Mama Maggie i Misjonssalen i Oslo 29. mai 2018, sammen med Eyvind Skeie. På veggen bak et bilde av ikonet av de 21 martyrene fra stranda i Libya, malt av Tony Rezk.

Mama Maggie i Misjonssalen i Oslo 29. mai 2018, sammen med Eyvind Skeie. På veggen bak et bilde av ikonet av de 21 martyrene fra stranda i Libya, malt av Tony Rezk.  


Ein video av 21 oransjekledde menn som vart førte over ei strand i Libya i 2015 før dei vart halshogne av IS, gjekk verda rundt.

Sjølv om dei vart isolerte, pressa og torturerte i dagevis, nekta dei til siste slutt å avsverja den kristne trua. Dei vart erklærte som martyrar av den koptisk ortodokse kyrkja.

20 av dei var koptiske kristne frå Egypt, den siste kom frå Ghana. Tre av koptarane kom frå den same landsbyen, El-Our, i Minya-provinsen sør i Egypt. Den egyptiske regjeringa har finansiert bygginga av ei kyrkje i landsbyen til ære for dei drepne: «Kyrkja til martyrane for trua og heimlandet.»

Barnehage

I oktober i fjor vart ei massegrav oppdaga i Libya. Etter DNA-testar av dei døde og familiemedlemmer vart det fastslått at dei døde var dei 21 frå den IS-filma halshogginga. 15. mai kom dei døde heim til landsbyane sine.

I landsbyen El-Our har Mama Maggie, Stefanusalliansens partner i Kairos «søppelby», hatt arbeid i 25 år. Ho og medarbeidarane arrangerer mellom anna barneleirar. To av dei drepne var, etter å ha starta på leirane, blitt leiarar i arbeidet til Mama Maggie, Stefanusbarna. Dei drepne hadde, saman med mange andre, reist til Libya for å skaffa pengar nok til å brødfø familiane. Mama Maggie kjende personleg sju av dei 21.

– Etter drapa besøkte vi landsbyen. Vi møtte enkene og barna. Vi bestemte oss for å opna ein barnehage for dei etterletne og for andre barn. I dag er det 75 barn, seier Mama Maggie til Magasinet Stefanus.

Heltar

Ho kallar dei 21 for «heltar av trua».

– Historia om martyrane er svært dyrebar for meg. IS ville pressa dei 21 til den ytste grensa. Men dei 21 stod imot tortur og press. Dei hadde mot, dei viste ei sterk og frimodig tru på Jesus. Det siste ordet som kom over leppene deira før dei vart drepne, var «Jesus». Vi er glad for at IS gjorde videoopptak, seier Mama Maggie.

Ho var gjest hos Stefanusalliansen i månadsskiftet mai-juni. På møta fortalde ho ei historie om mannen som IS-krigarane i Libya hadde leigd inn som vakt for dei 21. Mannen har fortalt at han i eit syn, då dei 21 skulle drepast i tur og orden, såg himmelen bli mørk. I synet steig ein svart drage opp frå vatnet for å angripa kvar av dei.

Deretter såg han ei kvit ørn stiga ned frå himmelen. Dei oransjekledde mennene vart så kvite framfor augo på han, og ein kvit hest kom til kvar av dei.

Deretter fall mannen medvitslaus om. Han vart teken til sjukehus der han ikkje sov på tre netter, han var redd og skalv. Faren trudde årsaka var noko dei kristne hadde gjort med han. Difor fekk han tak i ein kristen mann til å be for sonen. Til denne mannen fortalde så vakta  om synet han hadde sett. Denne historia har gjort sterkt inntrykk i Egypt. Mama Maggie vil ikkje seia kven mannen som fekk høyra forteljinga var, ho har heller ikkje møtt han. Trygt er det heller ikkje å stå ope fram.

– Folk må gjerne tvila på historia. Men dette er ein svært truverdig mann, seier Mama Maggie.

Mama Maggie har vore Stefanusalliansens partner i Egypt sidan 2005.

Først publisert i Magasinet Stefanus 4-2018. Bestill gratis abonnement her.

 

Mama Maggie har gjort en formidabel innsats for barn i Kairos «søppelby».

Oslo Soul Children og Oslo Soul Tween sang i Misjonssalen 28. mai 2018.

Mama Maggie og koret Gla`Vox i Gulset i Skien 31. mai 2018. Foto: Marianne Haugerud

AKTUELT

Biskop Thomas tar 6. juni i mot en ny gruppe unge gutter som på Anafora får en ny sjanse til skolegang.

Unge får ny sjanse til skolegang

Unge gutter som måtte droppe ut av skolen på grunn av familiens fattigdom, gleder seg her over å få en ny sjanse til skolegang - hos biskop Thomas.

PROSJEKT

Egypt: Stefanusbarna

På «søppelfjellet» i Kairo bor det tusenvis av kristne familier som er overlatt til å leve i, og av, storbyens søppel. Inspirert av Jesu kjærlighet har Mama Maggie gjennom tre tiår bygget opp et arbeid som kalles Stefanusbarna. Stefanusalliansen støtter dette arbeidet.