Biskop Thomas, her på retreatstaden Anafora, fornyar kampen for rettferd.

Biskop Thomas, her på retreatstaden Anafora, fornyar kampen for rettferd.  


Biskop Thomas i Egypt var så hardt ramma av covid-19 at han førebudde seg på å døy. Glad for at Gud gav han ein ny sjanse, ber han om fornya kamp for rettferd. 

Kyrkjefolket i bispedømet El Qusseia sør i Egypt var glad for å ha gudstenester igjen etter at det hadde vore forbode i fleire månader. Pandemien sett framleis grenser for kor mange dei kunne vera. Det var 12. august. Biskop Thomas leia gudstenesta. 

Brått fall biskopen saman midt i liturgien. 

–  Det var dramatisk for folket i kyrkja, eit sjokk, seier biskop Thomas til Magasinet Stefanus. 

Biskopen var medvitslaus i ein times tid. Legar fekk etter kvart vekt han. Dei trudde først det var hjerneslag. Han vart frakta til sjukehus i hovudstaden Kairo. Der vart det klart at biskop Thomas derimot var hardt ramma av covid-19. 

To harde månader 
Etter nokre dagar på sjukehus, vart biskopen køyrd til Anafora, retreat- og konferansestaden som han har bygt opp nord for Kairo. Der har han fått legetilsyn, medisin og anna behandling sidan dramaet i august. 

Det blei to svært harde månader. Den første månaden var biskopen heilt slått ut. Han kunne ikkje snakka med nokon, hadde tidvis høg feber og var heilt isolert. Den neste månaden var han også sjuk, men kom etterkvart litt til hektene. Men først frå midten av oktober var biskop Thomas tilbake i forsiktig arbeid. 

–  Eg var så sjuk at eg var klar til å døy. Men eg var ikkje redd for å døy, fordi livet her på jorda og livet med Gud etter døden heng nøye saman, seier biskopen og legg til: 

– Eg er svært glad for at Gud gav meg ein ny sjanse. 

 

Fattige døyr i det stille av covid-19, utan store overskrifter. Rike får god omsorg og god behandling. 

Biskop Thomas 

 

 

Ber folk passa smittevernet 
Biskop Thomas er tydeleg på alvoret i covid-19: 

– Folk må ta vare på seg sjølve og kvarandre. Dei må halda avstand og følgja smittevern-reglar. Dette er alvor. 

Biskopen har sjølv teke to koronatestar etter at han kom ut av sjukerommet. Begge var negative. 

– Eg har fått god hjelp og pleie og er betre. Men eg kan berre jobba korte dagar fordi eg blir fort sliten. Eg gjer berre det eg absolutt må og kan, seier biskop Thomas. Vi snakkar saman digitalt, første veka i november. 

Første gongen han var tilbake i bispedømmet, var nesten ti veker etter dramaet, siste helga i oktober. 

– Eg drog for å sjå korleis dei hadde det og var med på messe.  

I starten av november drog han for andre gong, no for ei veke. Han måtte få gjort papirarbeid som berre biskopen kan ta seg av. Så bar det tilbake til Anafora for kvile. 

Kampen for rettferd 
Biskop Thomas har også fått tid til å tenkja. 

– Eg tenkte på likskap og rettferd. Viruset rammar både fattige og rike. Men medan fattige døyr i det stille av covid-19, utan store overskrifter, får rike god omsorg, god behandling og god tilgang til helsetenester. Dei er heldige. Pandemien viser oss endå ein gong kallet til å arbeida for sosial rettferd og redusert gap mellom rike og fattige, seier biskopen. 

Kyrkjene i Egypt var koronastengde frå mars til juli. I august byrja dei å opna opp igjen, men med færre i kyrkjebenkane. Då biskop Thomas vart sjuk, hadde kyrkja delt søndagsgudstenesta opp i fleire messer gjennom veka. Gudstenesta då biskopen vart alvorleg sjuk, var på ein onsdag, «med nokre få hundre til stades». 

Etter den tid har kyrkjene redusert oppmøtet endå meir: Berre kvart fjerde sete vert no brukt, det må vera to meter mellom kvar. Dei fleste kyrkjene følgjer denne praksisen, seier biskopen. 
 

  • VIL DU GJE GÅVE TIL INNSATS FOR FATTIGE BARN I EGYPT? Vipps 19013
     

Uroleg for ny smittebølgje 
Biskop Thomas er uroleg for ei ny smittebølgje. Smittetala er på veg opp igjen også i Egypt, sjølv om situasjonen på langt nær er så alvorleg som i Europa. 

– Korleis var livet på Anafora medan du låg alvorleg sjuk? 

– Dei arbeidde godt og følgde godt opp programma. Anafora har gode leiarar som tok seg av alt dei måtte. Det gjev meg ro å vita at sjølv om eg ikkje var i sving, gjekk alt slik det skulle – innanfor grensene pandemien har sett for aktivitet. 

– Då smittebølgja kom i Egypt: Var det tendensar til å peika ut kristne gudstenester som syndebukk for smittespreiing? 

– Regjeringa organiserte det slik at moskear og kyrkjer vart stengde samstundes, og dei vart opna igjen samstundes. Vi slapp jakt på syndebukkar. Dette skapte fred, og det takkar eg Gud for. 

Fornya kamp for rettferd
– Kva er di julehelsing? 

– Vi må bruka jula til å ta oss godt av dei fattige og arbeida for rettferd. Vi har eit godt team for dette i bispedømmet. Eg ber om at dei sjuke blir friske, eg ber om at Gud må verna heile verda og at verda finn ei løysing på pandemien, seier biskop Thomas. 

 

FØRST PUBLISERT I MAGASINET STEFANUS 7-2020. BLI ABONNENT (GRATIS)

AKTUELT

PROSJEKT

Egypt: Stefanusbarna

På «søppelfjellet» i Kairo bor det tusenvis av kristne familier som er overlatt til å leve i, og av, storbyens søppel. Inspirert av Jesu kjærlighet har Mama Maggie gjennom tre tiår bygget opp et arbeid som kalles Stefanusbarna. Stefanusalliansen støtter dette arbeidet.