– Vestens kristne, hjelp oss å bere krossen
– Vesten må ikkje la muslimar flest svare for terroren, seier biskop Thomas i Egypt.

I februar 2015 la IS ut ein brutal video. 21 koptiske kristne, kledde i oransje, vart halshogde av svartkledde, tildekte menn på ei strand i Libya. Mange i vest orka ikkje å sjå videoen. I Egypt gjorde mange kristne nettopp det. I eit intervju som skribenten Katja Buck har publisert hos Kirkenes Verdensråd, forklarar biskop Thomas:
– Dei delte lidinga. I det knivane skulle kutta hovuda, kunne dei som såg videoen, observere dei 21 uttale namnet Jesus. Nokre dagar etter vart dei 21 erklærte som martyrar av den koptiske kyrkja.
Vaknar
I vinter vart sju kristne i Nord-Sinai kaldblodig skotne av IS-krigarar. No i mai blei ein åttande drepen.
– Dei drepne er martyrar, uttalte biskop Thomas til Magasinet Stefanus i mars.
– Drapa er ikkje dei første og ikkje dei siste. Eg håpar verda vaknar og tek fundamenatalismens fare mykje meir alvorleg, sa biskopen, Stefanusalliansens partner i Egypt.
Då drapa i Sinai pågjekk i februar, offentleggjorde IS ein video der mannen bak ei sjølvmordsbombe i Kairo i desember – med 29 drepne som resultat – uttalte at IS ville drepe fleire kristne. Palmesøndag skjedde det. I sjølvmordsaksjonar mot to koptiske kyrkjer vart minst 49 drepne.
– Dei vonde kreftene skal ikkje få setje frykt og hat i oss, uttalte biskop Thomas til Magasinet Stefanus.
I intervjuet for Kirkenes Verdensråd, gjort 26. mars, seier Thomas at i martyriet finn vi både krossens smerte og frelsesgleda.
– Etter ein slik tragedie seier vi at folk ikkje skal vere redde. Mordarane kan ta kroppen, men kva anna kan dei ta? Når du ikkje er redd, er du i stand til å elske, tilgje og vise styrke. Historia om dei 21 starta lenge før dagen på stranda. Dei blei kidnappa og torturerte for at dei skulle skifta tru. Men mennene bad og løfta augo. Då blir det som skjer på jorda smått.
Hjelper
På spørsmål om kva kyrkja gjer for dei som mistar sine, svarar biskopen:
– Vi tek vare på familiane, åndeleg og finansielt. Tapet av eit familiemedlem kan vere økonomisk katastrofalt. Dessutan tilbyr vi traumebehandling og pastoral omsorg slik at familiane ikkje skal kjenne seg åleine. For det tredje arbeider kyrkja for menneskerettar. For det fjerde vil vi at kjærleiken skal rå. Alle er i ein sirkel av kjærleik og tilgjeving, jamvel mordarane.
Krossen
Biskop Thomas påpeikar at frykta invaderer Vesten etter fleire islamistiske terrorangrep.
– Det er dette terroristane vil. Får frykta styre, vil generalisering lett ta over. Det er lett å tenkje at alle muslimar er vonde. Men dette er urettferdig. Kyrkjene sitt svar må vere at fryktbodskapen må stoggast. Kyrkjene i vest treng ikkje sjølve å bli krossfesta for å forstå martyriet. Men dei kan hjelpe oss å bere krossen, slik Simon frå Kyrene gjorde. Han vart henta ut av mengda og tvinga til å bere Jesu kross. Å bere krossen kan vere ei velsigning for kyrkjene i vest. Martyrane sender eit rop. Spørsmålet er om vi lyttar eller ikkje, seier biskop Thomas til Katja Buck