Ei kvinne les Bibelen under ei gudsteneste i ei av dei protestantiske kyrkjene i Algerie.

Ei kvinne les Bibelen under ei gudsteneste i ei av dei protestantiske kyrkjene i Algerie.  


No håpar dei å få opna igjen før påskedag. Somme syslar jamvel med tanken om å opna same kva regjeringa seier.

Dei protestantiske, evangelikale, kyrkjene i Algerie står under eit knallhardt press. Sidan 2018 har regimet stengt 13 protestantiske kyrkjer for godt.

Lever under trussel
Dei andre 34 kyrkjene som ikkje er stengde, har levd i tilsvarande fare som dei 13. Ein føresmak fekk dei då regjeringa opna samfunnet igjen i starten av februar, etter stenging under pandemien. Då måtte dei 34 protestantiske kyrkjer som ikkje har fått kroken på døra, framleis halda stengt. Moskeane og dei katolske kyrkjene fekk opna igjen.

Dette opprører Ali Khidri, direktør for bibelselskapet i Algerie.

– Rop ut på våre vegne kravet om fridom for kyrkjene og for bibelarbeidet, seier Khidri i eit videointervju med Magasinet Stefanus.
 

Må godkjennast
Ei lov frå 2006 krev at alle gudshus som ikkje er muslimske, må godkjennast av ein eigen nasjonal kommisjon. Men i ein fersk rapport skriv CSW at kommisjonen aldri møtest. Slik blir søknader om å byggja nye kyrkjer eller å få bruka bygg som kyrkjer, effektivt blokkerte.

Sidan 2006 har inga kyrkje som høyrer til den protestantiske paraplyorganisasjonen EPA fått godkjent søknader om å bruka ulike bygg som kyrkjer. Ein søknad frå 2014 om å byggja ei ny kyrkje, er ikkje behandla.

Kyrkjelydar utan godkjende kyrkjer, leiger lokale og informerer lokale styresmakter, skriv organisasjonen Middle East Concern. Men det gjev dei ikkje vern.

– Når det er uråd å få formelle løyve til å gjera noko som krev godkjenning, er kyrkjene nøydde til å operera uoffisielt. Difor er dei svært sårbare for å bli stengde, skriv CSW.

Dei evangelikale kyrkjene deler trua si med muslimar som kjem til tru og søkjer til kyrkjer. Dei katolske kyrkjene driv ikkje misjon og samlar for det meste utlendingar.

Fem års fengsel
Fleire enkeltkristne vert arresterte, bøtelagde eller fengsla. Hamid (43) fekk 22. mars stadfesta ein dom på fem års fengsel for blasfemi, etter at han delte ei teikning av profeten Muhammed på sosiale media, melder Middle East Concern. Ein kristen bokhandlar er nettopp dømt til to års fengsel og ei saftig bot for å ha «uroa muslimars tru» ved å selja kristne bøker. Ein tilsett i bokhandelen er også dømt.

Spent i kyrkjene
Og no, ved starten av påskeveka, er spørsmålet for kyrkjene dobbelt: Blir dei 13 kyrkjene aldri opna igjen? Og vil dei 47 pandemi-stengde kyrkjene få opna igjen?

Algeries kristne ventar i ekstra spenning på påskedag.

Rettelse:
Tallet opå protestantiske kirker under paraplyen EPA er 47. Av disse har 13 vært stengt, og 34 har vært åpne. I den opphavelige versjonen stod det at 47 har væørt åpne. Tallet er rettet 10.6.2021.

AKTUELT