Vårt Land, holocaust og jødehat – behov for å rydda i eige hus - Stefanusalliansen
773 norske jødar blei deporterte til Hitlers konsentrasjonsleirar, dei fleste til Auschwitz-Birkenau. Det opptok ikkje den nystarta avisa Vårt Land i 1945.

773 norske jødar blei deporterte til Hitlers konsentrasjonsleirar, dei fleste til Auschwitz-Birkenau. Det opptok ikkje den nystarta avisa Vårt Land i 1945.  

Norge   

Vårt Land feirar 80 år. Avisa er like gamal som freden – og like gamal som dødsdommen mot Vidkun Quisling. Vårt Lands første utgåve, 31. august 1945, kom akkurat i tide til å dekkja landssviksaka mot Quisling. På leiarplass 11. september fekk dødsdommen full støtte – med dødsstraff vart folket «hurtig og greit... ferdig med landsforræderen..». Leiarskribenten kommenterte at dommen var «enstemmig, bortsett fra et par betydningsløse punkter».

Eit av desse «betydningsløse punkter», var dette: Quisling vart frikjent for med forsett å ha medverka til å drap på norske jødar.

Leiarartikkelen nemnde ikkje drapa på norske jødar med eit ord. Det gjorde oppsiktsvekkjande nok heller ikkje Vårt Lands historieskrivar Per Voksø 50 år seinare. Til jubileet i 1995 skreiv han boka «I strid siden freden». Voksø brukte fleire sider til å skildra striden om kino-annonsar i avisa. Men det var taust om Vårt Lands syn på drapa på jødane og antisemittismen som overlevde Holocaust.

I mai for drygt to år sidan skreiv eg om dette i ein gjestekommentar. Ved hjelp av historikar Kjetil Braut Simonsen («Historie og moral», 2020) viste eg også til andre leiarartiklar. Avisa vart av kritikarar skulda for å spreia klassisk antisemittisme.

Sjefredaktør Bjørn Kristoffer Bore svarte at var ubehageleg trist å lesa at avisa bagatelliserte massedrapa på norske jødar. Bore skreiv at avisa med rette vart kritisert for å gjera jødane kollektivt ansvarlege for terrordrapet på grev Folke Bernadotte i 1948.

I alle dei 50 åra eg har kjent avisa som lesar og i dei 35 åra eg var tilsett, stod Vårt Land støtt i kampen mot antisemittismen. Ikkje noko tyder på at Vårt Land var ei antisemittisk avis i åra like etter krigen heller. Men som Bore erkjente, verknaden av å publisera antisemittisme kan vera den same.

Bore var tydeleg på at Vårt Lands historie burde undersøkjast nærare for å sjå om det handla om meir enn isolerte enkelt-tilfelle. Spørsmålet om å gje ut ei ny og oppdatert historiebok til 80-årsjubileet var for stort til at Bore ville ta standpunkt i mai 2023. Han skreiv like fullt at Vårt Land måtte «rydde i eget hus. Hvor, hvordan og når må vi komme tilbake til. Lar vi våre egne synder fra fortiden hvile, vil det gå ut over vår troverdighet når vi fordømmer lignende antisemittisme i dag.»

Avisa blei nyss kritisert av Michael Gritzman for å ha publisert eit debattinnlegg som han meinte nører opp under gamle fordommar mot jødar, altså ein fersk variant av kritikk avisa fekk like etter krigen.

Debattleiar Kristine Banggren Gripsgård svarte at avisa tok kritikken på alvor.  Men det sjølvkritiske innlegget nemnde ikkje kva avisa eventuelt har gjort for å følgja opp det sjefredaktøren skreiv i 2023. Noka ny historiebok til  jubileet i år blei det ikkje, etter det eg har fått med meg.

Kanskje har avisa leita og ikkje funne meir farleg grums. Kanskje er det noko eg har gått glipp av. Eg er likefullt nyfiken på kva jubilanten har gjort for «å rydde i eget hus».

FØRST PUBLISERT I VÅRT LAND, 4.9.2025

AKTUELT

Tonje Brenna er nestleder i Arbeiderpartiet og arbeids- og inkluderingsminister.

Farlig taushet om trosfriheten

Tonje Brenna og Aps programkomite byttet ut trosfriheten med forhandlingsretten. Også Høyre droppet trosfriheten i utkast til nytt partiprogram.