Bjørg Augunsrud, Marit Lobben og Gunvor Haug er tre av de som har stått på i fem år for gjenbruksbutikken i Veggli.

Bjørg Augunsrud, Marit Lobben og Gunvor Haug er tre av de som har stått på i fem år for gjenbruksbutikken i Veggli.  


I juni var det kome inn vel 554 000 kroner frå gjenbruksbutikken Brukt&Bra. Denne veka kom nye 54 000 kroner. I sum har Brukt og Bra i Veggli skaffa 608 000 kroner. Pengane går gjennom Stefanusalliansen, uavkorta, til arbeidet i «søppelbyen» i Kairo. I desember fylte butikken 5 år.

– Eg ante ikkje at det skulle bli så mykje pengar av dette då eg starta. Det er overraskande og moro, seier Toralill Sjaavaag. Ho tok initiativet for fem år sidan. Bruktbutikken starta 7. desember 2012.

Før ho sette i gang, bladde Toralill Sjaavaag i dei misjonsblada ho hadde. Ho kjente til Stefanusalliansen og arbeidet til Mamma Maggie og tenkte at dette var viktig og samlande. Toralill Sjaavaag ville ikkje minst støtte kristne i Midtausten.

Anna Sjaavaag syter for at alle pengane vert talde opp og sette i banken. Ho seier det er unikt at kvar einaste krone går til formålet.

Hyttefolk
Toralill Sjaavaag har seinare flytta frå Veggeli. Men ei handfull eldsjeler held det driftige tiltaket opp. Gjenbruksbutikken ligg nær eit trafikkert vegkryss. Ved sida av folk frå bygda kjem ikkje minst mange som skal på hyttene sine i fjellet eller som skal vidare oppover Numedal, innom – anten for å levere brukte gjenstandar eller for å kjøpa. På biletet øvst ser vi Bjørg Augunsrud, Gunvor haug og Marit Lobben i brutikken. (Foto: Toralill Sjaavaag).

– Folk er flinke, seier Bjørg Augunsrud, ei av dei tre faste damene som styrer butikken.

Butikken er open fire timar kvar torsdag, fredag og laurdag. Anna Sjaavaag, mor til initiativtakaren, held rekneskapen i orden og får pengane i banken.

Bjørg Augunsrud, Marit Lobben, Sverre Sjaavaag og Gunvor Haug er fire av dei som har stått på i fem år for gjenbruksbutikken i Veggli.

Uavkorta
Alt som kjem inn går uavkorta til arbeidet for barn i søppelbyen i Kairo.

Anna Sjaavaag seier at utgiftene til husleige og straumen «blir donert» slik at butikken er utan utgifter. Dottera avslører at det er mora som dekkjer desse utgiftene.

– Det er heilt unikt at kvar einaste krone som kjem inn, går til føremålet. Butikken har ikkje utgifter, seier Toralill Sjaavaag.

Sverre Sjaavaag, far til Toralill, har ansvaret for å sjekke at vaktlistene er i orden. Han steppar sjølv inn dersom det er hol. Han har også besøkt Mama Maggies arbeid i Kairos søppelby.

God utstilling
Lokalet var butikk tidlegare, men hadde stått tomt nokre år då Brukt & Bra fekk overta i 2012. Lokalet er lite, men godt plassert. Med sine store butikkvindaugo er det lett å stilla ut varer. Eit skilt ved vegen er einaste marknadsføringa, ved sida av ei side på Facebook.

– Dei som står i butikken, tel dagleg opp kassa med myntar og sedlar. Det ser ikkje mykje ut. Men på ein månad blir det gjerne 10 000 kroner, seier Anna Sjaavaag.

 

Artikkelen blei først publisert i Magasinet Stefanus 5-2017. Magasinet kommer sju ganger i året og er gratis. 

 

Ei god utstilling hjelper bruktbutikken.

AKTUELT