Dette terrorvarselet kom 11 dagar før påsketerroren på Sri Lanka.

Dette terrorvarselet kom 11 dagar før påsketerroren på Sri Lanka.  


Kronikk i Vårt Land 25. april 2019

Etter at den langvarige borgarkrigen mellom regjeringa og tamil-tigrane blei avslutta i 2009, har mange av oss tenkt altfor lite på Sri Lanka.

At islamistiske terroristar skulle slå til i eit massivt angrep kom heilt uventa – dersom vi ser bort frå at eit viktig etterretningsvarsel tragisk nok vart lagt i politiskuffa i Sri Lanka.

Men same kor overraskande terroren kom: Diskriminering og mindre valdsangrep retta mot kristne og muslimar har vore i vekst dei siste åra, skriv Christian Solidarity Worldwide.

Angrep kvar søndag
Kvar søndag i februar, mars og april i år – fram til og med palmesøndag – vart gudstenester forstyrra i minst ei kyrkje i Sri Lanka. «Kristne i Sri Lanka lid regelmessig under angrep på trusfridommen, men dei fleste hendingane blir aldri fanga opp i nyhendestraumen, knapt nok på Twitter», skriv den katolske menneskerettsaktivisten Ruki Fernando frå Colombo i ein større artikkel.

Metodistkyrkja i Anuradhapura vart ramma palmesøndag. Ein mobb på 20-25 personar kasta steinar og slengde rundt seg med dødstrugsmål. Mobben heldt den vesle forsamlinga og to prestar som gislar i to timar fram til politiet fekk sett ein stoppar for mobben. Den same kyrkja vart angripen av steinkasting også den siste søndagen i mars. Søndag 7. april blei gudstenesta avlyst. Biskop Asiri Perera som var til stades då mobben slo til, sa at dei truande ikkje lenger hadde nokon trygg stad for å be og feira påske. Biskopen la til at angrepet ikkje var ei isolert hending, men den siste av ei rad episodar.

Før påskedag var minst 13 kyrkjer i ulike distrikt i Sri Lanka utsette for mindre, men like fullt hatefulle trugsmål og angrep i 2019. Minst 15 saker var melde til politiet. I nokre av sakene hadde politiet nølt med å ta imot meldingane, og jamvel i nokre saker tatt stilling for mobben, skriv Rudi Fernando. Folk som straffefritt slepp unna med hatkriminalitet er eit problem.

Rotfesta vald

I ein rapport frå mai 2017 skriv den uavhengige srilankiske tenketanken Verité at «religiøs vald er djupt rotfesta». Det verste angrepet radikale buddhistar har retta mot muslimar, skjedde i Aluthgama i juni 2014. Minst fire vart drepne, 80 vart skadde og tusenvis vart heimlause.

Verité skriv at angrep på kristne i Sri Lanka er mindre kjende enn angrep mot muslimar. Forskarane har ved å dukka ned i tala, gjort to observasjonar: For det første er valden i praksis usynleg. Få merkjer seg den utbreidde lokale kvardagsvalden. For det andre skjer valden mot religiøse minoritetar systematisk og kontinuerleg over heile landet, og den involverer statlege aktørar, uavhengig av regjeringa.

National Christian Evangelical Alliance dokumenterte 972 tilfelle av religiøs diskriminering av og vald mot kristne mellom 1994 og 2014, med ein sterk vekst i slutten av perioden. Minst 195 tilfelle skjedde mellom 2015 og 2017 – det er meir enn eitt tilfelle i veka.

Ein muslimsk paraplyorganisasjon rapporterte om 450 tilfelle av intoleranse og vald retta mot muslimar mellom 2013 og 2015, går det fram av ein rapport frå Christian Solidarity Worldwide.

I 2015, etter valdsbølgja i Aluthgama, lovde president Maithripala Sieresena å styrkja kampen mot hatkriminalitet mot religiøse minoritetar. Men rapportane tyder på at dette ikkje har ført til noka endring, konstaterer Verité.

Ekstremistane
Bak mange av åtaka mot både kristne og muslimar står radikale nasjonalistiske buddhistar som vil gjera Sri Lanka til eit land berre for buddhistar.

Dei siste åra er det blitt fleire evangeliske og meir karismatiske kyrkjer. Dette har ført til meir uro, både kyrkjeleg sett og i møte med radikale buddhistar. Eit buddhistisk nasjonalistisk parti har gjort fleire forsøk på å få vedteke lover som forbyr buddhistar å skifta tru.

Dei evangeliske kyrkjene har vore mest utsette for åtak, dei historiske kyrkjene har fått leva meir i fred. Dei evangeliske har ønskt seg meir solidaritet frå dei meir historiske kyrkjene, påpeikar Rudi Fernando. Dei siste har på si side kjent på skepsis til nye former for kristendom og har også mista medlemmar, ifølgje Iselin Frydenlund (Vårt Land 24. april).

Så kom den islamistiske påsketerroren som også rammar katolske kyrkjer. Same kva motivet var og om IS verkeleg hjalp National Thowheed Jamathble:

Internasjonal islamistisk terrorisme held fram med å spreia død, kaos og frykt.

Forsterka frykt

Den srilankiske frilansjournalisten Tasnim Nazeer skriv i den engelske avisa The Guardian  at politikarar og politi i Sri Lanka lenge har gjort altfor lite for å stoppa diskriminering og forfølging av kristne og andre religiøse minoritetar. «Det vil endra seg no, men det er altfor seint», skriv ho.

Nazeer er fødd i Storbritannia med foreldre frå Sri Lanka. Ho vart oppskaka av terroren mot bedande muslimar i Christchurch 15. mars. Nazeer som sjølv er muslim, reagerte på same fortvilte måten etter terroren mot påskefeirande kristne i Sri Lanka.

Nazeer drog for ei tid sidan til Sri Lanka for å rapportera om anti-muslimsk vald, utløyst av den ekstremistiske buddhistiske nasjonalistgruppa Bodu Bala Sena. Ho merka frykta og kom over flygeblad med hatefulle angrep både mot muslimar og kristne.

Ho skriv at angrepet på metodistkyrkja i Anuradhapura palmesøndag forsterka frykta blant kristne. «Kvifor må vi venta på ein tragedie av dette omfanget for at dei mektige skal vakna opp og lytta til folket i Sri Lanka?» spør Tanzim Nazeer. Ho legg til: «Sri Lanka må stå saman mot dei som prøver å skilja oss.»

Leiarar i ulike kyrkjesamfunn har lenge vore involverte i freds- og forsoningsarbeid etter borgarkrigen. Det er utbreidd vilje til å leva i fred. Muslimar er blant dei mange som protesterer mot terroren.

Forsoningsarbeidet etter borgarkrigen må halda fram. Regjeringa i Sri Lanka må innsjå at det er behov både for sanning og forsoning – og for vern om minoritetar. I motsett fall kan det som eingong vart kalla «gledas øy», gå ei ny mørk tid i møte.