til kristne i Irak - Stefanusalliansen
Maryam er ein av dei internt fordrevne kristne som lever i mellombelese leirar i Erbil-området.

Maryam er ein av dei internt fordrevne kristne som lever i mellombelese leirar i Erbil-området.  

Irak   

– Utan garantiar kan vi kristne ikkje bli verande i Irak. For oss er Irak heilagt land, våre fedrars land, vi er det opphavlege folket her, seier erkebiskopen på telefon frå Erbil, hovudstaden i den kurdiske delen av Irak, ni mil aust for Mosul.

Intervjuet er publisert i siste utgåve av Magasinet Stefanus.

Til Erbil drog han og presteskapet i samla flokk som dei siste kristne i kyrkjesamfunnet.

Vil du engasjere seg som forbønnsvenn for diskriminerte og forfulgte?

IS-mentalitet

Den irakiske hæren har i vinter saman med allierte starta offensiven for å kaste IS ut av Mosul. Erkebiskopen trur hæren vil klare det.

– Men problemet er IS-mentaliteten i byar og landsbyar. Dei som hjalp IS med å få kontrollen der vi budde, vil vere her framleis. Vi er redde for å dra tilbake til Mosul og landsbyane. Vi ber verda presse på FN for å sikre oss med garantiar, seier Nicodemus Daoud.

Av 1,6 millionar kristne i Irak er det i dag 250.000 til 300.000 igjen, ifølgje erkebiskopen. Framleis dreg kristne som føler det ikkje er noka framtid.

I dei kurdiske områda er det danna kristne militsar. Men ifølgje erkebiskopen er det lite hjelp sidan dei ikkje får lov verken av regjeringshæren eller dei kurdiske peshmergastyrkane til å gå inn i landsbyane dei kristne forlet.

– Vi stolar ikkje på regjeringshæren, mellom anna fordi 65.000 soldatar flykta då 300 IS-krigarar inntok Mosul, seier Nicodemus.

Vil du støtte arbeidet som modige mennessker gjør for forfulgte? Bidra her
Svikta
Han var i Noreg i november 2015, invitert av Stefanusalliansen. Han deltok på seminar og møte og i fakkeltoget for dei forfølgde i Oslo.

Daoud fortalte at han kjende seg forrådt av naboane. Folk han hadde vakse opp sammen med og levd fredeleg saman med, angav dei kristne og hjalp IS med å plyndre kyrkjer og hus. Dei gjorde sitt til at kristne blei flyktningar. No kan han ikkje lenger stole på nokon i Irak.

– Difor ber vi verda hjelpe oss, seier erkebiskopen i dag.

World Watch Monitor skriv på si side at den katolske kyrkja er kritisk til ein eigen enklave for ikkje-muslimar. Steven Rasche som leier det katolske hjelpearbeidet i Erbil-området, seier at sjansen for at kristne vender tilbake til Mosul er omlag «ikkje-eksisterande».

Fleire dreg?
Skrikande mangel på naudhjelp kan få endå fleire kristne til å forlate Irak. Det fryktar kyrkjelege hjelpearbeidarar i Irak.

– Situasjonen i Irak er svært sårbar, ikkje berre for dei internt fordrivne menneska, men også for det kurdiske samfunnet som husar dei, seier ein talsmann for HMK, Hilfe für Menschen und Kirche, til Stefanusalliansen.

Kristne og andre folkegrupper frå Mosul og landsbyane aust for Mosul flykta etter at IS rykka inn sommaren 2014. Svært mange av dei internt fordrivne bur i det kurdiske området med hovudstaden Erbil.

Det er pågåande kampar i Mosul der IS vert forsøkt pressa ut. Framleis er det terrorbomber i Bagdad.

– Den største krisa er likevel heile økonomien. Dei fleste som får løn i dei kurdiske områda, er offentleg tilsette. Lønene er kutta til 30 prosent av det dei var før. I den private sektoren er det mange butikkar som slit med å overleve fordi folk ikkje har pengar til å handle for. Den økonomiske krisa rammar difor både kurdarar og dei internt fordrivne på flukt som bur i dei kurdiske områda, seier HMK-talsmannen.

Av og til får internt fordrivne matpakker. Men FN og andre hjelpeorganisasjonar er i ferd med å trekkje seg ut, delvis frå Irak og delvis frå naudhjelp. Dei vil heller satse på berekraftrig utviklingshjelp etter fleire år med naudhjelp.

– Vi prøver også å bidra til utvikling med å hjelpe folk til å starte butikkar og bakeri. Vi gjer dette i småskala for å støtte den lokale marknaden. Men folk har ikkje pengar til å handle for, så dette er svært vanskeleg, seier han.

Millionar
Fleire milliionar menneske i Irak har framleis behov for naudhjelp, meiner han.

– Media har lite søkleys på Irak. No er merksemda retta mot Trump og Brexit og slike spørsmål. Difor slit vi med å få bidrag til den hjelpa folk i Irak treng. Vårt fokus i HMK er å hjelpe kristne og lokale kyrkjer til å overleve. Alle leiarane tryglar oss om å halde fram med naudhjelpsinnsatsen. Dei vil gjerne at meir skal gjerast for utvikling, men dei vil ikkje at det skal gå ut over naudhjelpa, seier HMK-talsmannen og legg til:

– Dersom vi ikkje hjelper, vil fleire kristne prøve å komme seg ut av Irak, til Europa. Vi vil gjere det vi kan for at dei skal bli råd å leve i Irak. Dei kristne er ikkje klare til å vende tilbake til heimane sine, til dømes i Karakosh.

Stephen Rasch som leier hjelpearbeidet i det katolske bispedømet i Erbil, åtvarar mot at storparten av dei attverande kristne har forlete Irak innan eit år dersom ikkje hjelpearbeidet vert trappa opp. Det skriv World Watch Monitor.

Hjelper heim

HMK set no i gang eit arbeid for å hjelpe folkegruppa kakai heim til landsbyane dei måtte flykte frå då IS kom. Dei er 15 000 menneske. Kakai-folket er bønder og har bestemt seg for at det er betre å reise heim til jordbruket enn å vere internt fordrivne: Dei kan ikkje overleve som i Erbil-området. Dei må betale husleige, og får ikkje det dei treng av hjelp frå det internasjonale samfunnet.

På same måten som yezidiane, er kakai-folket kurdarar, men ikkje muslimar. Dei har ein gamal religion, nokre av dei er også kristne.

– Dei får no hjelp av kristne til å vende heim, og det er dei takksame for. Vi ønskjer å hjelpa. Prosjektet vårt går ut på å reparere vass- og straumtilførsel, reparere hus, gjenoppbyggje skular, få i gang att medisinske klinikkar og reparere vegar.

Første fase i prosjektet har start no i mars, med vatn, straum og vegar. Så kjem neste fase i juni. Folk vil gjerne vere heime før september.

– Dette eit dessutan pilotprosjekt. Dersom dette feilar, vil det i alle fall vere uråd for dei kristne å prøve å vende heim i neste omgang.

AKTUELT

Prosjekt