Han angrar på at han i 1979 støtta den islamske revolusjonen - Stefanusalliansen
Mehrdad Fatehi er i dag leiar for eit teologisk senter som utdannar leiarar for huskyrkjer i Iran.

Mehrdad Fatehi er i dag leiar for eit teologisk senter som utdannar leiarar for huskyrkjer i Iran.  

Iran   

Mehrdad Fatehi var 18 år i 1979. Han gjekk i gatene i den iranske hovudstaden Teheran i protest mot sjahen. Også han helsa den islamske revolusjonen velkommen.

«Som kristen ropte eg ikkje ‘død over sjahen’, men eg støtta revolusjonen. Alle ville bli kvitt sjahen, fortel Fatehi (65).

Eg møter Mehrdad Fatehi i London der han leier senteret Pars som gjev teologisk utdanning til kristne i undergrunnskyrkja i Iran og iranske kristne utanfor landet.

Angrar
Fatehi angrar på støtta til Khomeiny. Ayatollaen skapte eit tyranni – stikk i strid med ei rekkje løfter han gav før makta var sikra av eit totalitært sjia-islamsk regime.

«Det har vore 47 års tyranni», konstaterer Fatehi.

Fatehi vaks opp i ein muslimsk familie og konverterte i unge år. Det var få konvertittar før 1979. Men helvete starta tidleg, skriv den iranske journalisten Fred Petrosian. Åtte dagar etter revolusjonen vart ein konvertitt-prest brutalt myrda i byen Shiraz. Fleire kyrkjeleiarar skulle bli myrda dei første revolusjonsåra. I nyare tid handlar det meir om overvaking, razziaer, fysisk og psykisk mishandling og fengsel i opptil 17 år.

 

Det har vore 47 års tyranni

Mehrdad Fatehi

 

Undertrykkinga av kvinner starta tidleg. Leiarar av bahai-samfunnet vart drepne. Jødiske leiarar kom under angrep. Politisk motstand skulle stoggast, også med dødsstraff.

I 47 år har Mehrdad Fatehi sett kva regimet har gjort. Sjølv valde han å dra frå landet og hjelpa iranske kristne utanfrå. Pars har hjelpt arresterte studentar og gitt sjelesorg og traumehjelp til hundrevis. Fatehi har sett det ressursrike landet bli ført til fattigdom av eit regime som har brukt ufattelege ressursar til rakettar, opprika uran og militsar i naboland.

Millionar krev eit fritt Iran. Foto: Shutterstock

Drepne
Kvar einaste gong iranarar har protestert mot diktaturet, har regimet svart brutalt. Den grøne rørsla vart slått ned etter det manipulerte presidentvalet i 2009. Titals vart drepne under protestar i 2019. Minst 500 låg døde tilbake då regimet slo ned «Kvinner, liv, fridom»-protestane i 2022. Så kom massakrane i januar: Minst 35 000 kan ha blitt drepne. På to blodige dagar.

Brutaliteten vart eit vendepunkt. For første gong byrja folk å snakka om behovet for inngripen utanfrå mot tyranniet, konstaterer eksil-iranske Mansour Borji i London i eit intervju.

Mehrdad Fatehi hastar til med å avvisa alt snakk om «heilag krig», idear som krigsminister Pete Hegseth har spreidd. Fatehi avviser at Donald Trump er «Guds mann på jorda», han vart fortvilt då Trump KI-framstilte seg som Jesus. Og han vart redd då Trump truga med å ta livet av ein heil sivilisasjon. Like eins tek Fatehi avstand frå ideen om kristen nasjonalisme, slik han tek avstand frå islamsk nasjonalisme.

«Guds raude line»
Medan vi sterkt forsvarar ikkje berre menneskerettar, men også folkeretten og er djupt urolege for farlege, globale følgjer av krigen, lyt eg ta til meg den desperate iranske forteljinga. «Krig er alltid av det vonde. Men i Iran blir folk enten drepne av regimet, eller dei risikerer død i krig», seier ein iransk kristen eg møter etter ei gudstenester i London.

 

I Iran blir folk enten drepne av regimet, eller dei risikerer død i krig.

