Ei syrisk katolsk kyrkje i Bartella i Irak.

Ei syrisk katolsk kyrkje i Bartella i Irak.  


Bartella er ein landsby aust for den nord-irakiske storbyen Mosul. Tidlegare hadde landsbyen kristent fleirtal – då IS-terroristane slo til i 2014, var det kring 1500 kristne familiar der. Landsbyen har også hatt ein større minoritet av Shabak, ei sjia-muslimsk folkegruppe. Dei har sin eigen milits.

Få kristne har vendt tilbake til Bartella etter at IS vart jaga ut – berre kring ein tredel. Men no er det altså ein sjia-muslimsk milits som er trusselen, ikkje den sunni-muslimske terrorrørsla IS som jaga dei kristne på flukt i 2014.

Shabak-militsen Popular Mobilisation Unit Brigade gjorde sitt til å jaga IS frå Bartella. Men no nektar militsen å gje frå seg kontrollen. Militsen står i spissen for eit dramatisk forsøk på å gjera Bartella om til ein shabak-styrt, sjia-dominert landsby.

Pressa til å gje frå seg jord

Kyrkjeleiarar er urolege for at kristne i Bartella blir pressa til å gje frå seg jord. Det melder nyhende- og forbønstenesta Middle East Concern. Kyrkjeleiarane er også djupt urolege for at fleire og fleire islamske institusjonar blir etablerte i og rundt Bartella.

Statsministeren i Irak har gitt ordre om at militsen i Bartella skal innlemmast i hæren i landet. Men militsleiarane nekta. No brukar leiarane dette som argument for å styrkja presset på dei kristne endå meir – dei kristne blir skulda for å samarbeida med regjeringa for å svekkja sjølvstyret for shabak-minoriteten i landsbyen.

«Elvar av blod»

Shabak-leiarane trugar med «elvar av blod» dersom dei vert tvinga til å gje opp kontrollen over område dei har sikra seg kontrollen over. Den kristne folkegruppa kjenner verkleg trykket.

– Den store utfordringa i Bartella er dei demografiske endringane som vert gjennomførte gjennom administrative, finansielle og politiske middel og, sjølvsagt, gjennom militsmakt og innverknaen til shabakmilitsen, seier Emanuel Youkhana (biletet) til Stefanusalliansen. Han leier hjelpeorganisasjonen Capni som Stefanusalliansen støttar.

Jaga av IS

I 2014 var det innpå 120 000 kristne som blei fordrivne av IS frå landsbyar og byar på Ninivesletta i Nord-Irak. 20 000 av desse budde i storbyen Mosul, berre nokre få av dei har vendt tilbake, dels fordi byen no er sterkt islamsk dominert og fordi det er store tryggingsproblem i byen.

Berre eit fåtal familiar – av i alt 250 før IS - har vendt tilbake til landsbyen Tel Keppe som i dag vert kontrollert av sunnimuslimar som ønskte IS velkommen.

Til den største kristne byen Karakosh har meir enn to tredelar av eit folketal på 50 000 vendt tilbake. Der prøver folk å få livet til å koma i gang igjen, sjølv om det er store utfordringar knytt til gjenoppbygging og å skaffa folk levebrød.

Ber om kraft

Middle East Concern legg desse bønnebehova fram for vener av Irak:

• At kristne leiarar i Irak må kjenna Herrens visdom og rettleiing i møte med trugsmåla.

• At irakiske kristne vil stå sterke og vera Kristus-liknande vitne og kjenna Herrens vern og fred.

• At irakiske  styresmakter må lukkast i å etablera ein rettsstat der valdsutøvarane vert stikte til ansvar.

• At det irakiske samfunnet må bli meir tolerant og at skremsler og press mot kristne må stoppa.

• At kristne må kjenna seg trygge til å venda heim til Bartella.

• At alle som tyr til trugsmål og vald må bli forvandla av Guds kraft og kjærleik.


 

Gi nytt håp til kristne i Irak

Gi en gave til gjenoppbygging etter IS. Merk gaven: Irak

Gi en gave

AKTUELT

PROSJEKT