Det siste Matthew fra Ghana og de 20 mennene fra Egypt gjorde, var å bekjenne navnet Jesus.
IS vil drepe fleire kristne i Egypt
Fire kristne drepne i Nord-Sinai. IS-video truar med fleire drap av kristne.

Bildet er ein skjermdump frå Twitter av ein video frå IS-gruppa i Sinai, den truar med å drepe fleire kristne koptarar og «frigjere Kairo».
Militante islamistar skaut og drap ein koptisk kristen lærar på veg til arbeid nord i Sinai torsdag. Dette var det andre drapet på ein egyptisk kristen på mindre enn ei veke, melder telegrambyrået Associated Press.
Det er fykt for fleire drap, ifølgje talsmenn for styresmaktene, skriv telegrambyrået.
Gamal Tawfiq (50) blei skoten i hovudet av to gjerningsmenn på motorsykkel. Dei følgde etter han på vegen til skulen El-Samran i kystbyen El-Arish. Byen ligg sørvest for Gaza-stripa.
Det var ingen som straks tok på seg skulda, men ein talsmann for tryggingsstyrkane hadde ei IS-celle i Sinai som første mistenkt, melder AP.
Søndag for vel ei veke sidan vart ein koptisk kristen veterinær drepen i den same byen, og i slutten av januar vart ein koptisk kjøpmann skoten ned og drepen i butikken han dreiv. Tryggingsstyrkane har islamistar øvst på lista over mistenkte også i desse tilfella.
Valdsbølgje.
Den nordlege Sinai-halvøya er blitt prega av mange valdsåtak etter at Hosni Mubaraks regime blei velta i 2011. Militante islamistar har fått eit sterkt fotfeste i denne delen av Sinai.
Dei fleste kristne i Egypt støtta – saman med mange muslimar – hæren då hæren tok makta frå den islamistiske presidenten Mohammed Morsi i 2013. Det har ført til fleire islamistiske åtak på kristne.
– Lenge var skyteepisodar mot kristne og drap på kristne sporadiske. Men i det siste har vi sett ein auke i slike åtak, ein auke eg er redd vil halde fram i El-Arish, seier Isaq Ibrahim til AP. Han er forskar ved Egyptian Initiative for Personal Rights.
Middle East Concern melder at kristne i området ber om forbøn etter desse drapa. Middle East Concern rapporter om eit fjerde drap i nordlege Sinai i slutten av januar, i tillegg til dei tre telegrambyrået AP har meldt om.
19. februar, tre dagar etter det siste drapet, distribuerte IS ein video som oppfordrar til drap på fleire kristne i Egypt. Videoen hevdar å vise eit opptak av sjølvmordsbombaren som sprengde seg sjølv i ei kyrkje like ved den koptiske katedralen i Kairo 11. desember i fjor. Han drap 29 menneske. Opptaket skal vere det siste sjølvmordsbombaren sa før han utløyste bomba og tok 29 med seg i døden. IS tok på seg ansvaret for angrepet på kyrkja.
«Til sist, til mine brør i fangenskap, gled dykk, de truande, ikkje sørg. Eg svergjer ved Gud at vi snart vil komme for å frigjere Kairo og fri dykk frå fangenskapet. Vi vil komme berande med eksplosivar, eg svergjer at vi vil, så gled dykk, de truande», skriv telegrambyrået Reuters.
Den egyptiske regjeringa skulda Brorskapet for å stå bak, men Brorskapet tok avstand frå kyrkjebombinga og skulda regjeringa for å svikta tryggingsoppgåvene sine.
IS omtalar i den ferske videoen dei koptiske kristne som «vantruande» som vil styrkje Vesten mot dei muslimske nasjonane. Det blir sagt at dei kristne ikkje lenger er «dhimmi» - eit omgrep som innan islam blir brukt som ikkje-muslimar med eit visst vern.
«Gud gav ordre om å drepe alle vantruande», seier ein islamistisk militant med ei AK-47-rifle over skuldra, skriv Associated Press, sitert av Associated Press, sitert av The Times of Israel.
Konfrontasjon
Men valdsbølgja i El-Arish handlar også om ein blodig konfrontasjon mellom væpna islamistar og egyptisk politi og tryggingsstyrkar. Ein sjølvmordsbombar angreip ein politistasjon i byen 9. januar og militante islamistar gjekk etterpå til åtak, melder BBC.
15. januar melde Al Jazeera at tryggingsstyrkane skaut ned og drap ti ungdommar. Tryggingsstyrkane kalla dei «terroristar» og at dei var med i ei væpna gruppe som angreip tryggingsstyrkane. Kritikarane kallar derimot dette drap utan rettargang og kravde rettssak mot dei som stod bak drapa på dei ti.
I haust brukte Egypt flyvåpnet for å angripe posisjonar til islamistiske terroristar i Sinai. IS-folk har utførte fleire hundre angrep på egyptiske styrkar i Sinai dei siste åra.
Rapport.
Sist veke kom rapport om både positive og negative trekk for trusfridommen i Egypt. Christian Solidarity Worldwide uttrykte uro for sekteriske drap og blasfemiskuldingar.