Iransk kristen

 

Søndagen før krigsutbrotet heldt Fatehi preika i denne iranske London-kyrkja, ut frå ein tekst der Gud straffar ansvarlege for at det renn uskuldig blod. «Der går Guds raude line», seier Fatehi. Han såg rett i kameraet då at Gud ville straffa og audmjuka det iranske regimet for massakrane i januar.

Gitt den «moderiske brutaliteten» er Fatehi open for å sjå krigen – vel å merka så langt – som «rettferdig krig». Han er skuffa over at vestlege kommentarar ofte taper av syne forteljinga om «det farlege og morderiske regimet». Av den grunn kjem dei, seier han, heller ikkje til hans konklusjon.

Men Fatehi erkjenner det svake leddet i eige resonnement: Donald Trumps og Benjamin Netanyahus intensjonar. Det viktigaste for dei er ikkje av fridom for folket i Iran.

Revolusjonsgarden har handa på rattet i Iran no. Foto: Shutterstock

Ber om nytt regime
Somme eksil-iranske kristne fryktar at dei radikale som er att av regimet, har kome styrkt ut av krigen. Likevel håpar og ber dei om at regimet reelt er svekka etter angrepa. Inne i Iran ventar folk på den dagen dei kan våga seg ut for å protestera igjen, utan å bli meia ned av revolusjonsgarden.

Dei få kristne som Pars  har klart å få kontakt med i Iran der internett og mobilnett er stengt, fortel om desperasjon under krig og diktatur. Fatehi har snakka med ein som ikkje ser noko håp dersom regimet overlever etter ein ny avtale med Vesten.

Også mine iranske kjelder i eksil tek til seg den tragiske forteljinga frå Libanon. Iran-støtta Hizbollah drog sitt eige land inn i nok ein krig. Pastor Robert Aserian som sat tre veker i ayatolla-fengsel i Teheran før han flykta, seier at han godt forstår at Israel ikkje kan leva med Hizbollah-rakettar. Han er fortvilt over at Hizbollah har teke Libanon som gissel på vegne av Iran. Men han fortel at han som armenar på besøk i Libanon møtte armenske kristne som rosa Hizbollah for å stå opp mot Israels massive øydeleggingar.

Vendt islam ryggen
Millionar i Iran har vendt all religion ryggen etter det dei har sett av ayatolla-styret. Mange hundre tusen har funne meining i kristen tru. Kor mange det er, veit berre Gud.

Men den nederlandske forskargruppa Gamaan publiserte i 2020 ei undersøking: Av 50 000 spurde identifiserte 1,5 prosent seg som kristne. I så fall er det kanskje kring ein million konvertitt-kristne – farsi-talande med muslimsk bakgrunn. I tillegg kjem kring 300 000 armenske og assyriske kristne. Dei har lov gå i kyrkjene sine –  så sant dei nyttar  etniske språk og ikkje deler trua med muslimar. Kyrkjebygga deira er forboden grunn for konvertittar. Huskyrkjer er difor einaste samlingsstaden for konvertittar. Den no døde ayatolla Khamenei stempla i 2010 stempla huskyrkjene som  trugsmål mot nasjonal tryggleik.

 

Det vil bli eit sjokk for Midtausten at Iran, som no blir styrt av ein så brutal sjia-islamistisk ideologi, har så mange som kjem til tru på Kristus, dersom dei får sjansen.

Mehrdad Fatehi
 

I ein svensk reportasje om Reza Pahlavi opererte Vårt Land nyleg med eit tal på opp mot tre millionar konvertittar. Eit så høgt tal har eg ikkje sett før, langt mindre sett nokon dokumentasjon for.

Men uansett er Iran eitt av landa med den raskast veksande  kyrkja. Fatehi trur kyrkja vil veksa endå meir etter at ayatolla-styret ein dag fell. Han er ikkje av dei som meiner at forfølging automatisk gjev kyrkjevekst.

«Sekularismen vil også veksa. Men det vil bli eit sjokk for Midtausten at Iran, som no blir styrt av ein så brutal sjia-islamistisk ideologi, har så mange som kjem til tru på Kristus, dersom dei får sjansen.»

DETTE ER EI LETT OPPDATERT UTGÅVE EIN KRONIKK FØRST PUBLISERT I VÅRT LAND 24.4.2026

Prosjekt