Mange indiske kristne ber krossen med ein risiko vi ikkje tek.

Mange indiske kristne ber krossen med ein risiko vi ikkje tek.  


TV-serien «Lykkeland» gav oss møte også med bedehuskulturen i Stavanger på 1960-talet. Oljealderen gav byen nye verdiar. Det vart færre bedehus og fleire barar.

Eg skal ikkje dvela verken ved dagens kyrkjeliv eller ved livet på bedehusa då Shell og Phillips skapte ein tørst som berre kunne sløkkjast av heilt nye kjelder. 

Men retten til å samlast på det som seinare blei bedehus og frikyrkjer, vart kjempa fram i ein hard og brutal strid. Den same kampen står under heilt andre himmelstrøk i dag.

Fengsla
150 år oljeindustrien blei ein dominerande maktfaktor bak eit kulturelt og politisk skifte, var det som seinare skulle skje på norske bedehus, strengt forbode. Noreg var ved inngangen til 1800-talet religiøst sett autoritært.

Hans Nielsen Hauge utfordra den lutherske og dansknorske statsreligionen. Han nekta å bøya seg for konventikkelplakaten, innført i 1741. Det var strengt forbode for lekpredikantar å snakka om tru og bibel for folk utan at presten hadde godkjent det. 

Så kom det vanheilage tospannet – presten med lensmannen på slep – til samlingane Hauge heldt i private heimar. På sju år, før 1804, hamna Hauge ti gonger i fengsel, nokre veker kvar gong. Folket skulle tru nett slik stats- og kyrkjemakta ville.

 

Så kom det vanheilage tospannet – presten med lensmannen på slep.

 

Ekstremist-trussel
I 1804 hadde biskop Peder Hansen i Kristiansand fått nok. I eit harmdirrande brev til Det Danske Kanselli åtvara han mot Hauges «fanatiske lære». Biskopen refsa «svermeren» og emissærane hans. Dei skapte «mistillit mot Statens øverste autoriteter og særlig lærerstanden». Det var prestane si makt biskopen var uroleg for. Faren var uhyrleg, for det ser «ut som Hauge har valgt å ligne muhammedaneren Abdul Vechab».

Abdul Vechab heitte eigentleg Muhammad ibn Abd al-Wahhab. Han grunnla wahabismen, den strenge og «reinsa» forma for islam som vart og som er statsreligionen i Saudi Arabia. Frode Ulvund har i Historisk Tidsskrift vist at åtvaringane som sultanen i Istanbul spreidde mot wahabismen, stod å lesa i avisene på den tida Hauge verka.

Tek vi biskopens harde samanlikning inn i vår tid, likna altså Hauge på mannen som vart ideologisk grunnleggjar av terrorrørsla IS. Så grovkorna og uhyrlege åtvaringar tydde altså ei redd og kontrollerande makt til for å stogga ein strikkande predikant som forkynte Guds ord og jamvel skapte arbeidsplassar.

I 1804 blei Hauge dømt og sat i fengsel fram til 1811. I grunnlovsåret 1814 var Hauge midtvegs i eit to år langt slaveri. Først i 1842 vart konventikkelplakaten oppheva. Tre år etter blei det lov å etablera frikyrkjer.

Mørke flekkar
Den kristne arven har gjennom hundreåra gitt landet rike impulsar og viktige bidrag til utviklinga av samfunnet. Men statsstyret har mørke og vonde flekkar i møte med minoritetar – både kristne med avvikande syn og menneske av anna tru, som jødar. Denne påska bør vi hugsa på at menneske i land som Iran og India kjempar for retten til å samlast utan å bli trakassert av autoritær religiøs og politisk makt.

Det shia-muslimske prestestyret i Iran har godkjent tre minoritetar som får vera andreklasses borgarar. Små historiske kyrkjer for etniske minoritetar kan ha gudstenester og feira jul og påske, men dei må halda seg innandørs og bruka sitt eige etniske språk. Nasjonalspråket farsi må dei halda seg unna.

Folk som evangeliserer blant muslimar, vert taua inn i vekelange arrestasjonar, slik Hauge blei før 1804. Denne påska sit fleire leiarar fengsla med straffer på lengde med straffa som ramma Hans Nielsen Hauge i 1804: Pastor Yusuf Nadarkhani er dømt til ti års fengsel to to års indre eksil. Iran er ikkje eit «ferieparadis» for dei som opponerer. Bahaiar har det like ille som konvertittar.

 

Denne påska sit fleire leiarar fengsla med straffer på lengde med straffa som ramma Hans Nielsen Hauge i 1804.

 

Truslar og vald
India er midt i eit nasjonalt val. Landet har verdsett religiøs fridom. Men det hindunasjonalistiske partiet BJP, som har styrt sidan 2014, har fyrt opp ein farleg religiøs nasjonalistideologi: for å vera ein god indar, må du vera hindu. Politisk og religiøs makt går hand i hand, ekstremistane får straffefritt driva med truslar og vald mot minoritetar.

2018 vart eit toppår for verbale og fysiske åtak på muslimar og kristne, melder organisasjonen Open Doors i rapporten «We are Indians too» («Vi er også indarar»). Åtte indiske delstatar har dei siste åra vedteke forbod mot å skifta tru – frå hinduisme til kristendom eller islam, vel å merka, den andre vegen er heilt i orden.

I delstaten Tamil Nadu har politi i eitt tilfelle og ekstremistar i eit anna nyleg brote opp bønemøte. 19. mars drog inntrengjarar bedande kristne ned trappene i ein heim som var gjort til bedehus. Dei sette fyr på biblar og songbøker, melder Christian Solidarity Worldwide.

Sviktar
Vi nordmenn kan i påska feira fridommen til å ikkje å tru og til å tru slik dei vil utan at religiøs og politisk makt eller ekstremistar brasar inn. Andre stader lever kristne nettopp på langfredag med ei lidingssoge som rammar dei.

Mange regime brukar truslar og vald for å knusa det som hos oss etter hard kamp blei retten til å samlast, først for menneske med avvikande kristen tru, seinare for minoritetar med anna tru. Den fridommen må vi kjempa for, same kva vi tenkjer om livet på Stavanger-bedehusa på 1960-talet.

FØRST TRYKT SOM KRONIKK I STAVANGER AFTENBLAD 20. APRIL 2019

 

 

AKTUELT