Fader Ameer Jaje og Saad Salloum får Stefanusprisen for 2018. Her er de sammen med Hilde Skaar Vollebæk, konst. generalsekretær i Stefanusalliansen.

Fader Ameer Jaje og Saad Salloum får Stefanusprisen for 2018. Her er de sammen med Hilde Skaar Vollebæk, konst. generalsekretær i Stefanusalliansen.  


Saad Salloum og fader Ameer Jaje driv dialog med muslimar og andre religiøse grupper. Saman har dei stifta Iraqi Council of Interfaith Dialouge med medlemmar av ulike religiøse grupper. Dei er også sterkt engasjert i Masarat, ein ideell irakisk organisasjon som produserar dokumentarfilmar og publikasjonar som styrker trusfridomen og aukar kunnskapen om minoritetar i Irak og Midtausten.

Vinnarane av Stefanusprisen blei gjort offentleg under eit seminar i regi av HL-senteret i Oslo i dag (19. juni). Knut Vollebæk, leiar i priskomiteen, kunngjorde prisen (sjå biletet). Sjølve prisutdelinga skjer til hausten.

Fader Ameer Jaje er dominikanar-prest, akademikar og forskar. I eit intervju med Al-Monitor seier han at minoritetane i Irak lir under mangel på interesse hos alle parti og aktørar og at dei mangla vern mot folkemordet i IS-kontrollerte område. Han meiner at minoritetane blir brukte som syndebukkar i konfliktar mellom mektige krefter i Irak og at alle minoritetane er blitt offer når store, religiøse grupper i landet prøver å løysa konfliktar seg imellom.

Saad Salloum er ein av dei fremste irakiske ekspertane på situasjonen for minoritetar generelt og religiøse minoritetar spesielt. Han er akademikar og journalist som gjennom bøker, artiklar og foredrag aukar kunnskapen om minoritetane. Salloum seier at risikoen for at minoritetar vert utrydda eller forlet landet er ein trussel også mot heile Iraks identitet.

– Vi er svært glade for at priskomiteen har valt å gje Stefanusprisen for 2018 til Salloum og Jaje. I ei årrekke har dei gjort eit utruleg viktig arbeid for trusfridom og fredeleg sameksistens i Irak og Midtausten. Vi gratulerar prisvinnarane og gler oss til dei kjem attende til Noreg til sjølve prisutdelinga i september.

Det seier Hilde Skaar Vollebæk, konstituert generalsekretær i Stefanusalliansen.

Uavhengig
Stefanusprisen vart første gongen delt ut i 2005, til biskop Thomas i den koptisk-ortodokse kyrkja. Prisen blir delt ut kvart andre år til ein eller fleire personar som har gjort ein særskilt innsats i kampen for trusfridom og menneskerettar.

Prisen vert delt ut av ein uavhengig priskomité, oppnemnd av styret i Stefanusalliansen. I komiteen i år sit Erling Rimehaug, Ingvill Thorson Plesner, Knut Vollebæk (uavhengige) og Ingun Yri Øystese (frå styret).

Prisen består av 10 000 euro til den saka prismottakarane arbeider for, og eit kunstdiplom.

Den første vinnaren av Stefanusprisen var biskop Thomas frå Egypt.

I 2016 fekk Ayakan Erdemir og Mine Yildirim frå Tyrkia prisen.

I 2014 fekk Asma Jahangir frå Pakistan prisen. Ho døydde tidlegare i år.

  • LES OM ALLE TIDLEGARE VINNARAR AV STEFANUSPRISEN HER

 

Krossen på Mar Mattai-klostreret i Nord-Irak er eit symbol på at minoritetane i Irak har overlevd, men er under sterkt press. (Foto: Johannes Morken)

AKTUELT

Fader Samir i den kaldeisk-katolske kyrkja i landsbyen Enishke i den kurdiske regionen i Irak viser fram eit bilete laga av ein avdød kunstnar. Kristne er på veg mot sitt Golgata, slangen er IS og andre ekstremistgrupper, elva er Tigris som gir håp.

Djup mistillit etter IS-barbariet

Desperasjonen er til å ta og føla på blant kyrkjeleierar i Irak. Det er dessutan djup mistillit til muslimar etter IS-barbariet. Bryr vi oss ikkje når Irak snart kan vera tømt for kristne?

PROSJEKT