Her forstyrrar kinesisk politi ei juleførestelling med julesangar på Wanda-torget i byen Xiamen.  Foto frå Twitter

Her forstyrrar kinesisk politi ei juleførestelling med julesangar på Wanda-torget i byen Xiamen. Foto frå Twitter  


Presten i ei av tre registrerte kyrkjer i ein bydel i Fuzhou i den kinesiske Fujian-provinsen fekk politifok inn gjennom kyrkjedøra tre gonger berre på julekvelden. Offisielt kom politiet for å sjekka smittevernet. Dei to andre registrerte kyrkjene i den same delen av byen, måtte setja kroken på døra i jula.

Fuzhou, som er hovudstad i Fujian-provinsen, har mange registrerte protestantiske kyrkjer (Tre sjølv-kyrkjer). Byen har 1,2 millionar innbuarar, men i heile storbyområdet bur det over 5,7 millionar. I byen fekk berre tre kyrkjer vera opne i jula, melder presten. Informasjonen har eg frå ei kyrkjeleg kjelde som både har budd i Kina og har gode kontaktar i landet.

Opprørspoliti og juletre
Utanfor den kjende, registrerte katolske Xishiku-katedralen i den Beijing stod opprørspoliti og stengde kyrkjedørene. Det blei inga jul i kyrkja, skriv det nettbaserte magasinet for trusfridom, Bitter Winter.

Ved St. Joseph's Church, også i Beijing, vart eit juletre brukt til å blokkera inngangen. Plakatar forkynte at det vart ingen julegudstenester – på grunn av pandemien. Her var det ikkje opprørspoliti, kanskje fordi kyrkja ligg i eit populært område for utanlandske turistar og journalistar, skriv Bitter Winter.

Pandemien krev sitt. Men det kinesiske kommunistpartiet misbrukte pandemien som eit kraftfullt påskot for å skru ekstra til undertrykkinga av den kristne julehøgtida. Det er alle kjelder eg har snakka med klare på.

Kontakten som har fått ut informasjon frå byen Fuzhou, seier at restriksjonane i julehelga «ikkje har noko med covid-19 å gjera». Kommunistregimet ser på jula som ein «utanlandsk festival». I staden skal tradisjonell kinesisk kultur dyrkast fram som ein del av det nye Kina som president Xi Jinping vil skapa. Og der skal kristendom og anna religiøs tru vera til for å støtta sosialismen eller stengja dørene.

Kampanjen mot jula starta i 2017 og vert følgd opp meir militant år for år, seier kjelda. I år gav pandemien eit ekstra påskot for å skru til både mot juleutstillingar julepynt og gudstenester.

Måtte leita etter open kyrkjedør
Ein skribent på China Source, som følgjer kyrkjelivet i Kina tett, skriv om ønsket om å gå til kyrkje i Beijing på julekvelden og juledag. Vedkomande hadde plukka ut tre sentrale kyrkjer i Beijing. Men ingen av dei hadde setereservasjon på den offisielle nettsida Beijing Religious Places Reservation. Til si store overrasking oppdaga vedkomande at kyrkja han valde å gå i, derimot hadde starta før jul med setereservasjon ved kyrkjedøra.

Han fekk plass og klar beskjed kor han skulle sitja. Det vart også gjort klart at det var forbode å ta foto og publisera dei, sjølv på den statsgodkjende WeChat-plattforma. Gudstenesta var først og fremst korsong, den vart også lagt ut online.

Etterpå fann han meldingar frå dei andre kyrkjene han hadde vurdert, om at dei på grunn av pandemien, hadde måtte avlysa gudstenestene. I praksis var det ingen nye smittetilfelle i Beijing på denne tida, ifølgje ein pressekonferanse om kvelden 23. desember.

Likevel blei mange kyrkjedører likevel stengde i høgtida. Det var, skriv Bitter Winter, ei rad andre arrangement innan politikk og kultur som fekk halda ope.

Gateprotest mot jula
I fleire gater i Beijing kunna Bitter Winters korrespondent sjå demonstrantar som bar slagord om at jula måtte forlata Kina. Det skulle sjå ut som ein «spontan gateprotest». Men som Massimo Introvigne legg til: I Kina finst det ikkje spontane gatedemonstrasjonar. I så fall ville demonstrantane blitt arresterte straks. Protestane var organiserte for å skapa inntrykk av at den politiske kampanjen mot jula har folkeleg støtte. Den støtta varierer nok sterkt, for å seia det mildt.

Hos oss er jula fest for barna. Men i Kina er det lovforbod mot at unge under 18 år får gå i kyrkjer. Dette vert følgt strengare opp, jamvel om mange kyrkjer går rundt forbodet og situasjonen varierer frå provins til provins.

Verre enn på lenge
Bitter Winters korrespondentar seier at denne jula var verre enn på lenge. Massimo Introvigne i Bitter Winter skriv at pastorar i fleire huskyrkjer og katolske dissidentprestar blei sette i varetekt, for å sikra at dei ikkje leia julefeiring. Også her er nok situasjonen ulik frå stad til stad.

Pastor Wang Yi i den uregistrerte kyrkja Early Rain i Chengdu sat derimot i fengsel, også denne jula. Kyrkja vart raida av politiet og stengt i desember 2018 – som ei hardhendt markering av ei då fersk religionslov. Like før jul i fjor vart fleire medlemmar av kyrkja truga av politiet med å bli kasta ut av Chengdu. Ei Facebookgruppe for forbøn for Early Rain, melder dette.

Kina har opplevd formidabel kyrkjevekst. Mange frimodige kristne finn gode måtar å leva ut trua på på. Ikkje få seier at forfølging er det kristne må leva under. Vår plikt er likevel nestekjærleik og støtte.

FØRST PUBLISERT I DAGEN 28.1.2021

AKTUELT