«Gåten om korset» viser veg for kyrkjefolk og musikarar i kampen for å visa at påska er viktig kristen høgtid. Biletet er frå klosteret Mar Mattai i Nord-Irak.

«Gåten om korset» viser veg for kyrkjefolk og musikarar i kampen for å visa at påska er viktig kristen høgtid. Biletet er frå klosteret Mar Mattai i Nord-Irak.  


Olav Solvang spør i Vårt Land 3. april kvifor ikkje fleire artistar gjer som Garness og lagar påskekonsert «når påsken tross alt er kristendommens viktigste høytid; det budskapet står og faller med.» Han finn dette merkeleg.

Men avisfolk, kyrkjefolk og musikarar veit samstundes at det er jula som kallar fram kjensler. Julekonsertane «skaper julestemning» – med kjende songar og sterke barneminne om gode lukter, forventning, gåver og – for den saks skuld – sårt sakn.

Dette veit også Den norske kyrkja og andre kyrkjer det meste om. Mange kyrkjelydar har rett nok sterke påskedagsgudstenester. Men det er langt mellom dei som må ha tre for å ta unna køen. Det er ikkje stor oppslutnad om krossvandringane.

Svik, tortur og drap
Langfredag handlar om svik, tortur, og drap. Det er så vondt at det er lett å gå utanom. Mange møter heldigvis påskebodskapen gjennom rike kyrkjemusikalske verk. Men det ligg mange historier og ventar om menneske som lever i lidinga i dag og lengtar etter håpet, historier som kan formidlast i nye og sterke kunstnarlege uttrykk.

I fjor fekk eg feira påskedag i Tur Abdin søraust i Tyrkia, blant syriakarar som tviheld på røtene. Det gjer dei trass i folkemordet dei kristne der vart utsette for saman med armenarane for 100 år sidan. Før folkemordet var det fleire hundre tusen kristne der, no er det 2-3000 igjen. Kor lenge blir dei verande, under vedvarande press?

Reisefølgjet vårt drog over grensa til Irak og møtte fader Yusuf på klosteret Mar Mattai. Han var klar til å døy då IS prøvde å ta klosteret i 2014. IS-krigarane blei stoppa av kurdiske styrkar rett nedanfor klostermurane.
 

Håp og frykt
Det ligg håp for kristne i Irak i at Mar Mattai klarte seg mot IS-bestialiteten. Men fader Yusuf veit ikkje kor lenge det er kristne igjen i landet. Det ligg håp i at fader Salar har bygt opp att ei kyrkje i byen Tel Skuf etter IS og krysselden mellom irakiske og kurdiske styrkar. Men heller ikkje fader Salar veit kor lenge det er kristne igjen.

Vi i vest har svikta kristne i Irak lenge. Mange hundre tusen har drege etter den amerikanske invasjonen i 2003 og etter IS. Vi har brydd oss fint lite og ikkje teke smerta inn over oss, verken på langfredag eller resten av året.

Det er ikkje mykje «åndeleg feelgood» på langfredag. Det var heller ikkje «åndeleg feelgood» på klostertaket på Mar Mattai då IS okkuperte Mosul, kjeppjaga kristne frå Ninive-sletta og drap jesidiar i 2014.

Prest og forfattar Jostein Ørum var med i reisefølgjet frå Stefanusalliansen til Tyrkia og Irak og henta materiale til dei nye songane han har skrive til konserten «Gåten om korset».

Terror mot Egypts kristne
Medan vi nordmenn skapte påskestemning i april for to år sidan, slo IS-terroristar til mot to kyrkjer i Egypt. IS veit kor viktig påska er – og valde palmesundag. I Lahore i Pakistan slo islamske terroristar til mot ein park etter gudstenesta påskedag 2016. Også der visste terroristane – tydelegvis betre enn mange nordmenn – kor viktig kristen høgtid påska er. Sjølvmordsangrepet kosta 72 liv.

Terror rammar også mange andre en kristne, og terroristane som slo til mot kristne påskedag i Lahore, drap flest muslimar. På den lange fredagen for Jesus,  kan vi gå inn i mørke, smerte, liding og død – og inn i solidaritet og fellesskap. På påskemorgon kan vi forløysa håpet. «Gåten om korset» med historier om kristne i Tyrkia, Irak og Iran tek sanneleg ikkje brodden av evangeliet.

Liding og håp
Jostein Ørum, duoen Garness og Stefanusalliansen drog i gang «Gåten om korset» i eit forsøk på å løfta påskebodskapen – i spennet mellom grufull liding og det lysaste håpet. Når «Gåten om korset» har kunna gå for fulle kyrkjer og begeistra publikum både i aust og vest, viser vel det at påska i praksis bli ei langt viktigare høgtid både i gudstenester og konsertar. Men ordet «påskestemning» må nok  få eit nytt innhald.

 

AKTUELT