Ein bibel blei brent etter eit bønemøte i Tamil Nadu-delstaten.

Ein bibel blei brent etter eit bønemøte i Tamil Nadu-delstaten.  


Bak angrepet står hindunasjonalistar – krefter som spreier den sterke og aggressive ideologien om at du må vera hindu for å vera ein god indar. Det skjer stadig angrep på bønemøte, og dette støttar opp under tidlegare rapportar om rekordmange angrep på kristne – og på muslimar – i 2018.

15 personar frå Hindu Muanani (Hindu-fronten) og Visha Hindu Parishad (VHP), som er den religiøse greina av ei hindunasjonalistisk rørsle (RSS), storma inn i bønemøtet i Tamil Nadu, melder Christian Solidarity Worldwide (CSW).

Bønemøtet vart halde i heimen til ein kristen student i byen Hosur. Han hadde besøk frå India Evangelical Mission – og misjongjesten ville be saman med studenten, ein ven av studenten og ein sjuk ung slektning.

Angrep midt i bønn
Like etter at bønemøtet starta, kom inntrengjarane. Dei spurde kva mennene hadde der å gjera. Deltakarane i bønemøtet vart så  dregne ned trappa frå andre etasje og ut i gata utanfor.

Gjesten frå India Evangelical Mission hadde med seg traktatar i kofferten – som blei tømt på gata. Inntrengjarane tok med seg alle biblar og songbøker dei kunne finna i huset. Gjesten frå misjonsorganisasjonen måtte, ifølgje lokale kjelder, sjå inntrengjarane hella ei kanne bensin over og setja fyr på traktarar, biblar og songbøker.

Indiske kristne under angrep
– Alle kristne samlingar risikerer no å bli forstyrra av hindutva-krefter (hindunasjonalistar). Det er urovekkjande å sjå at slike grupper fritt kan trengja inn i heimar, stilla spørsmål ved folks tru og ta med seg litteratur meint for bøn, inkludert biblar, og så øydeleggja bøkene, seier Nehemiah Christie. Han er direktør i den indiske pinsebevegelsen – Synod of Pentecostal Churches.

Han seier til Christian Solidarity Worldwide (CSW) at den hindunasjonalistiske ideologien spreier seg i delstaten. Intoleransen er på veg framover. Dessutan er det eit veksande problem at overgrep kan skje utan at dei ansvarlege blir straffa.

Angrip trosfrihet
Han seier at hindunasjonalistane i aukande grad hissar folk opp til trakassering av og angrep mot religiøse minoritetar som berre vil praktisera sin religion og si tru i fred.

– Ein slik kultur (med trakassering og angrep) er usunn for framtidige indiske generasjonar som må vera vitne til slike grufulle handlingar. Den indiske regjeringa kan ikkje tillata at denne splittande ideologien bryt opp indisk identitet som ein historisk fredselskande nasjon. Dei må handla no.

Kristne trakasserte
Ed Brown, generalsekretær i Stefanusalliansen, og CSW-leiar Mervyn Thomas seier: – Vi er djupt urolege for at religiøse minortetar som berre utøver retten til å praktisera sin religion og si tru, blir trakasserte og angripne av ikkje-statlege aktørrar som slepp straff. Vi ber Indias regjering om å straffeforfølgja dei som er involverte i angrep på religiøse minoritetar og å handla for å sikra sameksistens av religionar i India.

Politi-ordre
24. mars vart det politiet i Tamil Nadu som slo til mot eit bønemøte i Tiruppur-distriktet. Bønemøtet vart arrangert av pinsepastor Allen Gobi i kyrkja Jesu familie. Der var det 25 menneske samla. I alt er 38 000 kyrkjelydar i Tamil Nadu-staten med i pinsesynoden: Synod of Pentecostal Churches.

Ti politifolk kom i det bønemøtet var i ferd med å starta. Dei kravde møtet stoppa, påskotet var at kristne ikkje har lov å ha gudsteneste der. Pastor Allen Gobi fortel til CSW at møta har vore haldne sidan desember 2018 og at han vedvarande har vore trakassert av politiet – som har kravd at han må skaffa seg løyve, eller stengja.