Fader Ameer Jaje vil ha ny irakisk grunnlov som sikrar minoritetane i landet.

Fader Ameer Jaje vil ha ny irakisk grunnlov som sikrar minoritetane i landet.  


– Eg ser lys i enden av tunnelen for landet mitt, seier dominikanarprest Ameer Jaje. Saman med forskar og journalist Saad Salloum fekk han onsdag kveld overrekt Stefanusprisen 2018 for innsatsen for trusfridom og minoritetsrettar i Irak.

IS-barbariet i 2014 kom etter tiår med kriser i Irak. Krisene hadde skjerpa spenningane mellom sunni-muslimar som var maktbasen for Saddam Hussein, og sjia-muslimar som fekk overta statstyret etter den amerikanske invasjonen i 2003.

I 2006 vart det rein borgarkrig. Ei ny grunnlov har prøvd å innføra maktdeling, etter sekteriske liner. I dei forsterka spenningane mellom sunni- og sjia-islam kom minoritetane i press. Store skarar av kristne drog frå Irak etter invasjonen i 2003.

Så kom IS-barbariet i 2014. IS er ekstreme sunni-muslimar. Nye skarar av kristne drog. Fleire hundre tusen jezidiar blei internt fordrivne etter at fleire tusen av dei var drepne eller kidnappa av IS. Fire år etter er IS nedkjempa.

Tillitskrise

– Etter IS har vi ein total mistillit i det irakiske samfunnet. Det er ei djup krise for lov og rett. Vi ser ein ustoppeleg maktkamp mellom sekteriske gruopper og ein kamp mellom desse om privilegium. Vi ser omfattande korrupsjon. Men vi ser også eit irakisk folk som i aukande grad protesterer mot styresettet med kvotar til ulike religiøse grupper og som protesterer mot korrupsjonen, sa fader Ameer Jaje på eit seminar i Oslo i går.

– Landet er i ein fastlåst situasjon. Vi har ikkje noko anna alternativ enn å byggja eit styre på like borgarrettar for alle grupper og ein forsoningsprosess, sa han.

Han var klar på at landet treng ei ny grunnlov. Dagens grunnlov frå 2005 meiner han er totalt sjølvmotseiande: På den eine sida byggjer den på islam og gjer sjaria til den viktigaste lovkjelda. På den andre sida seier den at den skal sikra minoritetane.  Grunnlova godkjenner nokre minoritetar – mellom andre kristne og jezidiar – men ikkje alle. Jødane er til dømes ikkje nemnde.

 

Ameer Jaje – nummer 3 fra venstre og Saad Salloum (nr 3 frå høgre) fekk onsdag Stefanusprisen. Til venstre Ingvill Thorson Plesner og Knut Vollebæk frå priskomiteen. Ytst til høgre Ingunn Yri Øystese frå priskomiteen og generalsekretær Ed Brown.

Nei til getto

Fader Ameer Jaje er mot å oppretta ein eigen verna region for kristne, jezidiar og andre minoritetar. Representantar for fleire av dei kristne politiske partia har kravd ein slik region på Ninive-sletta i Nord-Irak.  

- Minoritetane blir ikkje sikra i gettoar der dei skal garanterast av internasjonale aktørar. Dei må få like borgarrettar i eit nytt Irak med ei ny grunnlov som sikrar alle, seier Ameer Jaje.  Lov og rett I mai var det irakisk parlamentsval, det første etter nederlaget for IS. Utfallet følgde, til overrasking for mange, ikkje reint sekteriske liner. Vinnaren er ein tidlegare sjia-miiitsleiar som vann på eit program mot korrupsjon. Han er også mot innblanding i Irak frå sjia-styret i Iran. Det blir framleis forhandla om ei ny regjering.  

– Eg håpar ei ny regjering vil byggja på lov og rett og garantera borgarrettar for alle. I dag kjempar regjeringa berre for sine eigne, ikkje for folket. Irak treng ei grunnlov som sikrar minoritetane. Landet treng eit sivilt samfunn, eit samfunn med godt spelerom for friviljuge organisasjonar. Vi treng eit nytt skulepensum som lærer barn og ungdom om respekt for alle. Vi må arbeida med media for å skapa eit nytt Irak. I dag arbeider media for enten sjia- eller sunniparti. Men eg ser lys i tunnelen, seier fader Ameer Jaje.    
 

Saad Slalom og Ameer Jaje fekk Stefanusprisen 2018.

Mangfald

Saad Salloum brukte takketalen då han fekk prisen onsdag kveld til å snakka om Irak som eit land med plass til alle grupper. Han tek til orde for ei lov som forbyr hatprat.  

– Det er mange alvorlege fordommar i Irak i dag. Somme seier at alle sunnimuslimar er terroristar. Andre seier at alle sjia-muslimar høyrer til i Iran. Mange muslimar seier at jezidiar tilber Satan. Mange seier at kristne høyrer til ein vestleg invasjon. Vi lever i eit land der alt hatprat raskt vert omsett til vald, seier Salloum.  I dag har ulike religiøse grupper kvotar i det irakiske parlamentet. Kristne har fem plassar, jezidiar har eitt sete.  

Saad Salloum har gått inn for å gje desse minoritetsrepresentantane vetorett i viktige spørsmål som gjeld minoritetsrettar.  

– Det er ein dårleg idé. Det styrkjer den sekteriske delinga av Irak, sa Gregory Reichberg frå PRIO på seminaret i går. Han tok sterkt til orde for å styrkja minoritetane sine rettar i konstitusjon og lovverk.

 – Det er svært viktig i Irak der sunni- og sja-muslimar lenge har kappast om å visa at dei er det sanne islam. Dette har pressa minoritetane ut, sa Reichberg.  Rettsoppgjer Reichberg er enig i behovet for eit rettsoppgjer som stiller dei skuldige for IS-ugjerningane  til ansvar. Samstundes åtvarar han mot eit rettsoppgjer som ikkje berre straffar dei som var skuldige i ugjerningar, men som også dei som berre hadde band til IS-folk, til dømes gjennom ekteskap, men som ikkje var skuldige i brotsverk. Dersom alle desse også vert ramma, vil det berre bli skjerpa spenningar, sa Reicberg.  

Men han innser problemet som oppstod då muslimske naboar til kristne og jezidiar over natta, etter at IS gjekk til angrep, utførte overgrep mot dei gamle naboane sine. Hadde desse muslimske naboane venta på eit høve til å gjera urett, eller prøvde dei berre å sympatisera med IS for å verna seg sjølve? spurte Reichberg.  Men også Reichberg er optimist for Irak, ikkje minst etter møte med ungdom.  

– Folk er trøytte av sekterisk maktkamp og den omfattande korrupsjonen. Det er viktig å gjenreisa folks forpliktelse på den irakiske nasjonen og gjenreisa tilliten til statsstyret, sa han.

 

Støtt kampen for Iraks minoriteter

Stefanusalliansen støtter dem om vil gjenreise Irak mked plass for minoritetene.

Gi en gave

AKTUELT

PROSJEKT