I den kristne landsbyen Tel Skuf i Nord-Irak håpar barna på ei ny framtid. Her skal kyrkja byggja leikeplass. Men framtida er usikker.

I den kristne landsbyen Tel Skuf i Nord-Irak håpar barna på ei ny framtid. Her skal kyrkja byggja leikeplass. Men framtida er usikker.  


(Kronikk i Dagen, 11.9.2018)

I ein flyktningleir i Nord-Irak møtte eg tidlegare i år den unge mannen Sami. Han og familien hadde hatt vern her sidan dei kom seg unna då IS prøvde å utrydda folket hans, jezidiane, på Sinjar-fjellet i august 2014. Fleire tusen vart drepne eller kidnappa. Fleire hundre tusen vart jaga på flukt. Amerikanske bombeangrep og kurdiske bakkestyrkar stoppa drapsbølgja.

I flyktningleiren får Sami noko skulegang, i regi av ein kyrkjeleg hjelpeorganisasjon, Capni, som gjer det dei kan for både kristne og jezidiar. Sami vil ikkje tilbake til Sinjar. Han vil til Vesten, dersom han klarar det.

Sexslaveri
Rundt oss i flyktningleiren var det mange som svara ja på spørsmålet om dei kjende nokon som framleis var i fangenskap hos IS. Leiren ligg i byen Duhuk i den sjølvstyrte kurdiske regionen i Nord-Irak. Inne i byen fekk vi møta jezidi-jenter som hadde komme seg fri frå sex-slaveriet hos IS. Jentene slit med traumer, mistillit og frykt: Traumer etter overgrep, mistillit til muslimar og storsamfunn og djup frykt for framtida. Sinjar-området er minelagt. Landsbyane er framleis prega av krigen. Det er smått med traumebehandling.

Dette er ein del av den tragiske situasjonen for jezidiane, ein av dei hardt pressa minoritetane i Irak. Dei fleste jezidiane er kurdarar, dette er ein av verdas eldste religionar, og IS skulda dei for djeveldyrking.

Forskar og journalist Saad Salloum, som 12. september får overrekt  Stefanusprisen 2018 saman med fader Ameer Jaje for kampen for minoritetane i  Irak, fortel om djup frustrasjon blant jezidiar som framleis er internt fordrivne i Irak. (På biletet er dei saman med Hilde Skaar Vollebæk i Stefanusalliansen.)

Gravla FN
Saad Salloum var i starten av august, fire år etter at IS-angrepet på jezidiane starta 3. august 2014, til stades på fleire arrangement for å markera det jezidiane kallar eit folkemord. Under eitt av arrangementa som Salloum har skildra for Al Monitor, heldt ei gruppe unge jezidi-aktivistar ei symbolsk gravferd. Dei gravla FN. Det internasjonale samfunnet og Iraks regjering får likeleg fordelt sinne og frustrasjon over at ingen er halden ansvarleg for brotsverka.

Saad Salloum er ein av dei fremste ekspertane på situasjonen for minoritetar i Irak. Han er akademikar og journalist som aukar kunnskapen om minoritetane.  Saman med den andre vinnaren av Stefanusprisen har han  grunnlagt Iraqi Council of Interfaith Dialouge. Her er det dialog med muslimar og andre som er resepten. Men samstundes er det meir enn dialog som skal til.

Mangel på interesse
IS-barbariet i Irak er på eitt vis over. IS er nedkjempa. Men kristne og jezidiar fryktar at dei svartkledde kjem tilbake. I mellomtida ventar dei som enno ikkje har sagt farvel til Irak, på hjelp som monnar.

Minoritetane lir under mangel på interesse hos alle irakiske parti. – Minoritetane blir brukte som syndebukkar i konfliktar mellom mektige krefter, og minoritetane er offer når store, religiøse grupper i landet prøver å løysa konfliktar seg imellom, seier Salloum.

Risikoen for at viktige minoritetar i praksis vert borte frå Irak er reell. 100 000 jezidiar har forlete Irak, truleg for godt. Det er berre ein kvart million kristne igjen. Det store fleirtalet av kristne som har reist frå Irak, gjorde etter den USA-leia invasjonen i 2003, før IS. Så kom IS og nye skarar la på flukt.

Mistilliten

Noko humanitært, friviljug arbeid har funne vegar inn. I sommar varsla USA at landet vil finansiera hjelpeprosjekt for kristne og jezidiar direkte og ikkje gjennom FN.

Kampen for minoritetane blir ikkje vunnen med kortsiktige prosjekt og raskt gjenreiste hus. Dette er ei langsiktig oppgåve. Mistilliten er djup – til dei kreftene som stod bak IS og til dei som ikkje verna minoritetane mot barbariet. Forsoning er uråd utan rettferd og oppgjer

Men regjeringa i Bagdad har, ser det ut til, ingen strategi: ikkje for å stoppa den hatefulle talen som fyrte opp, ikkje for å få på plass det lovverket som kan sikra minoritetar likeverd, og ikkje for å få på plass det skulepensumet som kan læra barn respekt for andre.

Iranske pengar

I mai var det val. Ut som vinnar kom den sjia-muslimske krigsherren Moqtaba al-Sadr. Han vann på kamp mot korrupsjon og sekterisme, og han vil halda Iran unna. Den andre fløyen av sjia-islamsk politikk vil derimot gjerne gje Iran ei rolle. Det veit kristne frå Bartella på Ninive-sletta mykje om. Der står iranske pengar bak oppbygging av hus for sjia-muslimar. Irans kamp truar minoritetar.

Kvar blir det av aktørar i Vest, som svikta kristne lenge før IS – og som no tel på knappane og lurer på om det er for seint å bry seg.

For seint er det heldigvis ikkje. Det viser den tolmodige innsatsen til Saad Salloum og fader Amjer Jae. Dei treng vår støtte. Men det hastar verkeleg.

AKTUELT

PROSJEKT